Forsiden

Høringssvar fra Volda kommune

Høyring - ny kommunelov

Dato: 06.10.2016

Svartype: Med merknad

 Volda formannskap viser til kommunelovutvalet si innstilling og debattgrunnlaget frå KS og har slike innspel til arbeidet med ny kommunelov:

1. Utvalet foreslår å endre tittel til øvste administrative leiar i kommuneorganisasjonen frå rådmann til kommunedirektør. Dette er ein tittel som i dag er nytta på ulike nivå for kommunale leiarstillingar. Ei slik endring vil skape forvirring. (NOU kap. 8.5)

2. Gjeldande rett med å kunne delegere lovpålagte oppgåver til eigne rettssubjekt må halde fram. Dette vil gje meir fleksible rammer for interkommunalt samarbeid. (NOU kap. 8.7)

3. Lovfesta avgrensing i kven som kan veljast til styre i kommunale foretak mot kommunestyremedlemmer og medlemmer i toppleiargruppa er ei avgrensing i kommunale handlefridom. Eit alternativ er å innføre reglar slik utvalet sjølv er inne på. (NOU kap. 11)

4. Kommunalt oppgåvefellesskap er ei ny modell for interkommunalt samarbeid, mellom anna til erstatning for noverande § 27 samarbeide. Primært vil Volda formannskap rå til at noverande § 27 vert oppretthalde, sekundert at representantskapet i eit oppgåvefellesskap ikkje må være eit folkevalt organ. Dersom eit oppgåvefellesskap er oppretta for å løyse administrative oppgåver kan kravet om at representantskapet skal være eit folkevalt organ svekke skiljet mellom politikk og administrasjon. (NOU kap. 18.6).

5. Utvalet sitt mindretal har eit framlegg om å opne for låneopptak til investeringstilskudd til gitte formål. Mindretalet sitt syn vert støtta (NOU kap. 19.8.3.5)

6. Volda formannskap støtter ei tydeleggjering i kommunelova av roller, oppgåver og ansvar for internkontroll i kommunen. Ei samordning av regelverket knytt til internkontroll frå særlover til kommunelova er ynskjeleg. (NOU kap. 24)

7. Volda formannsskap meinar at den foreslåtte endringa av valordning formannsskap kan vere problematisk.

8. Avansert metode for avdragsutrekning bør halde fram og i alle høve må avvikling gjennomførast med ei overgangsperiode.

 

Vedlegg