Forsiden

Høringssvar fra Tysnes kommune

Ny kommunelov

Dato: 06.10.2016

Svartype: Med merknad

Vurderingar:

 

Me kan alt innleiigsvis merka oss at då Stortinget handsama prop 119 L 2011 – 2012 uttalte ein samla Kommunal- og forvaltingskomite:

 

«Komiteen ser behov for ein heilskapleg gjennomgang av kommunelova for å styrka det kommunale sjølvstyret, og bed regjeringa koma attende til Stortinget med dette på ein eigna måte.»

 

Utvalet føreslår at grunnstamma i den nogjeldande kommunelova vert vidareført. Dei legg mellom anna opp til desse endringane og presiseringane:

 

  • Lovfesta det kommunale sjølvstyret
  • Lovfesta at innskrenkingar i det kommunale sjølvstyret må ha heimel i lov
  • Lovfesta enkelte prinsipp for nasjonale mynde sitt forhold til kommunane
  • Tydeleggjera rolla til dei folkevalde og til administrasjonen, blant anna ved å gjera skiljet mellom dei klarare
  • Opna for at kommunar kan bestemma at ordføraren skal veljast direkte av innbyggja­rane
  • Strengare krav for å kunna innføra parlamentarisme
  • Skjerpa krava til kjønnsbalanse i kommunale organ (ved å knytta kravet til kjønnsba­lanse til samansetjinga av organet som heilskap/heilhet/som eit heile)
  • Innføra kommunedirektør som ny, kjønnsnøytral, tittel på leiaren av kommunen sin administrasjon
  • Styrka openhet og innsyn i kommunane
  • Lovfesta at kommunestyremedlemer ikkje har høve til å verta valt inn i styret i kommu­nale føretak, slik at dobbeltroller og habilitetsproblematikk kan unngåast
  • Lovfesta at ordførar på visse vilkår skal kunna suspenderast eller fråtakast vervet som folkevalt
  • Lovfesta at kommunedirektøren har ansvaret for personalsaker som tilsetjingar og opp­seiingar
  • Lovregulera regionrådmodellen og ei ny organisasjonsform – kommunale oppgåvefel­lesskap
  • Lovfesta ein generalregel som slår fast at kommunane skal forvalta økonomien sin slik at den økonomiske handleevna vert ivareteken over tid
  • Lovfesta ei plikt til å nytta finansielle måltal som eit verktøy for den langsiktige sty­ringa av kommunen sin økonomi, med tilhøyrande utvida krav til å redegjera for kommunen sin økonomi i års»beretninga»fastsetja nye reglar for avslutning av kommunerekneskapet som krev at eventuelle meirforbruk må dekkast inn med det samme så langt det finst tilgjengelege midlar
  • Fastsetja nye reglar for utrekning av minimumsavdrag på lån
  • Klargjera rettsvirkningane av at ein kommune føretar disposisjonar i strid med økonomiregelverket
  • Fanga opp kommunar med økonomisk ubalanse på eit tidlegare tidspunkt
  • Lovfesta ei tiltaks-/aktivitetsplikt for kommunar i ROBEK
  • Lovfesta ein ny og meir omfattande regel om internkontroll til erstatning for internkontrollregulering i særlovgjevinga
  • Lovfesta krav om rapportering om internkontroll og tilsyn til kommunestyret
  • Leggja betre grunnlag for kontroll med selskap m.v.
  • Tydeleggjera og styrka kontrollutvalet og revisjonen sine oppgåver
  • Auka minimumskravet på tal medlemer i kontrollutvalet frå 3 til 5
  • Etablera ei nasjonal ordning  for kvalitetskontroll med revisorar i kommunesektoren
  • Styrka fylkesmnnen si rolle ved samordning av tilsyn

 

I og med at utvalet legg opp til å vidareføra grunnstamma i gjeldande kommunelov, tenkjer me å basere oss på KS sitt debattframlegg til endringane. KS har gått gjennom utgreiinga og laga eit fagleg debattgrunnlag som kommunane kan nytta i sitt arbeid med høyringa. Rådmannen syner til vedlagde debattgrunnlag for gjennomgang av lovframlegget. Ein relativt stor del av «nyvinningane» er relativt perifere sett opp mot både  målestokk og organisasjonsform i Tys­nes kommune anno 2016 og det vert ikkje nytta mykje tid på desse. Saksframlegget må lesast i samanheng med vedlegg 1.

 

Lovutvalet seier dette om kva som har vore grunnleggjande vurderingar og omsyn i lovarbei­det:

 

  • Styrket kommunalt selvstyre
  • Styrket folkevalgt styring i kommunene
  • Effektive, tillitsskapende og bærekraftige kommuner
  • En økonomiforvaltning som bygger opp under selvstyret og den lokale handlefriheten
  • En god egenkontroll og mer samordnet statlig kontroll og tilsyn
  • Kommuneloven skal bli enklere og mer tilgjengelig for brukerne

 

 

Debattgrunnlaget er delt i ti kapittel som i hovudsak er strukturert etter korleis framlegget til lov er bygd opp. I debattgrunnlaget er det laga eit samandrag av utvalet sine tilrådingar og omsyna som ligg bak tilrådinga. KS sin administrasjon har gitt ei førebels vurdering av lov­framlegget og tilråding til høyringsuttale. I tillegg er det formulert konkrete spørsmål der KS særskilt ynskjer innspel frå kommunane.

 

Under fylgjer rådmannen sine framlegg til svar på dei spørsmåla i debattgrunnlaget

 

  1. OVERORDNA VURDERINGAR

Rådmannen er samd i KS si vurdering av at framlegget til ny kommunelov inneheld fleire viktige element som legg til rette for eit godt lokaldemokrati.

 

  1. FØREMÅLSPARAGRAFEN

 

Det vert føreslege at føremålsparagrafen i ny kommunelov vert justert ved å ta inn fremjing av det kommunale sjølvstyret og rammene for slikt styre. Paragrafen tek likevel med seg visse element frå dagens føremålsparagra. Det skal leggjast til rette for eit sterkt og representativt lokaldemokrati med aktiv innbyggjardeltaking slik at kommunane kan yta tenester og fremja samfunnsutvikling til det beste for dei som bur der. Andre stikkord er effektivitet, tillit og be­rekraft.

 

Dette  er fullt ut i samsvar med dei føringane som vart gjevne utvalet gjennom mandatet dei fekk. Rådmannen er samd i at det er positivt at føremålet med lova slår fast at lova ikkje berre skal leggja til rette for, men fremja kommunalt sjølvstyre.

 

 

  1. KOMMUNALT SJØLVSTYRE

Hvordan bør lovfesting av prinsippene av forholdet mellom stat og kommune utformes?

I lovutkastet sine §§ 2 – 1 og 2 – 2 vert hovudinnhaldet i sjølvstyret og nokre grunnleggjande prinsipp om forholdet mellom kommunane og staten formulerte.

 

Kommunelovutvalet sine framlegg kom berre kort tid etter at kontroll- og konstitusjonskomi­teen på Stortinget kom til semje om å grunnlovfesta det lokale sjølvstyret. Stortinget har i vår vedteke følgjande nye ledd i § 49 i grunnlova:

 

«Innbyggerne har rett til å styre lokale anliggender gjennom lokale folkevalgte organer. Nær­mere bestemmelser om det lokale folkevalgte nivå fastsettes ved lov.»

 

Lovutvalet går no inn for å styrka kommunelova på dette punktet. Utvalet meiner altså at det lokale sjølvstyret er under press – noko også fleire offentlege utgreiingar har vist/antyda. Ho­vudgrunnane til dette er meir detaljert lovgjeving og sterkare statleg styring. – Utvalet føreslår at innskrenkingar i det lokale sjølvstyret må ha heimel i lov. Dersom dette vert ein realitet, kan som hovudregel ikkje kommunane verta pålagde noko  berre gjennom statlege rundskriv og retningsliner.

 

Kommunane skal etter framlegget utøva sitt sjølvstyre innanfor nasjonale rammer. Desse rammene bør som regel framgå av lova.

 

I § 2 – 2 kjem inn nokre» bør – prinsipp» for forholdet mellom stat og kommunar. Prinsippa er nye i kommunelovsamanheng, og dei går på forholdmessig maktbruk, nærhet og finansiering. Sjølv om dette kun er» bør – prinsipp», vil dei, om dei vert vedtekne,  gje uttrykk for korleis staten bør utøva sitt mynde. Det vil sei at nasjonale omsyn i større grad må vegast opp mot lokale omsyn – for prinsippa er retta mot staten. Rådmannen er samd med KS i at lovfestinga bør tydeleggjera det kommunale sjølvstyret og at avgrensingar i sjølvstyret berre skal gjerast der det er ein klår trong for nasjonale føringar. Det må komma klårt fram i lovteksten at of­fentlege tenester bør leggjast til kommunane så langt som råd er. For å få dette tydelegare fram bør ordlyden i § 2-2 endrast slik:

 

«Offentlige oppgaver bør legges til folkevalgte organer som er så nær innbyggerne som mu­lig.»

 

  1. FOLKEVALDE OG FOLKEVALDE ORGAN

Bør folkevalgte organer være uttømmende regulert i kommuneloven, eller bør kommunestyret

kunne opprette andre folkevalgte organer enn de som er omtalt i lov.

 

I framlegget frå utvalet kan kommunestyret berre oppretta folkevalde organ som anten er om­talt i kommunelova eller andre lover. Kva folkevalde organ som kan opprettast etter kommu­nelova er lista opp i § 5-1 i lovframlegget. Framlegget gir kommunane relativt stor organise­ringsfridom, men det kan ikkje utelukkast at det i einskilde høve kan vera ynskjeleg med ei anna organisering. Her må omsynet til klare og tydelege reglar for kva som er folkevalde organ og kva saksbehandlingsreglar som gjelda for folkevalde organ vegast opp mot kommunestyret sin trong for å kunna organisera kommunen fritt.

 

Lovframlegget skal tydleggjera skiljet mellom politikk og administrasjon i ein kommune, og klårgjera roller. Etter rådmannen si vurdering er dette enklare å oppnå ved uttømmande opp­listing i lovgjevinga av kva som er folkevalde organ, enn ved ein generell definisjon av folke­valde organ og full organiseringsfridom. Dette må vegast opp mot omsynet til kommunalt sjølvstyre og om lova sin ordlyd gir nok handlefridom for kommunestyret til å organisera kommunen slik det vurderer er best.

 

Rådmannen legg til grunn at omsyna til ei tydeleggjering av kva som er folkevalde organ, her vert avgjerande og at folkevalde organ difor bør vera utømmande regulert i lov.

 

Bør kommunestyret ha anledning til å delegere myndighet til å opprette utvalg til for eksempel formannskapet?

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ og har ansvaret for den politiske organiseringa av kommunen. Av omsynet til å styrka kommunestyret som øvste organ, ser rådmannen det som ein god regel at det berre er kommunestyret (og i einskilde høve ordføraren) som kan opp­retta utval.

 

 

Bør formannskapet kunne opprette arbeidsutvalg, på samme måte som utvalgene kan det?

Rådmannen finn ikkje grunnlag for at formannskapet ikkje skal kunna oppretta arbeidsutval på linje med utvala. Etter rådmannen si vurdering bør formannskapet difor kunna oppretta ar­beidsutval på lik linje som utvala kan.

 

Bør arbeidsutvalg kunne bestå av andre enn utvalgets egne medlemmer?

Omsynet til å styrka kommunestyret som øvste organ tilseier at utvalet berre kan velja eigne medlemmer til arbeidsutval.

 

Bør kommunestyret ha adgang til å velge ansatte som medlemmer av felles folkevalgt nemd i vertskommunesamarbeid?

Den nye kommunelova skal tydeleggjera skiljet mellom folkevalde og administrasjonen. Ut frå ynskjet om skilje mellom folkevalde og administrasjon kan det vera uheldig at tilsette vert valde som medlemmer av felles folkevald nemnd i vertskommunesamarbeid. Rådmannen vil difor tilrå at det ikkje vert mogeleg å velja tilsette som medlemmer i folkevald nemnd i verts­kommunesamarbeid.

 

Ordførar

Bør kommuneloven åpne for direkte valg av og utvidet myndighet til ordføreren?

  • 6 – 1 i lovframlegget regulerer ordføraren sitt mynde og oppgåver. I hovudtrekk er det ikkje lagt inn store endringar i høve gjeldande kommunelov.

 

Utvalet føreslår likevel at kommunar som ønskjer det kan delegera meir mynde til ordføraren. Ordføraren kan etter framlegget verta gjeve delegert høve til å setja fram framlegg i politiske organ orføraren sjølv ikkje er medlem i, mynde til å oppretta enkelte utval og mynde til å fatta enkelte hastevedtak. Ved slike eventuelle delegasjonar skal ordføraren rapportera til kommu­nestyret om korleis myndet er nytta.

 

Av omsyn til kommunalt sjølvstyre er rådmannen samd i at kommunestyret sjølv bør ha mynde til å vedta at ordføraren kan veljast av innbyggjarane ved direkte val. Rådmannen støt­tar og framlegget om at ordføraren vert gitt utvida mynde ved til å ha forslagsrett i tillegg til møte- og talerett i alle folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet.

 

Fritak/ suspensjon

Skal ordfører kunne suspenderes eller fratas vervet, og bør i så fall ordfører og varaordfører behandles likt?

Det kan tenkjast at ein ordførar grunna handlingar vert oppfatta som uskikka til å ivareta ver­vet sitt. Det bør difor vera ein opning for å suspendera ordføraren eller ta frå han vervet i val­perioden. Det er då viktig at reglane for suspensjon frå/ fråtaking av verv vert tydeleggjort slik at det vert føreseieleg kva som skal leggjast vekt på ved vurderinga.

 

Varaordføraren fungerer som ordførar dersom ordføraren har mellombels forfall frå vervet. Dersom ordførar skal kunna suspenderast, er det uheldig om varaordførar kan fungera i sitt verv sjølv om vedkommande heftar for tilhøve som gir grunn for å suspendera eller ta frå ein ordførar vervet. Difor bør reglane om suspensjon og gjelda for varaordførar.

 

Val av medlemmer til folkevalde organ

Bør krav til kjønnsbalanse også knyttes til sammensetningen av organet som helhet, og ikke bare til det enkelte listeforslag, og bør i så fall kandidatene fra det underrepresenterte kjønn rykke opp fra den listen som har fått flest stemmer eller færrest stemmer?

Dette vert ei vurdering der ein må vega omsynet til kjønnsbalanse mot omsynet til demokrati. Eit absolutt krav om kjønnsbalanse kan gripa noko inn i partia sin rett til sjølv å bestemma kven dei ynskjer å la seg representera ved. I tillegg vil valoppgjera verta ytterlegare kompli­serte dersom det er eit absolutt krav om kjønnsbalanse i organet. Lovutvalet skriv i si vurde­ring at rundt 40 % og over av medlemmene i både formannskap og utval er kvinner, men at det er stor variasjon mellom kommunane og at ein slik er i strid med målet for regleverket. Råd­mannen kjem difor til at reglane om kjønnsbalanse i folkevalde organ bør styrkast slik at kra­vet til kjønnsbalanse vert stilt til organet som heilskap og ikkje berre den einskilde lista.

 

Dersom kravet til kjønnsbalanse skal gjelda for organet som heilskap, bør representant for det underrepresenterte kjønnet rykka opp frå den lista med minst røyster. Lista vil ha færrast stemmer og det kan difor argumenterast med at dette er eit mindre inngrep i lokaldemokratiet enn om opprykk skal skje frå lista med flest stemmer.

 

Godtgjersle og velferdsgode

Er regelverket for godtgjøring tilfredsstillende utformet, og er terskelen på tilsvarende 50 pst stilling riktig satt for å få ettergodtgjøring og gi rett til ulike velferdsordninger?

Etter rådmannen si vurdering har kommunestyret handlingsrom innafor regelverket som er lagt fram til å vedta tilfredsstillande godtgjerslereglement. Rådmannen støttar KS sine vurderingar om å gjeva folkevalde rettar innan velferdslovgjevinga, men at det må vera knytta til om den folkevalde har vervet som hovudgjeremål eller ikkje. Det kan difor vera rett å knytta slike ret­tar til verv som tilsvarar 50 % stilling eller meir.

 

Parlamentarisme

Er regelverket om parlamentarisme godt utformet?

Etter rådmannen si vurdering er kommunal parlamentarisme lite relevant for Tysnes kom­mune. Framlegg til regelverk vert difor ikkje kommentert her.

 

Utvida innsynsrett og teieplikt

Bidrar lovforslaget til en tilfredsstillende klargjøring av folkevalgtes innsynsrett og taushets­plikt?

Ja

 

 

Saksbehandlingsreglar og møteoffentlegheit

Bør kommunestyret ha adgang til å fastsette andre saksbehandlingsregler, inklusive regler om åpenhet for et organ enn det som følger av loven?

Nei

 

Er det behov for en hjemmel for å kunne lukke møter hvor kommunen mottar informasjon fra kommunens advokat?

Ja

 

Bør det være adgang til å sladde sakslister og møteprotokoller ved slike møter?

Ja

 

Er det andre tilfeller hvor kommunen eventuelt kan ha behov for å sladde saklister og møte­protokoller?

Rådmannen finn ikkje grunnlag for å sladda saklister. Her vil ein i regelen kunna formulera sakstittel så nøytral at saklista ikkje kjem i konflikt med opplysningar som skal eller kan unn­takast frå offentlegheit.

 

I einskilde vedtak kan det vera trong for å formulera vedtaket slik at det inneheld opplysningar som ikkje skal eller bør offentleggjerast. Det bør difor vera høve til å sladda ein møteprotokoll.

 

Bør det være adgang til å lukke møter i en innledende fase av saksbehandlingen hvor folke­valgte har behov for orientering/ opplæring i en konkret sak?

Hovudregelen må vera at møter i folkevalde organ skal vera offentlege. Rådmanen er difor skeptisk til at det vert opna for å lukka møter i større grad enn det som er høgst nødvendig. Det bør difor ikkje vera ei generell opning for å lukka møter i innleiande fasar av saksbehandlinga ved behov for orientering eller opplæring for folkevalde.

 

Habilitet

Lovframlegget vert støtta.

 

 

Delegering og innstillingsrett

Bør en kommune fortsatt kunne overlate oppgaver også av prinsipiell karakter til et selskap?

Etter rådmannen si vurdering bør det liggja til det kommunale sjølvstyret å avgjera kva oppgå­ver som skal delegerast til eit selskap. Det bør ikkje verta snevrare rammer for kva som kan delegerast enn det er etter gjeldande lov.

 

Disposisjonar utan fullmakt eller mynde

Rådmannen støttar KS si vurdering.

 

  1. INFORMASJON OG INNBYGGJARDELTAKING

Informasjonsplikt

Virker utvalgets forslag til utvidet informasjonsplikt rimelig?

Ja

 

Innbyggjardeltaking

Er terskelen for innbyggerforslag for høy?

Terskelen er heva frå at 2 % til 8 % av innbyggjarane må stå bak eit innbyggjarframlegg. Dette er ein relativt stor auke, men utvalet har i si vurdering lagt vekt på at saker som skal fremjast etter regelen om innbyggjarinitiativ bør ha større relevans. Rådmannen støttar denne vurde­ringa.

 

Er utvalgets forslag om folkeavstemming dekkende?

Ja

 

Bør det være en generell bestemmelse om innbyggerdeltakelse?

Nei

 

Bør det lovfestes medvirkningsordninger for innbyggerne generelt eller særskilte grupper?

Nei

Bør slike medvirkningsordninger i tilfelle reguleres som folkevalgte organer eller som innbyg­gerdeltakelse?

 

  1. ADMINISTRASJONEN

Bidrar presiseringen i lovforslaget til tilstrekkelig grad til en tydeliggjøring av folkevalgte og administrasjonens ulike roller?

Ja – presiseringane i høve til administrativ leiar sitt utgreiingsansvar og at kommuenestyret må vera tydelege overfor administrativ leiar dersom det ynskjer å komma med føringar for arbei­det som skal gjerast, er med på klargjera rollene. I tillegg er all løpande personalforvaltning lagt til administrativ leiar. Dette kan ikkje endrast på med delegeringsvedtak. Noko som vil seia at formannskapet ikkje lenger kan ha tilsettingsmynde for einskilde stillingar. Dette styr­ker øvste leiar sitt ansvar for den samla administrasjonen.

 

Hva bør være tittelen på øverste administrative leder?

Rådmannen meiner at det bbør haldast på dagens tittel, tittelen er unik for sektoren og er ins­titusjonalisert på ein god måte. Dersom argument om kjønnsnøtralitet skal følgjast bør dette også gjelda for formannskap. At øvste leiar for administrasjonen skal ha tittelen kommunedi­rektør, er etter rådmannen si vurdering lite heldig. Tittelen kan lett blandast med tittelen kom­munaldirektør som er brukt i kommunal sektor, såleis bidreg dette til at også til meir uklare retningsliner mellom politikk og administrasjon.

 

  1. KOMMUNAL ØKONOMI

Overordnede bestemmelser om økonomiforvaltningen

Rådmannen sluttar seg fullt ut til dei vurderingane som utvalet gjer og lovforslaget som mar­kerar idealet om ei langsiktig og sunn økonomiforvaltning og kommunestyret sitt ansvar for dette. Rådmannen støttar fullt ut utvalet sitt framlegg til lovkravet om at kommunestyret skal setja finansielle måltall for den kommunale drifta.

 

Regnskapsplikten og konsernregnskap

Bør kommunen få plikt til lå avlegge konsernregnskap når tjenesteproduksjon er lagt til hel- eller deleide virksomheter utenfor kommunen som juridisk enhet?

 

Utvalet føreslår endringar i rekneskapsbestemmelsane slik det går fram av KS heftet. Rådman­nen støttar framlegget til konsernrekneskap for kommunen som juridisk eining. Rådmannen meiner og at kommunalt heileigde aksjeselskap bør konsoliderast inn i kommunen sine rekne­skap. Det same med kommunen sin andel i interkommunale selskap. Slik det er i dag vert ein stor del av kommunen si verksemd gøymt vekk i eigne selskap, ( BVA AS for vatn og av­laupstenestene, BKE AS for eigedomsforvaltning, renovasjon i SIM IKS) noko som gjer sa­manlikninga med andre kommunar vanskeleg. Kommunen sitt rekneskap gir ikkje i dag eit fullstendig oversyn over kommunen sin aktivitet.

Utover dette sluttar rådmannen seg til utvalet sine framlegg på dette området.

 

Låneopptak og avdrag på lån

Er det behov for en adgang til lånefinansiering av investeringer i selskaper?

Utvalet føreslår ei utviding i adgangen til å lånefinansiere investeringar ved at ein kan få låna til kjøp av aksjar i nokre typar eigedomsselskap. Rådmannen støttar utvalet sitt framlegg.

 

I tillegg vert det tydeleggjort i lov kva kommunen kan lånefinansiera. Det vert ikkje opna opp for å tillata å låna for å finansiera andre sine investeringar. Dette vanskeleggjer kommunen sitt engasjement i samfunnsutvikling ved at ein ikkje får låna til spleiselag i infrastrukturutbygging saman med til dømes Fylkeskommune, stat eller private. Minimumsavdrag vert knytt til kapi­talslitet, noko som fører til litt større avdragsbelastning for vår kommune. Utvalet vidarefører prinsippet med låneopptak for vidare utlån. Rådmannen støttar utvalet sine framlegg til regel­verk på desse punkta rundt låneopptak og avdragsbetaling.

 

KS ber spesielt kommunane vurdera om det er behov for å kunna lånefinansiera investeringar i selskap. Slik det er i dag kan ikkje kommunen ta opp lån for å skyta inn kapital i eigne selskap. Rådmannen vurderer på same måte som utvalet at det ikkje skal vera høve til å lånefinansiera dette.

 

Balanse i årsbudsjettet og inndekking av meirforbruk

Rådmannen støttar utvalet sitt framlegg som vil gjera det enklare for dei folkevalde å sjå kva slags handlingsrom som ligg i kommunen sine rekneskap.

 

Disposisjonar i strid med reglane om lån og garantiar

Rådmannen sluttar seg fullt ut til KS sine vurderingar her.

 

  1. KOMMUNALE FØRETAK OG INTERKOMMUNALT SAMARBEID

 

Kommunale føretak

Bør kommunestyremedlemmer og medlemmer i toppledergruppen ikke lenger ha adgang til å velges til styret i kommunale foretak?

Dette er p.t. ikkje ein aktuell problemstilling for Tysnes kommune, men rådmannen støttar uttalen frå KS om at det ikkje er naudsynt å regulera kven som kan vera styremedlemmer i eit føretak i kommunelova.

 

Interkommunalt samarbeid

Er det riktig å stille krav om representantskap som forutsetter at alle deltagerne er represen­tert?

Nei, dette kan dei deltakande kommunane sjølv ta stilling til gjennom avtale.

 

Bør begrepet interkommunalt samarbeid erstattes med begrepet kommunesamarbeid?

Ja

 

  1. EIGENKONTROLL

Kontroll og tilsyn, kommunestyret sitt overordna tilsynsansvar

 

Kontrollutval og kontrollutvalssekretariat

Bør minimumskravet øke fra tre til fem medlemmer, og bør det lovfestes at mer enn ett kom­munestyremedlem sitter i kontrollutvalget?

Kontrollutvalet har ei viktig rolle i kontroll av den kommunale forvaltninga. Det er viktig med god og brei kompetanse hjå medlemmene i utvalet og at det kan vera god kontinuitet i utvalet sitt arbeid. Eit utval med berre tre medlemmer er sårbart i høve forfall og kan ikkje få like brei samansetning av kompetanse som eit utval på fem medlemmer. Rådmannen ser det difor som positivt å utvida minimumstalet til fem medlemmer. For Tysnes kommune har dette pr i dag ikkje praktisk innverknad sidan det for inneverande valbolk er fem medlemmer i kontroll­utvalet.

 

Av omsyn til at kontrollutvalet bør vera mest mogeleg uavhengig, bør det ikkje lovfestast eit krav om at meir enn eitt av medlemmene skal vera fast medlem i kommunestyret.

 

Revisjon

Bør adgangen til å inngå avtale med annen revisor oppheves?

Nei.

 

Internkontroll

Er bestemmelsene om internkontroll i kommuneloven til erstatning for internkontrollreglene i særlovene godt nok utformet?

Rådmannen støttar KS si vurdering om å gjera reglane noko enklare reint språkleg og få tyde­leg fram at statleg tilsyn med internkontroll er ein kontroll med at krava til internkontroll er fylgde og ikkje ein kontroll med korleis kommunen vel å fylgja opp lovkravet.

 

Bør det stilles krav om at rapporteringen til kommunestyret og fylkestinget om internkontroll og tilsyn skal gjøres i årsberetningen?

Rådmannen meiner at ei slik rapportering vil verka til å tydeleggjera kommunestyre si rolle i høve internkontroll og også gjera kommunestyre i stand til på fylla dennn rolla.,

 

Kommunen som tilsynsinstans

Bør kommuneloven inneholde en bestemmelse om gjennomføring av kommunalt tilsyn?

Nei – rådmannen støttar mindretalet i lovutvalet sine vurderingar i dette spørsmålet. Det betyr at prinsippa er tilstrekkeleg ivareteke i den alminnelege forvaltningsretten, og at ei særskild føresegn i kommunlova såleis ikkje er turvande og i paksis inneber ei kodifisering av etablerte prinsipp.

 

I tilfelle: Er prinsippene om likebehandling, uavhengighet og dokumentasjon gode?

 

Kommunane si styring og kontroll med ekstern verksemd

Forslaga vert støtta

 

  1. STATLIG KONTROLL OG TILSYN

 

Lovlegkontroll

Forslaga vert støtta.

 

Statleg kontroll med budsjett og låneopptak - ROBEK

Rådmannen støttar lovutvalet sitt framlegg.

 

Statleg tilsyn

Bør det innføres en terskel for hva fylkesmannen kan kreve av dokumentasjon og meldinger i forbindelse med tilsyn?

Rådmannen har ikkje innspel til evt terskel for kva fylkesmannen kan krevja av dokumenta­sjon og meldingar i samband med tilsyn.

 

Oppsummert

Samla sett synes lovframlegget å vera ei fornuftig tilpassing av dagens lovverk opp mot nye krav og forventningar. Me har i denne saka i hovudssak basert oss på dei spørsmåla som KS tar opp i sitt debatthefte og meiner at det kastar eit rimeleg godt ljos over endringane.Ut frå ei samla vurdering vert det lagt fram slik innstilling: