Forsiden

Høringssvar fra Volda kommune - kontrollutvalet

HØYRINGSUTTALE TIL NOU 2016 - 4 - NY KOMMUNELOV

Dato: 06.10.2016

Svartype: Med merknad

Kontrollutvalet i Volda kommune har i sak 23/16 handsama NOU 2016: 4 Ny kommunelov med særskilt fokus på kapittel 25 Kontrollutvalet og kontrollutvalssekretariatet, og vil kome med fylgjande uttale til denne:

 

Kontrollutvalet meiner at forslaget i kap. 25.3.4.2 der det heiter at: «..har sekretariatet ikke anledning til å innhente informasjon og vurdere denne opp mot et regelverk, vedtak e.l.», er svært uheldig. Ved å redusere sekretariatet sitt ansvar for å påsjå at sakene i utvalet er forsvarleg utgreidd, vil ein svekke kontrollutvala sin funksjon At slike oppgåver ligg til sekretariatet er heilt avgjerande for bestiller-utfører modellen i kontroll- og tilsynsordninga vi har i dag.

Sekretariatet for kontrollutvalet har tre hovudoppgåver. Dei tre oppgåvene er utgreiar, sakshandsamar og administrator. Ved å gå inn for at sekretariatet ikkje kan gjere vurderingar opp mot lover og reglar, avgrensar utvalet sekretariatet si rolle til berre å vere administrator. Dette vil svekke det kommunale sjølvstyret innanfor kontroll og tilsyn. Det er alvorleg.

Kontrollutvalet vil difor gjere det tydelig ovanfor departementet at vi ikkje støttar formuleringa i kap. 25.3.4.2:

"Etter utvalgets mening har sekretariatet ikke anledning til å innhente informasjon og vurdere denne opp mot et regelverk, vedtak e.l. Dette vil etter utvalgets forslag være å utføre revisjon, og dermed en oppgave for revisor."

 

Dette er ei formulering som gir ein så vid definisjon av omgrepet revisjon at det ikkje gir meining i høve det som reelt ligg i definisjonen av revisjon slik den er definert gjennom nasjonale og internasjonale standardar. Ein kan ikkje sjå kvifor utvalet då legg opp til å skulle utvide revisjonsomgrepet i kommunelova.

Kontrollutvalet må sjølv kunne vurdere korleis oppgåver som ikkje fell inn under ein meir presis definisjon av revisjon, skal utførast og kven som skal utføre desse oppgåvene.

Eksempelvis er eigarskapskontroll ei oppgåve som kontrollutvalet kan be sekretariatet eller andre kompetente organ om å utføre. 

 

Kommunelovutvalet sitt syn vil i tillegg svekke kontrollutvalet sitt ansvar med å påsjå at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Dette er i dag ei av dei viktigaste rollene til sekretariata.

 

Kontrollutvalet ser det som avgjerande at kontrollutvalssekretariatet vert oppretthalde som eit organ med kompetanse til å utføre oppgåver som utgreiar, sakshandsamar og administrator. Det bør vere krav i lov eller forskrift om minst ein tilsett med tre års høgare utdanning i eit kontrollutvalssekretariat.