Forsiden

Høringssvar fra Inge Dyrhol

Spørsmål til lovteksten. Nokre ytringar

Dato: 04.05.2016

Svartype: Med merknad

NOU 2016:4 Ny kommunelov 

Lovteksten

I utgreiinga kan mine spørsmål vere avklara, men kvifor ikkje få det klarare i teksta og når det er enkelt.

6-2: Skal ikkje varaordførar vere medlem i formannskapet?

6-3: Skal ikkje varaordførar veljast direkte når ordførar blir det?

7-1 nest siste ledd: Kva tyder «fra»? Er det eit forbod mot at kommunestyret i det konstituerande møtet handsamar «vanlege» saker?

7-6: Tre eller færre inkluderer også ein, og då vert ein av kvart kjønn umogleg.

10-4 3. ledd: «Det samme gjelder». Skal heile rådet skiftast ut når leiaren av valt, ikkje utpeikt, kommuneråd «fratrer», eller er det berre meint at ny leiar skal veljast seinast på neste kommunestyremøte? Kan ein leiar velje å seie takk for seg som leiar, men likevel bli sitjande i rådet utan at kommunestyret vel han på nytt?

Siste ledd: Er leiaren rekna som medlem i rådet?

11-7 2. og 3. ledd: Er det kommunestyret som gjev føresegner?

11-8: «sendes». Er epost eller utlegging på nettstad greitt?

Ytringar

Kommunane er blitt mangslungne «konsern» til dels for å unngå kommunelova. No blir ytre einingar meir regulert. Dei som synest at dette vert plagsamt finn sikkert på måtar å organisere på som omgår lova. Her blir det sikker eit utviklingskappløp i åra framover.

Synest ikkje ein har makta å forenkle noko særleg. La spesielt merke til dei innfløkte reglane om minimumsavdrag.

Det er vel snart på tide at ein også i lover tek til å snakke om avsnitt og ikkje om ledd. Kommunelova kan kanskje vere pioner?