Forsiden

Høringssvar fra Granvin herad

NOU 2016 4  Ny kommunelov - Høyringsfråsegn

Dato: 03.10.2016

Svartype: Med merknad

Granvin herad
Sakspapir


Utval
Møtedato  Saknr
Heradsstyre
28.09.2016
051/16


Sakshandsamar:
Bjørgo, Halvard
Arkiv: K1 - 00, K3 - &13
Arkivsaknr:
16/355 - 2

NOU 2016: 4  Ny kommunelov - Høyringsfråsegn

Dokumentliste:
Debattgrunnlag høring NOU 2016: Ny kommunelov

Vedlegg:
Dok.dato
Tittel
20.09.2016
NOU 2016: 4  Ny kommunelov - Samandrag


RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK:

Granvin heradsstyre sluttar seg til rådmannen sine vurderingar i saka.

28.09.2016 Heradsstyre

Sakshandsamar Halvard Bjørgo møtte og orienterte om saka.
Samrøystes vedtak.

HS- 051/16 Vedtak:

Granvin heradsstyre sluttar seg til rådmannen sine vurderingar i saka.


FAKTA:

Kommunelovutvalet har avlevert sin innstilling, NOU 2016:4 og kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt framlegget ut på høyring med frist 06.10.2016.
Kommunelovutvalet har føreteke ein heilskapleg gjennomgang av gjeldande kommunelov med sikte på forenkla og tilpassa lova til dei oppgåver kommunen har. Utvalet gjer framlegg om at grunnstamma i gjeldande lov vert vidareførd. Det vert likevel gjort framlegg om viktige endringar. Det kommunale sjølvstyre er lovfesta, og likeeins viktige prinsipp for nasjonale mynde sitt tilhøve til dette sjølvstyre.
Lova inneheld vidare m.a. avklaringar i tilhøvet mellom folkevalde organ og administrasjonen i kommunen, og tiltak for å styrka eigenkontrollen i kommunen. Framlegget til ny lov tek sikte på språkleg forenkling, og å ta inn i kommunelova einskilde grunnleggjande reglar for kommunal verksemd som i dag er heimla i særlov eller ulovfesta rett.
Rådmannen vil i det følgjande trekkja fram nokon viktige framlegg i lova til drøfting i heradsstyret som grunnlag for høyringsuttale frå Granvin herad. I møtet vil rådmannen presentera dei einskilde lovformuleringane nærare. Også andre deler av lovutvalet sitt framlegg kan drøftast.
Eit samandrag av lovutvalet si tilråding vert lagt ved saka. Heile NOU 2016:4 ligg på følgjande link der framlegg til ny lov er å finna på slutten av dokumentet:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2016-4/id2478743/

VURDERING:

1. § 1-1 «Lovens formål» fastslår prinsippet om kommunalt sjølvstyre. § 2-1 styrkar dette føremålet med å slå fast at begrensningar i dette sjølvstyre må ha heimel i lov, og i § 2-2 er nedfelt prinsipp for nasjonale mynde sitt tilhøve til det kommunale sjølvstyre.
Rådmannen støttar endring av føremålsregelen. Det kommunale sjølvstyre er gjeven ein sterkare forankring ved at det er fastsett som eit føremål, og dette vil ha tyding for tolking av dei andre reglane i lova. På den måten vil det kommunale sjølvstyre vera overordna i kommunelova. Vidare ser rådmannen det som positivt at det er teke inn reglar for korleis sjølvstyre skal regulerast. Det er tydeleggjort at det i større grad  må gjerast avgrensingar mellom nasjonale interesser og det kommunale sjølvstyre. Det er å merka at § 2-2  er utforma som «bør-reglar». Prinsippet om sjølvstyre og grenseoppgang mellom dette og nasjonale mynde ville vera styrkande for sjølvstyre om paragrafen var formulert som «skal-regel»
2. § 4-1 forsterkar kommunen sin informasjonsplikt om si verksemd. Kommunen skal informera og skal leggja til rette for informasjonstilgang for alle.
Rådmannen er samd i dette. Informasjon og informasjonstilgang er viktig for å underbyggja demokratiet. Granvin herad har i mange år hatt praksis med å gjera dokument tilgjengelege på nett, og ser det positivt at informasjonsplikt no vert lovfesta.
3. Folkevalgde organ (Kap 5) og kommunen sin administrasjon (Kap 13)
Lovframlegget vidarefører i det vesentlege reglane for folkevalde organ. Men kommunestyret sin rolle er tydeleggjort. Reglane om delegering til andre folkevalde organ, ordførar og rådmann er teke inn i teksten. Lova inneheld reglar om kommunale organ og utval, kven som er folkevald, og sakshandsamingsreglar som gjeld for alle folkevalde organ.
Ser ein dette i samanheng med kap 13, administrasjon, er det tydeleg at lovutvalet ønskjer å skapa klarare rollefordeling mellom folkevalde og rådmannen/administrasjonen sin funksjon i kommunen.

Lovutvalet gjer framlegg om at leiar for administrasjonen skal ha tittel kommunedirektør. Oppgåver er i det vesentlege vidareførd, men for å tydeleggjera ansvar og rollar er det gjort framlegg om at kommunedirektør har eit særskilt ansvar for å gjera kommunestyret merksam på særlege utfordringar med å iverksetja vedtak. Kommunedirektøren får lovregulert direkte personalansvar for alle tilsette. I dag er dette delegert mynde frå kommunestyret.
Rådmannen er samd i at omgrepet folkevald er tydeleggjort i lovframlegget. Likeeins at delegasjonsreglar er teke direkte inn i lovteksten  samtidig som strukturen på kommunale organ og utval er stramma inn og tydeleggjort. Slike organ/utval skal ha folkevalde som medlemmer, og lova definerer kven som er folkevald. (§ 5-1, 4. ledd.) Sett opp mot endringar i oppdraget for kommunedirektør er dette med på å avklåra roller og ansvar mellom folkevalde organ/utval og administrasjonen. Lovutvalet ønskjer ein kjønnsnøytral tittel på administrativ leiar. Stillingsnemninga Rådmann er vel innarbeidd, og ein god tittel som relaterer seg til funksjonen i kommunen. Omgrepet rådmann bør lovfestast som stillingsnemning.
4. § 11-5 «Møteoffentlighet.» Gjeldande reglar er i hovudsak vidareførde. Nytt framlegg er å kunna lukka møte der organet skal motta informasjon frå kommunen sin advokat. Eit mindretal på 4 medlemmer i utvalet gjer i tillegg framlegg om lukningsheimel i eit nytt pkt d. «Hensynet til saksforberedende opplæring av medlemmene i organet tilsier det, og organet ikke skal realitetsbehandle en sak.»
Rådmannen er samd i framlegget om at informasjon frå kommuneadvokat kan vera grunn for å lukka eit møte. Rådmannen er ikkje samd i mindretalet sitt framlegg. Heile lovframlegget legg til grunn ein open kommune  med informasjonsplikt som berande prinsipp for demokratiske omsyn. Mindretalet sitt framlegg er vagt og inneber usikker tolkning, og synest ikkje å tena dei grunnleggjande prinsippa.
5. Kontrollutvalet. Lovutvalet gjer framlegg om at kontrollutvalet skal ha 5 medlemmer,
§ 23-1
Rådmannen er ikkje samd i dette. Lova set snevre grenser for kven som kan verta valde som medlemmer og rekruttering kan verta ein utfordring i mindre miljø. Kontrollutvalet bør difor ha 3 medlemmer som no.
6. Kap. 31. Statleg tilsyn. Fylkesmannen kan gje pålegg som følgje av avvik han har funne under tilsynsbesøk. Frist for retting er teke ut frå lova. Det tyder at forvaltningslova sin fristreglar gjeld. § 31-5 er eit nytt framlegg om at  kommunen ved statleg tilsyn kan klaga på vedtak og utøva andre partsrettar etter forvaltningslova. Etter 31-6 og 31-7 er fylkesmannen pålagt eit samordningsansvar for statlege tilsyn med kommunesektoren.
Rådmannen ser strukturen rundt statleg tilsyn som positivt, og dette underbyggjer  føremålsformuleringa i § 1-1. Framlegget om meir dialog med kommunen under planleggjing av statleg tilsyn er svært positivt. Rådmannen ser at arbeidsomfanget med å framskaffa dokumentasjon før statleg tilsyn er svært omfattande. Departementet bør difor vurdere om det bør innførast ein terskel for kva statleg mynde kan krevja av dokumentasjon i samband med tilsyn.

 7. Suspensjon. I reglane om suspensjon er det gjort framlegg om at kommunestyret kan under visse omstende kan ta vervet frå ordførar dersom han/ho viser seg uskikka til å ivareta vervet. Slikt vedtak må gjerast med 90% av stemmene. Eit mindretal i lovutvalet gjer framlegg om at denne regelen skal takast ut.
Rådmannen ser ein mogeleg utfordring for denne regelen dersom ordførar er direktevald og dermed har fått mandat direkte frå innbyggjarane. Omgrepet «Uskikka» vil ha både eit moralsk og eit rettsleg innhald, som i ein vurdering der det rettslege grunnlaget er styrande vil kunna setja objektiviteten på prøve. Rådmannen ser likevel konturane av utfordringar der ein slik bestemmelse kan vera aktuell å bruka, og gjev tilslutning til fleirtalet sitt framlegg.