Forsiden

Høringssvar fra Fyresdal kommune

Høyringsnotat vedrørande ny kommunelov.

Dato: 20.09.2016

Svartype: Med merknad

Høyringsnotat om ny kommunelov.

 

1. Overordna vurderingar.

 

 * Fyresdal kommune stør KS i si vurdering der det heiter "En kommunelov for styrket selvstyre og mindre detaljert statleg styring".

Føremålsparagrafen.

 

 Fyresdal kommune meir det er rett at prinsippet om det kommunale sjølvstyret blir lovfesta i kommunelova.

 

 

 

3. Kommunalt sjølvstyre.

 

 

  • Fyresdal kommune er samd med utvalet om at forholdmessigprinsippet bør kome sterkare fram i lova for å styrke det kommunale sjølvstyret. Dette inneber at nasjonale mynde ikkje bør gripe inn overfor kommunesektoren i større grad enn nødvendig for å ivareta dei aktuelle måla.

 

 

  • Fyresdal kommune er samd med utvalet om at ansvaret for oppgåvene bør leggast så nær innbyggjarane som råd og at ei stadfesting av dette i lova vil vere med på å styrke det kommunale sjølvstyret.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner kommunane bør ha rettsleg handlefridom og at ein for å lykkast med dette også må ha økonomisk handlefridom. Fyresdal kommune stør difor innarbeiding av finansieringsprinsippet i lova om at kommunane innafor rammene av nasjonal økonomisk politikk bør ha frie inntekter som gir dette økonomiske handlingsrommet.

 

 

4. Folkevalde og folkevalde organ.

 

 

  • Direkte val av ordførar kan motivere fleire til å bruke røysteretten og fleire kommunar har alt prøvd ordninga. Fyresdal kommune ser klart dei utfordringane det er å vere ordførar i eit kommunestyre der ordføraren er i opposisjon. Så lenge dette er ei valfri ordning for kommunane har ein ikkje innvendingar til at ordninga held fram.

 

 

  • Fyresdal kommune ser positivt på at politikarar som i vesentleg grad er folkevald tilsvarande 40% stilling eller meir bør ha same rettane som tilsette i høve til etterløn, velferdsgoder og sjukepengar.

 

 

  • Fyresdal kommune er skeptisk til at ordføraren skal kunne opprett utval på eige initiativ med mynde til å treffe vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning, sjølv med eit krav om tilbakemelding til kommunestyret.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner det kan vere ei god løysing at ordførar i møte i folkevalde organ han/ho ikkje er medlem av har forslagsrett og ikkje bare talerett. Ordføraren bør og kunne anke eit vedtak i eit folkevald utval og legge det fram for kommunestyret for endeleg avgjerd.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner at kommunestyret kan suspendere ordførar eller varaordførar (2/3 fleirtal i kommunestyremøte) om dei blir tiltalt for straffbare forhold, og at dei skal kunne få erstatning for enkelte høve. Ordførar/varaordførar kan fratas vervet på visse vilkår (9/10 fleirtal i kommunestyret) om dei blir vurdert som ikkje skikka til å ivareta vervet.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner at møte i folkevalde organ bør kunne lukkast i ei innleiande fase av sakshandsaminga når folkevalde har behov for opplæring/orientering i konkrete saker, men opna når saka blir sett til debatt.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner at personleg oppmøte er viktig å halde på, men at fjernmøte kan vere aktuelt i særskilte høve.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner at kommunane fortsatt bør stå fritt til om dei vil overlate lovpålagte oppgåver til anna rettssubjekt om det ikkje strir mot lova.

 

 

 

5. Informasjon og innbyggjardeltaking.

 

 

  • Fyresdal kommune er skeptisk til å utvide kommunen sitt ansvar for å informere. Innbyggjarane har gjennom dei mange tekniske løysingane som finnes i dag dei aller beste føresetnadane for å skaffe seg naudsynt informasjon. Ytterlegare krav om informasjonsansvar frå kommunane si side kan føre til ei passivisering av innbyggjarane til sjølv å ta initiativ for å skaffe seg relevant informasjon.

 

 

  • Fyresdal kommune delar utvalet sitt syn på at kommunane sjølv bør ha stor fridom til å vurdere kva måte innbyggjarane skal involverast på.

 

 

 

6. Administrasjonen.

 

 

  • Fyresdal kommune er samd i utvalet si vurdering om behovet for ei sterk og tydeleg folkevald styring av kommunen med omsyn til lokaldemokratiet og legitimitet. Fyresdal kommune er difor samd med utvalet i dei vurderingar som er gjor for å tydeleggjere folkevalde og administrasjonen sine ulike roller og oppgåver.

 

 

 

7. Kommunal økonomi.

 

 

  • Fyresdal kommune er skeptisk til å lovfeste plikt for kommunane til å bruke finansielle måltal. Det er ikkje dermed sagt at ein ikkje skal bruke slike måltal, men at ein gjennom opplæringstiltak og informasjon stimulerer kommunane til å ta slike måltal i bruk framfor å pålegge det i lov. Dersom slike måltal lettar gjer budsjett og rekneskapstal tilgjengeleg for folkevalde vil det vere bra.

 

 

  • Fyresdal kommune er i mot å innføre konsernrekneskap da utvalet si vurdering er at det er tvilsomt om nytteverdien av slik rekneskapsinformasjon forsvarar kostnadane. Slike vurderingar burde gjerast i større monn i mange samanhengar der kommunane blir stilt krav om ytterlegare dokumentasjon.

 

 

  • Fyresdal kommune har over tid praktisert å dekke eventuelt årleg meirforbruk på disposisjonsfond. Om ein slik praksis skal lovfestas kan for mange kommunar skape ein reduksjon i deira handlingsrom for gjeldande økonomiplanperiode.

 

 

 

8. Kommunale foretak og interkommunalt samarbeid.

 

 

  • Fyresdal kommune har ikkje noko i mot at begrepet interkommunalt samarbeid blir erstatta med kommunesamarbeid.

 

 

  • Utvalet foreslår å ta bort regelen i §27 som gir kommunane høve til å opprette eit styre til å løyse felles oppgåver. I staden for blir det lagt opp til ein regionrådsmodell og kommunalt oppgåvefellesskap. Dersom ein slik modell gjer det lettare å drive ulike kommunale samarbeid enn i dag synest regionrådstanken å vere god.

 

 

  • Utvalet foreslår at kommunale toppleiarar og kommunestyremedlemar ikkje kan bli valt til å sitje i styret for kommunale foretak. Fyresdal kommune er skeptisk til dette da kommunane får mindre handlingsrom enn det som er vanleg i aksjeselskap der eigarane kan sitje. Dessutan kan det bli vanskeleg å få til representasjon, i sær om kommunestyremedlemar ikkje får høve til å representere.

 

 

 

9. Eigenkontroll.

 

 

  • Fyresdal kommune er samd med utvalet i at det er ubalanse i forholdet mellom statsforvaltinga og det kommunale sjølvstyret som bør rettast opp i og at forvaltingskontrollen skal innrettast i respekt for at kommunane er sjøvstendige rettssubjekt. Fyresdal kommune har difor ikkje noko i mot at lovlegheten av statsforvaltinga si overprøving av kommunane kan prøvast rettsleg.

 

 

  • Fyresdal kommune har ikkje noko i mot at rekneskapsrevisor gjennomfører enkle kontrollar med om bruken av kommunale midlar. Dette da dei alt er godt kjent med kommunens sin økonomistyring.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner at internkontrollarbeidet bør ha stort fokus og at statsforvaltingas tilsynsarbeid kan reduserast. Dette da kommunane sitt internkontrollarbeid alt legg fram mykje tilgjengeleg materiale som statsforvaltinga bør bruke meir for å vurdere om tilsyn på staden er naudsynt å gjennomføre.

 

 

10. Statleg kontroll og tilsyn.

 

 

  • Fyresdal kommune er samd i utvalet si vurdering der dei foreslår å styrke samordninga av tilsyn som utførast av ulike tilsynsmynde. Dette for å gjere tilsyna både betre og meir effektive med mindre belastning for enkeltkommunar.

 

 

  • Fyresdal kommune meiner at praksisen for gjennomføring av tilsyn bør gåast gjennom.

 

 

  • Tilsynsorgana bør bruke meir tid på innsamla dokument for å vurdere om eit tilsyn på staden er nødvendig å gjennomføre.

 

 

  • Det bør gjerast mogeleg for tilsynsorgana til å kome med positive funn og ikkje bare avdekke negative med å stadfeste lovbrot. Meir dialogbasert tilsyn der positive og negative sider kjem fram i sluttrapporten vil fremje motivasjonen for å løyse oppgåvene.

 

 

Generell avslutningskommentar:

  • Fyresdal kommune er skeptisk til å innarbeide generelle tekstar i lov som ein ikkje kjenner rekkevidda av. Det er mange døme på at det kan vere vanskeleg å kjenne seg att i lovteksten når departement i etterkant utarbeider forskrift til lova. I ei kommunelov som skal omfatte dei mange ulike kommunane kan dette bli ei svøpe for det kommunale sjølvstyret som kan bli forsterke av at kommunane nå får tildelt fleire oppgåver. Det er viktig at endringane i kommunelova ikkje reduserar handlingsrommet til den enkelte kommune, men heller gir rom for å utvikle og framheve den enkelte kommune sin eigenart for å løyse oppgåvene til beste for innbyggjarane.