Forsiden

Høringssvar fra Stord kommune

Ny kommunelov - høyringsuttale frå Stord kommune

Dato: 07.10.2016

Svartype: Med merknad

Rett utskrift: møtesekretær

Saksprotokoll i Formannskapet - 05.10.2016

 

Vedtak (høyringsuttale):

Stord kommune ser det som positivt at kommunalt sjølvstyre vert lovfesta, og støtter hovudtrekka i dei føreslegne endringane i kommunelova.

 

Stord kommune støttar fleirtalet sitt syn når det gjeld moglegheita for å lukka møter i samband med saksførebuande opplæring. Kommunestyret støttar og fleirtalet sitt syn i kravet til at kjønnsbalanse ved forholdsval skal gjelda når ein ser organet under eitt. Etter kommunestyret si vurdering bør det likevel innførast ein unntaksregel for partssamansette utval (PSU), slik at folkevalde medlemmer av PSU vert unnateke frå lova sitt krav om kjønnsmessig fordeling.

 

Stord kommune støttar fleirtalet sitt syn når det gjeld rettsverknader av kompetanseoverskriding. Etter vår vurdering bør regelverket i denne samanhengen vera lik for all offentleg verksemd. Dette inneber at det ikkje bør lovfestast særskilte reglar for kommunal verksemd.

 

Stord kommune støttar forslaget frå fleirtalet om at fylkesmannen bør gjevast avgjerdsmynde til å

koordinere statlege tilsyn. Dersom omfanget av den samla tilsynsverksemda blir for stor, kan dette

føre til at tenesteutviklinga stoppar opp. Etter vår vurdering vil ordninga som er føreslege bidra til mindre belastning og meir effektiv gjennomføring av statlege tilsyn.

 

Stord kommune støttar forslaget frå utvalet om at det skal vera ei plikt for kommunane til å utarbeide eit samla rekneskap for kommunen som juridisk eining. Det vil sei at det må lagast eit samla rekneskap som består av kommunekassen og dei kommunale føretaka, samt andre verksemder som er ein del av kommunen som rettssubjekt, og som fører eige rekneskap. Ein vil med dette også få betre grunnlag for å samanlikna kommunane.

 

Stord kommune meiner at tittelen rådmann bør nyttast om øvste administrative leiar i kommunen.

Stord kommune vil elles peika på at departementet bør setja i gang harmonisering av andre lover som er kopla mot kommunelova. Eit døme på dette er krava i vallova til tal underskrifter på listeforslag frå

uregistrerte (nye) parti. Dersom krava til tal underskrifter på eit innbyggjarforslag aukar, bør

krava til tal underskrifter på eit listeforslag aukast tilsvarande.

 

Handsaming

Vedteke med 8 mot 1 røyst (SV)

******

Harry Herstad, Ap kom med framlegg om at tittelen som bør nyttast er rådmann som øvste administrative leiar i kommunen, slik det ligg føre i 6. avsnitt.

Rådmannen sitt framlegg til tittel var administrasjonssjef.