Forsiden

Høringssvar fra Hareid kommune - kontrollutvalet

HØYRINGSUTTALE TIL NOU 2016 - 4 - NY KOMMUNELOV

Dato: 06.10.2016

Svartype: Med merknad

Kontrollutvalet i Hareid kommune har i sak 28/16 handsama NOU 2016: 4 Ny kommunelov med særskilt fokus på kapittel 25 Kontrollutvalet og kontrollutvalssekretariatet , og vil kome med fylgjande uttale til denne:

 

  • Kontrollutvalet i Hareid kommune vil understreke at krav om årleg forvaltningsrevisjon (som i dag), er eit viktig verktøy i kontrollutvala sitt virke.

 

  • Kontrollutvalet i Hareid kommune  støttar kommunelovsutvalet sitt forslag om at kontrollutval skal bestå av minimum fem medlemer.

 

  • Kontrollutvalet ser det som avgjerande at kontrollutvalssekretariat vert oppretthalde som eit organ med kompetanse til å utføre oppgåver som utgreiar, sakshandsamar og administrator. For dagleg leiar i eit kontrollutvalssekretariat, bør det vere krav i lov eller forskrift om relevant høgare utdanning på minimum tre år.

 

Kontrollutvalet i Hareid kommune meiner at forslaget i kap. 25.3.4.2 der det heiter:

"Etter utvalgets mening har sekretariatet ikke anledning til å innhente informasjon og vurdere denne opp mot et regelverk, vedtak e.l. Dette vil etter utvalgets forslag være å utføre revisjon, og dermed en oppgave for revisor.", er svært uheldig.

Sekretariatet for kontrollutvalet har tre hovudoppgåver. Dei tre oppgåvene er utgreiar, sakshandsamar og administrator.

Kommunelovutvalet sitt forslag  avgrensar sekretariatet si rolle til berre å vere administrator ved å redusere nokre av dei viktigaste oppgåvene til sekretariatet som er ansvar for å påsjå at sakene i utvalet er forsvarleg utgreidd og at kommunen har ein forsvarleg revisjon.

Dette er alvorleg då det vil svekke kontrollutvala sin funksjon, og dermed det kommunale sjølvstyret innanfor kontroll og tilsyn. At slike oppgåver ligg til sekretariatet er heilt avgjerande for bestiller-utfører modellen i kontroll- og tilsynsordninga vi har i dag.

 

Ein slik bruk av omgrepet revisjon gir ikkje meining i høve revisjon slik den er definert gjennom nasjonale og internasjonale standardar, og ein bør ikkje utvide revisjonsomgrepet i kommunelova.

 

  • Kontrollutvalet i Hareid kommune  vil gjere det tydelig ovanfor departementet at vi ikkje støttar den ovanfor refererte formuleringa i kap. 25.3.4.2.