Høringssvar fra Suldal kommune
Ny kommunelov - høyringsvar frå Suldal kommune
Kommunestyremøte 18. september 2016:
Fakta Framlegg til ny kommunelov er på høyring. Medlemmene i kommunestyret fekk tilsendt debattgrunnlaget frå KS før sommaren, og formannskapet drøfta ulike problemstillingar på møtet 1. september. Med utgangspunkt i dette foreslår ordførar at Suldal kommune gir tilbakemelding til KS og departementet at ein ser at ein er usamd i desse framlegga frå departementet: NOU 8-4 og 8-6: Det er greitt at berre kommunestyret skal kunne oppnemna utval som har lang funksjonstid, t.d. ein kommunestyreperiode, men kommunestyret bør kunne gje utval og formannskap fullmakt til å oppnemna komitear med avgrensa verketid. Suldal kommune har gode erfaringar i å ha såkalla trepartsamarbeid. Det er difor ikkje ynskeleg med ein lovparagraf som ikkje gir høve til å ha folkevalde og administrasjon i same komité når slike blir oppnemnd med avgrensa oppgåver og verketid NOU 10: Suldal kommune har ikkje erfaringar med direktevald ordførar, men støttar framlegget om at dette skal vera opp til den enkelte kommune. NOU 13: Suldal kommune har ikkje hatt vanskar med å få vanleg lovpålagt kjønnsrepresentasjon i utval og formannskap. Det normale her har vore avtaleval. Partia ynskjer i utgangspunktet å ha sine frontpersonar i formannskapet, men kommunen ynskjer likevel endring som gjer det absolutt å ha minimum 40 % av kvart kjønn i utval og formannskap. NOU 11: Suldal kommune har kommunale foretak, eige kommunalt e-verk viktig her. Kommunen ser det som naturleg at eigar sine representantar, dvs kommunestyremedlemmer, også kan vera med i styret. Dette skal sjølvsagt ikkje vera ein del av ein politisk kabal. Kommunen vil åtvara mot ein lovparagraf som set absolutt forbod mot at kommunestyrerepresentantar er styremedlemmer i kommunale foretak. NOU 10 Kommunen støtter framlegget om at det skal vera høve til suspensjon av ordførar, men det er ynskeleg med tydelegare definisjon av «uskikka» NOU 29 Kommunen støttar framlegget om at internkontrollen blei heimla i kommunelova og ikkje i kvar særlov. NOU 7 Suldal kommune har ikkje hatt saker knytta til innbyggarinitiativ, men støttar likevel at talet som skal stå bak bør aukast frå 2 til 8 %. For vår kommune med knapt 3.000 røysteføre vil det seia at det er krav om 320 underskriftar mot no berre 80.
|
Kommunestyret - 054/16 K - handsaming:
Samrøystes vedtak i samsvar med innstilling. |
K: vedtak
Punkta gjengitt i saka blir utgangspunktet for høyringssvaret om ny kommunelov frå Suldal kommune. |