Høringssvar fra Førde kommune
Forslag til ny kommunelov - høyringsuttale frå Førde kommune
Svartype:
Med merknad
Samrøystes vedtak i Førde bystyre 29.09.2016
Førde kommune støttar i hovudsak forslag til endringar i kommunelova slik det går fram av NOU 2016:4 med følgjande unntak:Forslag om skjerpa kjønnsbalanse i kommunale organ slik det går fram av kapittel 13 i NOU 2016:4.Førde kommune er skeptisk til denne endringa fordi det representerer ein inngripen i lokaldemokratiet. Forslaget kan innebere negative effekter på samarbeidsklimaet mellom partia ettersom det kan opne for at eitt parti/partigruppe sin kandidat blir bestemt av kven som blir valt frå andre lister. Regelen vil også komplisere gjennomføringa av val av folkevaldeorgan etter forholdstalsprinsippet. |