Høringssvar fra Statistisk sentralbyrå
Høyringssvar - Kommunelovutvalgets utredning 2016_4 - Ny kommunelov
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo
Oslo, 28.09.2016
Dykkar ref.:16/1559-2 , Vår ref.:16/536
Sakshandsamar: Anni Fretheim
Høyringssvar- Kommunelovutvalets utredning 2016: 4 - Ny kommunelov
Statistisk sentralbyrå visar til brev av 6. april 2016 om ovannemnte. Høyringa er vurdert i forhold til statistikkbehov innanfor KOSTRA og offentlege finansar.
Statistisk sentralbyrå har følgjande tilbakemeldingar til lovutvalets forslag:
Kapittel 7 Innbyggardeltaking
7.5.3 Lokale folkeavstemmingar
Utvalet foreslår å flytte lovheimel §39b nr. 2 om lokale folkeavstemmingar frå paragrafen om lokale folkeavstemmingar til lovheimel om KOSTRA-innrapportering. Statistisk sentralbyrå støttar forslaget.
Kapittel 18 Interkommunalt samarbeid
18.6.4 Kommunalt oppgåvefellesskap og 18.6.5 Regionråd
Utvalet foreslår å erstatte dagens §27 om interkommunale samarbeid med organisasjonsformane kommunale oppgåvefellesskap og regionsråd. Høyringsforslaget legg opp til at kommunane kan velje å organisera dei nye organisasjonsformane som eigne rettssubjekt. Forslaget vil vidareføra problema som i dag oppstår kring registrering av §27 samarbeid i Brønnøysundsregisteret. Statistisk sentralbyrå klara ikkje å skilje ut §27 samarbeid som er eigne rettssubjekt frå dei som inngår i kommunen. Ein konsekvens av valfridom førar til dobbelt registrering eller bortfall i statistikken.
Statistisk sentralbyrå er opptatt av at alle typar kommunale organ bør nytta kjente organisasjonsformer med registreringsplikt i Brønnøysundsregisteret. Då dette er den einaste statistikk-kjelda Statistisk sentralbyrå har til å kartleggje kommunal aktivitet. Kommunale samarbeid som fell utanfor registreringsplikten i Brønnøysundregisteret vil ikkje kunne inkluderast i statikkgrunnlaget for kommunal sektor.
Kapittel 19 Økonomiforvaltning
19.5.4 Rekneskapsplikten
19.5.4.3 Utvalets vurdering
Statistisk sentralbyrå er samd i utvalet sin vurdering om at kommunane sjølv er best eigna til å setta saman eit rekneskap for kommunen som juridisk einig. Ut frå høyringa innebera dette at kommunen pliktar å levera eit konsolidert rekneskap som inkludera kommunekassa, kommunale føretak (KF), samt andre verksemder som må sjåast som ein del av kommunen som eit rettssubjekt.
Vidare meiner Statistisk sentralbyrå at kommunane også er best eigna til å setja saman eit konsernregnskap for kommunen, som innebera eit samla rekneskap med det konsolidert rekneskapet og rekneskapen frå andre rettssubjekt som kommunen er heil- eller deleigar av, som interkommunale selskap (IKS) og aksjeselskap. Dette vil auke kvaliteten på nøkkeltala i KOSTRA og gi betre grunnlag for samanlikning.
I tillegg til KOSTRA, nyttar Statistisk sentralbyrå regnskapa frå kommunale føretak, fylkeskommunale føretak og interkommunale selskap til å utarbeide statistikk om offentlege føretak, samt til utarbeiding av nasjonalrekneskapet. Statistisk sentralbyrå vil fortsatt ha behov for ovannemnte rekneskap til utarbeiding av desse statistikkane etter Statikkloven §2-2 og §3-2, dersom kommunane skal levera konsolidert rekneskap til KOSTRA.
Kapittel 31 Merknadar til dei einskilde avgjerslene i lovforslaget
Kapittel 16. Kommunanes og fylkeskommunanes rapportering til staten Til §16-1 Rapportering til statlege myndigheiter (KOSTRA)
Utvalet føreslår å vidareføra kommunelovens §49 nr. 2 til §16-1 første ledd og §39 b nr.2. til §16-1 andre ledd. Vi støttar forslaget om vidareføring av lovheimlane.
Statistisk sentralbyrå anbefaler å bruka allereie etablerte rapporteringsløysingar, som til dømes KOSTRA, dersom ny relevant informasjon skal samlast inn i samband med innføringa av ny lov. Ved å bruke allereie etablerte rapporteringsløysingar er sjansane større for å halde dei økonomiske og administrative kostnadane nede ved innføring, både for kommunane og sentrale myndigheiter. Det kan vera vanskelegare dersom ein etablerer nye rapporteringsløysingar og gjennomfører eigne særrapporteringar berre til dette føremålet.
Med vennleg helsing
Anna Rømo
Fagdirektør
Kopi: Finansdepartementet