Høringssvar fra Landsorganisasjonen i Norge

Høyring NOU 2017 4 Delingsøkonomien muligheter og utfordringer

Dato: 25.04.2017

Svartype: Med merknad

Vi viser til brev av 7.2.2017 der LO vert invitert til og gje høyringsfråsegn om NOU 2017:4 Delingsøkonomien – muligheter og utfordringer.

 

Medlemsforbunda til LO er bedne om å gå gjennom utgreiinga og melda synspunkt. Mange har gjort det, deira synspunkt er arbeidd inn i denne fråsegna.

 

Bakgrunn

Bakgrunnen for utvalets arbeid er at ny digital økonomi gjer det mogeleg å tilby tenester og varer gjennom nettbasert teknolog. Der kan tilbydarar og etterspørjarar av tenester knytast saman gjennom små dataprogram (appar) som forenklar kommunikasjonen og pengeoverføringar mellom dei. Denne økonomien har hatt spesielt stor vokster i USA og Europa dei to siste åra. Mange har meint at fordi teknologien er lett tilgjengeleg, vil økonomien endrast vesentleg, og kan ikkje regulerast eller stoppast. Sjølv om vi ser stor vokster, har myndigheitene i mange land reagert raskt, og teke grep. Somme stader vert einskildtenester regulert medan andre vert hjelpt fram. I Noreg fekk Delingsøkonomiutvalet eit vidt mandat til både å sjå på vekstpotensiale, ressursutnytting og å vurdera trong for nye reguleringar eller endringar i eksisterande regelverk.

 

Utvalet har på kort tid klart å få fram mykje kunnskap om eit til dels uoversiktleg område. Dei har etter vår vurdering mange gode drøftingar om utfordringane delingsøkonomien kan gje for framtidas arbeidsliv. I hovudsak kan vi stilla oss bak utvalet sine omtalar og forslag til tiltak der utvalet er samrøystes som:

-           Informasjonsportal om rettar og plikter i delingsøkonomien

-           Styrka dialog og meklingstilbod på forbrukarområdet

-           Rapporteringsplikt til skattemyndigheitene for delingsøkonomiplattformer

-           Forenkla skattehandsaming av småinntekter frå tenester

 

LO sitt utgangspunkt er at vi støttar bruk av ny teknologi som gjer kvardagen lettare for folk, og som gjev meir effektive løysingar for samfunnet. Element i "delingsøkonomien" som kan definerast som faktisk delingsøkonomi, kan vere positivt for samfunnet, og bidra til meir effektiv ressursbruk. Spesielt med tanke på å redusere klimautslepp, som blant anna deling av bilbruk i byområder. Men "ny teknologi eller organisering" som legg opp til gamaldagse løysingar, som svekker skattegrunnlaget og arbeidstakarane sine rettar og produktivitet, er ikkje gode løysningar for samfunnet.

Mange av fleirtalsinnstillingane er prega av passivitet, og at ein avventar vidare utvikling. Erfaringar frå, mellom andre USA, er at veksten i delingsøkonomien har vore kraftig på relativt kort tid. Ei avventande haldning kan derfor føra til at dei negative konsekvensane ved delingsøkonomien kan slo rot også i samfunnet vårt. Varige kulturendringar i arbeidsliv og negativ skattevilje kan etablera seg raskt. Samstundes kan delar av den norske modellen raskt komma i spel dersom ein ventar på marknaden, på EU eller på andre.

 

Mandatet peikar spesielt på at ulike utfordringar i arbeidsmarknaden må vurderast i høve til tilsetjingstilhøver, samarbeidet i arbeidslivet, problemstillingar knytt til arbeidsmiljølova og til vilkår for ytingar frå folketrygda. LO meiner at det er behov for mykje meir aktiv og handlekraftig politikkutforming på dette feltet enn utvalet legg opp til. Der utvalet ikkje er samde støttar LO:

  • Mindretalet sitt forslag om å setja ned eit lovutval for å vurdera arbeidstakaromgrepet
  • Mindretalet sitt forslag om å greia ut om det er behov for endringar i pensjons- og trygderettar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar
  • Mindretalet sitt forslag om utgreia HMS-konsekvensar i delingsøkonomien for å vurdera om det er behov for endringar eller presiseringar i regelverket
  • Fleirtalet sitt forslag om at utøvarane kan forhandla fram kollektive avtalar med plattformdrivarane slik som det vert foreslått i kapittel 5
  • Fleirtalets forslag om skatt og avgift. Presisering om at intensjonen om at aktørar i delingsøkonomien betalar skattar og avgifter på lik line med andre, blir realisert omgåande
  • Fleirtalet når det gjeld skattlegging av korttidsutleige av eigen bustad
  • Mindretalet si vurdering om at å køyra drosje er eit yrke, og at drosjenæringa er og bør vera ein del av kollektivtransporttilbodet i Noreg

 

Delingsøkonomi rett omgrep?

Omgrepet delingøkonomi er ikkje godt når ein med eitt ord vil sei kva dette handlar om. Både debatten om delingøkonomi og NOU’en handlar om eit mangfald av bransjar, alt frå vidaresal av forbruksvarer, overnatting og turisme, til drosjetenester. Fellesnemnaren som går att, er at aktørane opererer på ein digital plattform, som mobil-app og internett. Utvalet har tvilt seg fram til å nytta omgrepet delingsøkonomi, samstundes avgrensar utvalet arbeidet sitt til dei delane av den nye økonomien som handlar minst om deling og mest om økonomi.

 

Dette vert tydeleg illustrert ved at utvalet sjølve skriv:

 

"Arbeidsoppdrag mellom privatpersoner er ikke noe nytt, men omfanget kan øke som følge av at formidlingen skjer mer effektivt enn før. Utviklingen av egne formidlingsplattformer for arbeidskraft legger til rette for økt utsetting av oppgaver fra tradisjonelle bedrifter, i noen grad til erstatning for egne ansatte. Hvis denne måten å organisere økonomisk aktivitet på blir omfattende, har det potensial til å endre arbeidsmarkedet og i siste instans også andre samfunnsforhold. Vekst i delingsøkonomien kan svekke bedriftens rolle som produksjonssted, og dermed også svekke de funksjonene bedriften ivaretar som arbeidsgiver. Dette dreier seg om samarbeid og medvirkning på arbeidsplassen, vern av helse, arbeidsmiljø og sikkerhet, lønnsforhandlinger og et visst inntektsansvar. Inntektsansvaret kommer til uttrykk ved at det er bedriften som på kort sikt bærer risikoen dersom det er mangel på arbeid. Stillingsvernet gir ansatte tid til å omstille seg og finne nytt arbeid ved nedskalering, samt vern mot usaklig oppsigelse. Noen av disse forholdene er motytelser mot at en arbeidsgiver har styringsrett og at arbeidstakere som følge av dette har et vernebehov. Dette behovet er ikkje det samme dersom det ikkje foreligger styringsrett."

 

Det er i mange tilfelle ikkje er snakk om deling, men om arbeid og om økonomi. Som døme kan vi bruka overnatting. Dersom ein let nokon overnatte på ein sofa i stova si (couchsurfing), kan ein sei at det er å dela ein ubrukt ressurs. Dersom ein flyttar ein bustad frå ein vanleg utleigemarknad inn på kortidsleigemarknad (AirBnB), er det snakk om kommersiell og profesjonell utleige.

 

For overnatting er det ikkje nytt at det er mogeleg å kjøpa overnattingstenester gjennom en app. OTAene (Online travel agency) har lenge tilbode dette. For transporttenester er situasjonen at fleire drosjeselskap allereide har utvikla appar for bestilling av tenester. Slik sett er dette ikkje anna enn ein ny konkurrent, men som konkurrerer med andre rammerføresetnader enn den tradisjonelle drosjenæringa. Eit anna døme er det norske selskapet nabobil.no der privatpersonar leiger ut bilen sin til andre privatpersonar. Nabobil.no tener også pengar på dette.

 

Kjernen i denne økonomien er at ein kommersiell aktør nyttar ein digital plattform for å kopla saman tilbydar og mottakar. Den kommersielle aktøren kan slik reknast som ein formidlar. LO argumenterte i eit notat frå juni 2016 (Samhandlingsøkonomien) at det beste vil vera å gå bort for bruken av delingsøkonomiomgrepet, og heller nytta omgrepet som EU-kommisjonen foreslår, "Samhandlingsøkonomi". Utvalet seier sjølv at både plattformøkonomi og formidlingsøkonomi kan dekka deler av økonomien. Det kan virka som om det vert gjort eit forsøk på å beskriva delingsøkonomi, eller delingsøkonomi som noko nytt, framande og ikkje minst positiv for framtidig effektivisering av økonomien. Både "plattformøkonomi" og "formidlingsøkonomi" kan vera betre omgrep, fordi det i større grad beskriv korleis aktørane opererer. Dei som formidlar tenestene er dei som reelt får det meste av fortenesta, samstundes som dei dreg seg unna ordinært arbeidsgjevaransvar.

 

Dette gjer "delingsøkonomi" til et lite presist omgrep. Vi vil likevel bruka same omgrepet som utvalet i det følgjande.

 

Arbeidsliv

LO er samd med utvalet i at dei nye teknologiane kan gje store moglegheiter for norsk arbeidsliv, som har tradisjon for å endrast. Norske arbeidstakarar har til dømes stått i spissen for å få utvikla ny teknologi som kan erstatta tunge løft i eldreomsorga, eller som kan gjera norsk industri både meir effektiv, produktiv og klimavennleg.

 

Noreg sin styrke er vårt samarbeidsorienterte, trygge, kompetanseskapande, innovative og produktive arbeidsliv der faste stillingar er hovudregelen. Den norske arbeidslivsmodellen byggjer på samarbeid mellom partane i arbeidslivet og med myndigheitene. Reglane som skal sikra økonomi for å garantera og vidareutvikla velferda, spelar saman med reglane som skal sikra arbeidstakarane eit trygt og sikkert arbeidsliv. Reglane er dels bygd på lover og reguleringar og dels på avtalar mellom likeverdige partar. Eit velorganisert arbeidsliv med aktive og ansvarlige fagforeiningar, er føresetnaden for eit trygt og berekraftig arbeidsliv. Dette samspelet har vist seg å vera godt eigna til å møta endring som følgje av endringar i teknologiar og marknader.

 

Utvalet peikar på at det er vanskeleg å sei sikkert korleis dei nye teknologiane vil veksa og kor omfattande dei vil verta, men det synest sikkert at dei vil påverka samfunns- og arbeidslivet på mange måtar. Utvalet syner mange konsekvensar, og kjem med forslag korleis dei kan løysast. Utvalet peikar på mogelege konsekvensar for arbeidsmarknaden, og viser at det enno er usikkert korleis dei nye måtane å arbeida på vil påverka tryggleiken og statusen til tenesteleverandørane . Det vert peika på mange mogelegheiter som følgje av den teknologiske utviklinga. Fleire av dei mest sentrale utfordringane knytt til delingsøkonomien er derimot ikkje godt nok handsama av utvalet. Noreg har utfordringar knytt til auke av mellombelse tilsetjingar, undersysselsetjing (små stillingsbrøkar), kreativ selskapsorganisering for å unngå arbeidsgjevaransvar, sosial dumping og underbetalte jobbar. I delingsøkonomien finn vi dømer på alt dette. Det er slik eit paradoks, at fleirtalet samstundes ikkje ønskjer å greia ut dei viktigaste utfordringane.

 

Delingsøkonomi, produktivitet og effektiv ressursbruk

Fleire stader seier utvalet at delingsøkonomien kan bidra til meir effektiv ressursbruk i samfunnet. Grunngjevinga er at tilgjengelege ressursar vert utnytta meir effektivt og at det vert reduserte transaksjonskostnadar i ulike marknader informasjonen er meir tilgjengeleg. Samstundes vert det trekt fram at det er fleire mogelege produktivitetsgevinstar relatert til at delingsøkonomien vert vidareutvikla. Alt i alt meiner utvalet at delingsøkonomien vil gje produktivitetsgevinstar og effektiv ressursbruk.

 

Det er ei for snever forståing av den samla effekten. Fleire arbeidstakarar i delingsøkonomien kan også bidra til lågare produktivitet, og slik redusert økonomisk vokster på lengre sikt fordi:

  • Arbeidstakarar arbeidar utanfor eigne fagområder
  • Manglande oppfølging av opplæring og utvikling av fagområdet
  • Fråvær av bedriftskunnskap; kunnskap eller «know-how» bedrifta har tileigna seg over tid.
  • Fråvær av spesialisering innanfor bedrifta; "alle skal kunna alt"
  • Utfordringar med HMS-tiltak og dermed mogeleg auke i sjukemeldingarDet er også somme overordna element ved delingsøkonomien som kan bidra til lågare produktivitetsvekst:
  •  
  • Monopolistisk struktur med nye aktørar i delingsøkonomien, og fare for å knekka dei seriøse aktørane innan dømesvis reiseliv, reinhald, transport, ved å tillata konkurranse på ulike vilkår
  • Fleire arbeidstakarar i tenestesektorar der det er vanskeleg å auka effektiviteten utan at kvaliteten fell (Baumol-effekten). Lågproduktiv tenesteøkonomi er ikkje "noko å leve av etter olja"
  • Plattformselskapa investerer lite i dei landa dei opererer i, men legg til rette for transaksjonar ved å tilby sikkerheit til kjøpar og seljar
  • Svekking av sentralisert og koordinert lønnsfastsetjing, og dermed redusert produktivitetsvekst på bedriftsnivå (Barth, Moene og Wallerstein, 2003)

 

Betre og meir tilgjengeleg teknologi som vil redusera transaksjonskostnader og asymmetrisk informasjon, vil sjølvsagt vera ein gevinst for samfunnet. Men det i seg sjølv er ikkje ein "ny ting". Det avgjerande er at ny teknologi bidreg til at samfunnets samla ressursbruk vert meir effektiv, og ikkje at det vert laga rom for at ulike aktørar kan konkurrera på ulike vilkår.

 

Likestilling mellom kvinner og menn

Konsekvensar for likestilling mellom kvinner og menn er ikkje utdjupa nærare i utvalet sitt arbeid. Mari Teigen seier i Agenda Magasin 24. mars i år at vi må tenkja høgt om korleis teknologi vil påverka arbeidslivet i framtida, og kva det vil gjera med norsk likestilling- og familiepolitikk. Ho viser i artikkelen sin til at nye teknologiar tidlegare har gjeve endringar som ingen hadde tenkt før dei vart innførde.

 

Fordi delingsøkonomien i følgje utvalet vil påverka arbeidslivet, burde dei også ha sett nærmare på likestillingskonsekvensar. Teigen reiser i artikkelen sin relevante spørsmål som; Kva likestillingsutfordringar vil teknologiske endringar gje, og kva politikk må møta den? Vil den nye teknologien trekkja i meir likestilt retning eller motsett. Vil balansen mellom arbeidsliv og familieliv verta utfordra. Kva konsekvensar for likestillinga får vi dersom det vert meir frilans og lausarbeid? Ho peikar og på at kostnadane for den einskilde ved å nytta ulike foreldretiltak som fedrekvote kan verta for store.

 

Utvalet har synt at der delingsøkonomien har etablert seg no, både i Noreg og utanlands, er det spesielle tenesteområder som skil seg ut. Nokon er mannsrike, medan andre er meir kvinnerike. LO ber om at likestillingsutfordringane vert vurdert grundig i den vidare oppfølginga av utvalet si utgreiing.

 

Kan bidra til auka ulikskap

Det velorganiserte arbeidslivet som har gitt Noreg dei gode resultata, vert utfordra av en del av disse tenestene. Dette er ikkje eit teknologisk spleiselag til det beste for velferdsstaten og arbeidslivet, men noko som utfordrar velferdsstaten og det organiserte arbeidslivet.

 

Utvalet drøftar om auka omfang av delingsøkonomien kan påverka ulikskap. Utvalet meiner at den samla effekten på ulikskap er usikker. LO meiner det er fleire aspekt ved delingsøkonomien som bidreg til større ulikskap enn dei som reduserer ulikskapen:

  • Mindre omfang av sentralisert og koordinert lønnsdanning
  • Arbeidstakarar kan verta "låst fast" i låginntektsjobbar
  • Ulike arbeidstakargrupper vinn og taper i delingsøkonomien. Arbeidstakarar med høg utdanning og ev. fulltidsjobb kan nytta plattformar til å auka inntekt. Arbeidstakarar med lågare formell kompetanse i serviceyrker kan bli stengd ute frå den ordinære arbeidsmarknaden
  • Inntektsulikskapen har også auka relativt kraftig i Noreg dei siste tiåra. Frå 1986 og til 2015 auka den med 26,4 prosent, og frå 2013 har auken vore på 9,1 prosentpoeng (SSB, 2016). Konsekvensane av at ulikskapen aukar, gjev utfordringar på fleire områder i samfunnet
  • Tidlegare studiar har vist at samfunn med store ulikskapar har mest sosiale problem, kriminalitet, mindre samhald og dårlegare helsetilstand
  • I samfunn med stor inntektsulikskap betyr pengar meir for utfallet i demokratiske valg
  • auka ulikskap kan også hemma den økonomiske voksteren (OECD, In it together, 2015).
  • Auka ulikskap kan føra til mindre støtte til velferdsstaten

 

Arbeidstakaromgrepet i delingsøkonomien

Delingsøkonomien utfordrar det organiserte arbeidslivet på fleire områder. Utvalet syner sjølv ein av konsekvensane for arbeidstakarane i delingsøkonomien.

 

"Den aktivitet som utføres av tjenesteyterne innenfor delingsøkonomien er gjerne aktivitet som tidligere ble utført og fortsatt utføres av ordinære arbeidstakere. Det nye ligger i at man gjennom ny teknologi kan legge til rette for å organisere virksomheten på en måte som ikke lenger nødvendiggjør ordinære ansettelsesforhold. Styrkeforholdet mellom partene er ikke nødvendigvis jevnbyrdige, kontraktsvilkårene er ofte ikkje gjenstand for forhandling, og tjenesteyterne er ikkje nødvendigvis profesjonelle næringsdrivende."

 

LO ser klare negative sider ved ei utvikling der formidlingsplattformar for arbeidskraft, legg til rette for auka utsetting av oppgåver frå tradisjonelle bedrifter. LO meiner at det er spesielt utfordrande med ei utvikling der like arbeidsoppgåver med eigne tilsette til å utføra desse oppgåvene, går frå å vera faste stillingar, til å vera kategorisert som oppgåvene til ein sjølvstendig næringsdrivande. At ein går frå godt vern med rettar til både sjukepengar og trygder, til eit utrygt tilvære der ein er avhengig av en oppdragsgjevar sin gunst til ei kvar tid.

 

Slik vekst i delingsøkonomien kan på sikt redusera talet på faste tilsette sterkt, og dermed svekka dei funksjonane bedrifta har som arbeidsgjevar. Dette dreier seg om samarbeid og medverknad på arbeidsplassen, vern av helse, arbeidsmiljø og sikkerheit, lønsforhandlingar og eit visst inntektsansvar. LO meiner det er viktig at vi tek vare på innhaldet i den norske arbeidslivsmodellen, som har medverka til god økonomisk utvikling i Noreg. Vi må sjå på arbeidsmiljølova i lys av dei endringane som skjer i arbeidslivet, spesielt den digitale utviklinga, og slå fast kva kvalitetar vi meiner det er viktig å verna om.

 

LO meiner det er eit klart behov for klarare rettslege grensedragingar for arbeidstakaromgrepet. Det må vera teknologinøytralt, og omfatta alle avtaleformer der det er vernebehov. Det må så snøgt som råd er gjerast ei grundig utgreiing om innhaldet i arbeidstakaromgrepet. Det må ta utgangspunkt i dei reelle arbeidsoppgåvene og dei behova som føl av desse. LO meiner at moment som personleg arbeidsplikt, styringsrett og ujamnheit i avtalestyrke, bør tilleggas særleg vekt i spørsmålet om en person må seiast å ver en arbeidstakar med det vernet det gjev.

 

LO stør mindretalet, utvalsmedlemmet Tinnlund, sitt forslag om at det vert sett ned eit lovutval som skal vurdera arbeidsmiljølova si omgrepsapparat. Denne utgreinga må sjå spesielt på om det skal vera avgjerande for ein arbeidstakar kva for juridisk organisering arbeidsgjevar vel, eller om det skal takast utgangspunkt i kva oppgåver som faktisk vert utført.

 

Behov for HMS-utgreiing

I kapittel 5.4.9.1 kjem det fram at:

 

"dersom plattformeier ikke har arbeidsgiveransvar, og dermed ikke HMS-ansvar, stilles det ingen krav til HMS-opplæring, krav til systematisk risikovurdering, rutiner, forebygging, tilrettelegging mv. Den enkelte må selv sørge for å arbeide under fullt forsvarlige forhold. Arbeidsoppgavene som utføres innenfor delingsøkonomien, i hovedsak er de samme som utføres i tradisjonell økonomi/tradisjonelle arbeidsforhold, og den samme helsefarlige eksponeringen vil i prinsippet kunne oppstå".

 

LOs utgangspunkt er regulering av delingsøkonomien på ein slik måte at den sikrar at tilbydarane får ivaretatt HMS på samme måten som arbeidstakarar elles i arbeidslivet.

 

Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) har etter eige initiativ bestilt utgreiingsprosjekt om delingsøkonomien. Når utvalet som ikkje har særskilt kompetanse på HMS avviser behov for vidare utgreiing på ei av kjerneoppgåvene for utgreiinga, konsekvensar for arbeidslivet, er det etter LO sitt syn ei uforsvarleg handsaming av eit spørsmål som kan komma til å få store konsekvensar for mange.

 

Utvalsmedlemmet Tinnlund refererer i ein merknad til ein delrapporten som ASD har bestilt, (Fafo-notat 2016:23). Den viser at det er lite faktisk kunnskap om HMS-utfordringane i delingsøkonomien. I notatet kjem det fram at fleire av plattformselskapa som er etablert i Noreg, vel å tilsetja tilbydarane, slik at arbeidsrelasjonen liknar det vanlege arbeidslivet. Notatet viser bl.a. til ein rapport frå Arbeidstilsynet som grunngjev tilsynsbesøk sitt med at dei meiner det spesielt viktig å gjera tilsyn med nye verksemder, og med verksemder der det er mange unge arbeidstakarar.

 

Det er mykje som tyder på at det er høgare del unge i delingsøkonomien enn det er elles i arbeidslivet. Fordi mykje framstår som nytt i delingsøkonomien, er det spesielt viktig å følgja nøye med på utviklinga. Det er derfor hensiktsmessig å utgreia nærmare HMS-konsekvensar i delingsøkonomien. Målet med ei slik utgreiing er å ha oppdatert kunnskap som grunnlag for å vurdera om det er behov for endringar eller presiseringar i regelverket. Ei endring kan til dømes vera å utvida eller presisera AML §2-2 slik at regelen også gjeld oppdragstakarar som er digitalt tilknytt, dvs. ei plikt for plattforma til å sjå til at HMS vert sikra for oppdragstakarar sjølv om dei ikkje er fysisk til stades i verksemda sine lokalar.

 

Personvern, kontroll og overvaking

Både tilbydarane og brukarane av tenester via elektroniske plattformar, må dela personleg informasjon for å kunna gjera transaksjonen. Det kan vera opplysingar som personnummer, bank/kredittkortinformasjon, lokasjon og telefonnummer. Det er også vanleg at tenestetilbydarane sitt arbeid , veremåte, framferd mv. vert vurdert av brukarane. Denne vurderinga vert delt mellom brukarane.

 

Utvalet konkluderer med at dersom slik deling skjer frivillig, vil det vera basert på informert samtykke i høve til personopplysingslova, og i seg sjølv ikkje vera problematisk. LO vil likevel peika på at denne praksisen, sjølv om den kan vera tryggleiksskapande, også kan representera det motsette. Fafo og Senter for rettsinformatikk (SERI) har frå 2007 undersøkt korleis nye teknologiar kan nyttast for å overvake og kontrollera arbeid og arbeidsinnsats. Forskinga er gjennomført i norske verksemder som i utgangspunktet er underlagt norske reglar for korleis slik overvaking kan skje, og korleis innsamla data skal handsamast og når dei skal slettast. Mange plattformselskap samlar inn data på same måten. Teknologiar som registrerer store mengder personsensitive opplysingar om en arbeidstakar set personvernet under press (Bråten og Tranvik 2015).

 

Når ei verksemd opererer over landegrensene, vil det vera utfordrande å sikra at personvernet blir godt nok ivaretatt. Spesielt fordi mange ikkje erkjenner å ha arbeidsgjevaransvar. Den norske forsking kan ikkje konkludera klart med HMS-risiko knytt til slik personkontroll, men peikar på at der er det en viss samvariasjon mellom negative arbeidsmiljøfaktorar og kontroll og overvaking. Utvalet har ikkje drøfta grundig desse utfordringane, men viser mellom andre til Jesnes mfl. (2016) som seier at kontroll, overvaking og personvern kan sjå ut til å vera problematiske områder når ein skal vurdera delingsøkonomien sitt inntog i Noreg. LO meiner at dette også bør takast med i ei utgreiing om HMS-utfordringar i delingsøkonomien.

 

Vidare ser LO at det er behov for grundig utgreiing av helseskadelige arbeidsforhold, for lang arbeidstid og usaklege oppseiingar. Dette må vurderast opp mot alternativet som er at dei vert klassifisert som avtalepart utan nokon form for vern.

 

LO støttar derfor mindretalet Tinnlund i at HMS-konsekvensar i delingsøkonomien må utgreiast nærare.

 

LO støttar også at det er behov for ei utgreiing som skal ha siktemål om å forenkla og gjevne ut ulikskapane mellom oppdragstakarar og tilsette arbeidstakarar, slik mindretalet Mjåset og Tinnlund held fram.

 

Frilans og sjølvstendig næringsdrivande

Erfaringar, både frå Noreg og elles i Europa, syner at det er behov for å gjera noko med "falske sjølvstendig næringsdrivande". Makttilhøvet mellom plattformselskapa og enkeltståande tenesteytarar er skeivt. Ofte kan lønnsnivået bli svært lågt. Plattformeselskapa legg sterke føringar på prisar som kan krevjast for eit oppdrag. Dette er også ein situasjon som tilseier at utøvarane må sjåast på som tilsette når dei i så sterk grad er avhengige av plattformselskapa. Det er rimeleg at utøvarane då kan forhandla fram kollektive avtalar med plattformeigarane slik som det vert foreslått i kapittel 5.

 

LO er samd med fleirtalet i utvalet om at tenestetilbydarar i delingsøkonomien som ikkje set fast prisane sjølv, må ha høve til å forhandla fram kollektive avtalar med plattformdrivar.

 

Trygderettar og pensjonssparing for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

Ein effekt av delingsøkonomien, er at det utfordrar det organiserte arbeidslivets trygde- og forsikringsordningar for den einskilde.

 

Utvalet viser at det er risiko for at mange av dei som deltek i delingsøkonomien i framtida, vil vera sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar. Dei vil kunna ha relativt låge inntekter. Inntektene til den enkelte vil vera basert på etterspurnad i marknaden og kan derfor bli svært uføreseielege eller falla heilt bort i periodar.

 

I dag er det eit fåtal frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande som kjøper frivillige forsikring avtalar. Det tyder i seg sjølv på at det kan vera naudsynt å sjå nærare på om dagens ordningar er dei beste også for framtida. LO meiner at det bør utgreiast nærare om det er behov for endringar i m.a. pensjon- og trygdeordningar for desse gruppene. Målet med ei slik utgreiing bør vera å forenkla og å gjevna ut dagens skilnader mellom oppdragstakarar og tilsette arbeidstakarar. LO er samd med utvalet i at eventuelle endringar i utbetalingar må følgjast av endra plikter til innbetaling til folketrygda. Utvalsmedlemmet Tinnlund viser i merknaden sin til at både Tankesmia Agendas perspektivnotat, "Frilansere: Frihet og frykt", og Menons siste rapport, "organisering av arbeidsliv", peikar på fleire endringar som bør utgreiast nærare.

 

LO støttar mindretalet Mjåset og Tinnlund sitt forslag om at det bør utgreiast nærmare om det er behov for å endra ordningane for pensjonssparing for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.

 

Skattar, avgifter og konkurransekraft

Utvalet drøftar godt dei ulike utfordringane knytt til rapportering og skattlegging av tenester i den nye økonomien.

 

Utvalet peikar på at dersom vi skal oppnå god bruk av ressursar i samfunnet, er det viktig at konkurransen mellom dei ulike aktørane er på like vilkår. Dersom somme aktørar går rundt eller dreg seg unna rammevilkår, undergrev dette effektivitetsfremjande eigenskapar som konkurransen kan ha. Sjølv om unndraging frå plikter kan bidra til billigare tenester for enkelte forbrukarar, er det viktig å poengtera at dette gjev store samfunnsøkonomiske tap. LO meiner derfor at vi må ha eit regelverk som hindrar slike situasjonar, og vi forventar tydelig handheving av dette.  

 

Utgangspunktet for utvalet si vurdering av skattespørsmål, er at aktørar i delingsøkonomien bør skattleggast på lik line med andre. LO støttar dette prinsippet fullt ut. Skattar og avgifter finansierer mykje av den velferda vi har i Noreg. Dersom slike inntekter fell bort, kan velferdsstandarden vår verta redusert. LO meiner det er svært utfordrande dersom vi i praksis let nye aktørar hindra staten i å få inn slike inntekter.

 

Den norske staten har fleire samlepostar med skattar og avgifter på statsbudsjettet. Dei tre største er inntektskatt for privatpersonar, meirverdiavgift og arbeidsgjevaravgift, som til saman utgjorde rundt 60 prosent av samla skatter og avgifter i 2016. Nokre av dei nye aktørane innan delingsøkonomien har som hovudstrategi å ikkje betale, einskilde eller ingen, av desse postane. Reduksjon i offentlege finansar kan få negative konsekvensar for utforminga og omfanget av velferdstenestene, som jo er det sosiale sikkerheitsnettverket i Noreg. Den totale effekten vil være redusert velferd for befolkninga samla sett. Dette er ikkje berekraftig på sikt.

 

Utvalet peikar på problemstillingar rundt eigarskap, tilhøyring, fast driftsstad og aktivitetsgrad, når skatteplikt til Noreg skal vurderast. LO meiner at alle selskap som har vesentlige inntekter frå norske forbrukarar eller bedrifter, skal betala skatt og meirverdiavgift av aktiviteten sin i Noreg. Dette bør gjelda uavhengig av om inntektene kjem frå fysiske sal eller gjennom nettbaserte løysingar, og uavhengig av om selskapet er registrert i Noreg, eller kvar leiinga og styret har møter. Dersom vi let somme selskap utvikla seg slik at dei slepp å betala skattar, eller krevja inn avgifter for den drifta dei driv, vil også andre på sikt krevja å få sleppa å betala dei same skattane og avgiftene. Eller dei vil gå konkurs. Ein slik negativ spiral vil vera vanskeleg å handtera. Det er derfor viktig at det vert gjort ein større innsats enn i dag, for å redusera skattetapet ved skatteplanlegging/unndraging til multinasjonal bedrifter. LO krev derfor at det alt no vert teke aktive grep, både i norsk rett og i høve til internasjonale avtalar, som effektivt hindrar omgåingar av innbetaling til fellesskapet. Det er og avgjerande at kontrollinstitusjonar som Skatteetaten, Arbeidstilsynet og Økokrim får nok ressursar for å sikra at lover og reglar vert følgde.

 

Dei nye aktørane i delingsøkonomien baserer seg ofte på mange enkeltpersonar som kvar gjer ein liten arbeidsinnsats i løpet av året. Utvalet set fram forslag om fleire tiltak som dei meiner kan forenkla skatteproblematikken disse aktørane kan møta. Eit særs viktig forslaga til tiltak, er innføring av plikt for delingsøkonomiselskapa til å rapportera til norske skattemyndigheter inntekter frå oppdraga som vert formidla via plattforma. Dette støttar LO fullt ut. For at denne rapporteringa skal vera effektiv, meiner LO at rapporteringa må være obligatorisk. Myndigheitene bør stilla krav om registrering og rapportering både av økonomiske transaksjonar og annan informasjon til statistisk bruk. Vidare støttar LO forslaget om at Skatteetaten vidareutviklar rettleiingsmateriellet sitt i lys av kva erfaringar med skattlegging av aktørar i delingsøkonomien gjev.

 

Utvalet peikar også på behovet for å sikra skattegrunnlag og lik behandling av småinntekter frå tenester, som omfattar tenesteytingar som elles ikkje vert skattlagd. Det er viktig at skattesystemet ikkje opnar for å splitte høge inntekter i mange små summar for å unngå skattlegging. Utvalets forslag om å presisera verksemdsgrensa, at skatten reknast ut frå omsetjinga (bruttoskatt) eller at det vert gjeve eit sjablongfråtrekk for kostnader, er tiltak LO meinar bør utgreiast meir.

 

LO er samd med fleirtalet i utvalet som skisserer behovet for endring i skattlegginga av korttidsutleige av eigen bustad, og støttar forslaget om at korttidsutleige utanfor verksemd vert skattlagd som kapitalinntekt. LO støttar også fleirtalet si grunngjeving for å ikkje auka registreringsgrensa for næringsdrivande.

 

Marknader

Det er først og fremst i serviceyrkene vi ser ei utvikling innan delingsøkonomien. Dette er yrker som i mange tilfelle er låglønsyrker. Utvalet skildrar frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande som personar som ønskjer å ha stor innflyting over eigen arbeidssituasjon. Vi trur derimot at auka omfang av delingsøkonomien kan undergrava det etablerte og regulerte arbeidslivet. Mange vil ikkje tena nok til å kunna livnære seg på dei oppdraga dei vil få. Det vil vera vanskeleg å sei frå seg oppdrag også på ugunstige tidspunkt. Dersom ein heller ikkje bestemmer sjølv kva eit oppdrag skal kosta, vil det lett kunna bli eit jag for å få nok oppdrag, og ei inntekt til å leve av. Det er i dag låg organisasjonsgrad i mange låglønn/serviceyrker. I disse yrkene ser vi også at tilsette vert utnytta av useriøse arbeidsgjevarar både når det gjeld løn og arbeidstid.

 

Drosjemarknaden

Eit fleirtal i utvalet gjer forslag om å fjerna løyveplikta i drosjemarknaden, slik at etableringsbarrierene i marknaden vert fjerna. Slik kan delingsøkonomiplattformar som til no har operert utanfor regelverket operere lovlig. LO meiner dette er eit dårleg forslag.

 

Fleirtalet i utvalet argumenterer med at utviklinga har vore negativ både når det gjeld kvalitet og prisutvikling, og at ny teknologi gjer kjentmannsprøver o.l. lite relevante. Vi er opptatt av at sikkerheita fortsatt skal være god, og støttar utvalet i at det skal være krav til køyresetel for drosjesjåførar uavhengig av kva andre endringar i taximarknaden som kjem i framtida.

 

Det er framleis mange som er tilsett for å ha drosjetransport som heiltidsyrke. Det er viktig for kompetansen og for kvaliteten på tenestene. Då bransjen vart deregulert ved årtusenskiftet, var målet å få til sterkare konkurranse. Det skulle gje betre tilbod og lågare prisar. Auken i talet på løyver til fleire sentralar, gav hovudsakleg negative effektar. Ein fekk færre turar pr. bil og slik høgare eller uendra prisar. Det er naturleg. Når passasjergrunnlaget går opp, vil ikkje fleire bilar gje lågare pris til kunden

 

Drosjenæringa er ein viktig del av kollektivtransporten i Noreg, og skal bidra til å sikra geografisk mobilitet for personer som ikkje har tilgang til personbil, funksjonshemma, eldre osv. Drosjane har ein viktig funksjon blant anna for pasienttransport og skuletransport. Mange stader er drosjen det einaste kollektivtilbodet.

 

Å organisera drosjar gjennom tilknytingsplikt til sentralar er avgjerande for å få god utnytting av bilparken, og for at drosjar er tilgjengelige også på "ubekvemme" tidspunkt som høgtider og typiske ferieperiodar. Tilknytingsplikta sikrar også kvaliteten for brukarane og gjev mogelegheiter for kontroll av verksemda til løyvehavarane og dei tilsette. Myndigheitene sine mogelegheiter for både å ha kontroll og styring med drosjenæringa, ligg i å ha sentralane som effektive bindelekkar mellom løyvehavarane og løyvemyndigheitene.

 

LO stør mindretalsfråsegna til utvalsmedlemmet Tinnlund. Synspunkta er utdjupa i LO si høyringsfråsegn av 01.03.2017 om endring av yrkestransportlova - unnatak frå løyveplikt for samkøyring, heving av øvre aldersgrense for å ha drosjeløyve og oppheving av krav om tilslutning til drosjesentral.

 

Hotell- og restaurantmarknaden

Særlig innanfor overnattingsmarknaden er det vesentlig at all informasjon om hotell og andre som driv overnattingstenester må gje, også må gjelda for plattformselskapa. På den måten vil det være lettare for myndigheitene å gjennomføra kontroll, rekna ut skattegrunnlaget og kunna ha statistisk grunnlag for å følgja med på korleis tenestene utviklar seg over tid. Ein føresetnad for at drifta skal vera lovleg er skatteetaten og andre relevante myndigheter får inn dei opplysingane dei treng.

 

Reinhaldsbransjen

Ei anna bransje som ikkje har fått så stor merksemd frå utvalet er reinhaldsbransjen. Det er allereide etablert fleire bedrifter som tilbyr reinhaldstenester via digitale plattformar. Dei som gjer arbeidet er ikkje tilsett i bedrifta, men er knytt til som sjølvstendige "partnarar". Det betyr at det vert oppretta eit enkeltpersonføretak i namnet til reinhaldaren. Ofte utan at reinhaldaren veit kva det inneber. Ein konsekvens av dette er at ein som sjølvstendig næringsdrivande til dømes kan omgå reglar om allmenngjering, eller andre reguleringar som er meint å verna arbeidstakaren.

 

Det er godt dokumentert at denne bransjen har store utfordringar med sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Vi reknar at 60%-70% av dei som arbeider i bransjen har innvandrarbakgrunn. Mange har ikkje gode norskkunnskapar og lite kjennskap til lover, reglar og kultur i arbeidslivet. Svært mange har heller ikkje yrkeserfaring, og er reelt sett utestengd frå store delar av arbeidslivet. Dei må stola på at arbeidsgjevar held seg til lovar og reglar, og er på den måten sårbare for utnytting.

 

Frå før er det sett i verk ei rekkje tiltak for å få tak om desse utfordringane: Allmenngjering av tariffavtalar, godkjenningsordning for bedrifter som tilbyr reinhaldstenester, HMS-kort, regionale verneombod og ekstra tilsynssatsingar. Tiltaka har hatt effekt, men likevel er det utvikling i bransjen som går feil veg. I denne bransjen vil det kunna få katastrofale følgjer både for arbeidstakarar og seriøse bedrifter dersom ein gjennom digitale plattformar gjer det enno lettare å dra seg unna arbeidsgjevaransvar og HMS-krav.

 

Arbeidsoppgåvene er dei same sjølv om dei vert utført via eit plattformselskap. Dei som utfører arbeidet vaskar ikkje husa på andre måtar enn dei som er tilsette i eit reinhaldsselskap. Ein har same behov for vern etter HMS reglane sjølv om eit gjer arbeidet når ein sjølv ønskjer og med større fleksibilitet.

 

Vi vonar dette innspelet vert teke positivt med i det vidare arbeidet med NOU 2017:4. Vi viser også til brev til statsministeren 6 februar i år frå LO, Akademikerne,Unio og YS. Der peikar vi mellom anna på at det er behov for trepartsamarbeid om delingsøkonomien.

 

 

 

 

Med venleg helsing

LANDSORGANISASJONEN I NORGE

 

 

Knut Bodding

(sign.)

 

 

Øyvind Rongevær

 

(sign.)

 

 

Dette brevet er godkjent elektronisk i Landsorganisasjonen i Norge og har derfor ingen signatur.