Høringssvar fra Vågå jeger- og fiskarforeining

Dato: 28.02.2019

Uttale frå Vågå jeger- og fiskerforening til fjellovutvalet si innstilling

Jakt, fangst, felling og fiske

Vår uttale er avgrensa til å gjelde forhold knytt til jakt, fangst, felling og fiske.

Vi er tilfreds med at fjellovutvalet ikkje føreslår endringar her.

Vår erfaring er at praktiseringa av fjellova sine føresegner om jakt og fiske fungerer særs godt.

Vi støttar utvalet si innstilling når det gjeld vidareføring av definisjonane av innanbygdsbuande og utanbygdsbuande, slik som dei er i dag. Dette er basert på faktiske bruksrettar som ligg til bygdene der statsallmenningane ligg, og kan etter vår oppfatting ikkje bli regulert gjennom lova. Føremålet med fjellova er etter vårt syn å gje ei ordning for forvalting av desse bruksrettane.

Vi støttar at det framleis skal kunne bli fastsett forskrift om jakt og fiske i statsallmenningane, herunder ei videreføring av ordninga med bruk av prisramme for jakt og fiske. Vi ynskjer ikkje ei ordning med fri fastsetting av pris på jakt- og fiske i statsallmenningane.

Vi har ikkje innvendingar til, at der ressursgrunnlaget er tilstrekkjeleg for innanbygdsbuandes bruk, så skal fjellstyra kunne åpne for andre brukarar, til dømes for fiske med garn og oter osb.

28.02.19

Vågå jeger- og fiskerforening

Trond Stensby

sekretær