Høringssvar fra Ulvik herad

Dato: 04.02.2019

Ulvik herad er positiv til forenkling og modernisering av lovverket for bruk og forvaltning av statsallmenningane og stettar lovutvalsfleirtalet sitt framlegg til lovtekst, på fylgjande premissar:

  • Statsallmenningane skal forvaltast i eit særs langsiktig perspektiv.

  • Forvaltninga skal vere berekraftig.

  • Dei fornybare resursane skal i størst mogeleg grad brukast, på berekraftig vis.

  • Verdiskapinga frå statsallmenningane skal leggjast att lokalt, der verdiane er skapt.

  • Jordbruket sine bruksrettar skal ivaretakast (utan at gå på nemneverdig kostnad av fellesinteressene).

  • Lokalpolitisk forankring og lokalt sjølvstyre er viktig.

  • Fjellstyret må ha riktig og tilstrekkeleg kompetanse, kapasitet og resursar, og klare rammevilkår i høve til heradet som planstyresmakt, regionale planer og annan offentleg rettsleg regulering.

Vedlegg