Høringssvar fra Fjellnettverket
Høyringssvar NOU 2018:11 Ny fjellov
Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette spørsmål for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. På vegner av medlemmene har Fjellnettverket følgjande kommentarar til forslaget frå Statsallmenningslovutvalet:
Fjellnettverket støttar ei modernisering og forenkling av lovverket.
For fjellbygdene er statsallmenningane ein ressurs som bidreg til næringsutvikling og busetnad. Eit viktig prinsipp i forvaltninga av statsallmenningane er at bruk og ressursar kjem lokalsamfunna til gode, og at forvaltninga av allmenningane skjer lokalt. Dette er i samsvar med det internasjonalt anerkjende nærleiksprinsippet. Mange spørsmål knytte til forvaltninga av allmenningane krev kunnskapar om lokale forhold og bør difor avgjerast lokalt. Fjellnettverket støttar difor fleirtalsinnstillinga til utvalet i saker der dette er lagt til grunn. Vi støttar forslaget om at Statskog får rolla som grunneigar.
Retten til å ta i bruk ressursar frå statsallmenningane bør kunne endrast med «tida og tilhøva», slik som utvalet har samla seg om. Måten ein driv gardsbruk på, er og vil vere i endring, og det er nødvendig at bruksretten utviklar seg i tråd med den generelle utviklinga i samfunnet. Fjellnettverket meiner jordbruksdrift i ein del høve bør ha prioritet framfor andre driftsmåtar og at det i tråd med fleirtalsinnstillinga bør vere fleksible ordningar. Dette må også gjelde nye bruksmåtar. Retten til å byggje ut vassfall til mindre kraftverk er etter vår oppfatning ein bruksrett og eit døme på aktuelle bruksmåtar knytt til jordbruket.
Statsallmenningane utgjer viktige naturverdiar. I forvaltninga bør ein legge hovudvekt på å bevare verdiane for kommande generasjonar. Fjellnettverket støttar difor utvalet i at ein bør ha eit generelt forbod mot sal av grunn i desse områda. Vi støttar fleirtalsinnstillinga om at forbodet mot avhending i gjeldande lov skal vidareførast og at det ikkje bør gjerast unntak frå forbodet for å selje til dømes til utbygging av større kraftverk.
Statsallmenningane har ressursar som kjem heile landet til gode, såleis jakt, fangst og fiske. Det er viktig at det er sikra god tilgang på desse ressursane. Busetnad i bygdene er ei nasjonal målsetjing, og tilgang til naturressursar av desse slaga for bygdefolk verkar med til å oppnå dette. Vi støttar difor innstillinga til utvalet om å vidareføre skilje mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande, like eins framlegget om at fjellstyra kan ta avgjerder knytte til dette.
Under er kommentarar til sjølve lovteksten, med særleg vekt på dei sakene der utvalet har levert delt innstilling:
Til § 1-1, formål:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
Til § 1-3, forvaltning:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
Til § 2-6, Bortfall av allmenningsrett:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
Til § 2-7, Avgrensingar i utøvinga av dei jordbrukstilknytte bruksrettane:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
Til § 2-8, årsmøte:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-1, Fjellstyret:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-2, Oppnemning av fjellstyre:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-3, Val av fjellstyre i fleire kommunar:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-4, Oppgåver for fjellstyret:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-5, Særskilte oppgåver lagt til fjellstyre:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-7, Fjellkasse:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn. . Fjellnettverket støttar NSF sitt forslag om at formuleringa frå dagens § 11 bør inn i lovteksten "til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget».
§ 3-8, Kommunesamanslåing:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-10, Fellesorganisasjon for fjellstyra:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 3-11, Fellesorganisasjonen for fjellstyra:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 4-2, Inngjerda beiteareal:
Fjellnettverket støttar mindretalet sitt syn.
(utleige av beiteareal i samråd med fjellstyret)
§ 4-3, Utvising av gjetarbu:
Fjellnettverket støttar fleirtalet sitt syn.
§ 4-4, Rett til tilleggsjord:
Fjellnettverket støttar mindretals forslaget frå Borgnes, Broch Hauge og Velure.
(utleige av tilleggsjord i samråd med fjellstyret)
§ 4-6, Rett til seter:
Fjellnettverket støttar mindretalsforslaget frå Borgnes, Helmen, Velure og Østerås
(styrke fjerde ledd i paragrafen – om å drive seter i ti år i tråd med søknaden)
§ 4-11, Seter til eigedom der allmenningsretten har falle bort:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 4-17, Skogfond og avgifter:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 4-24, Bruksreglar for allmenningen:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 4-25, Utarbeiding og vedtak om bruksreglar:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 5-4, Pris på jaktkort:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 5-15, Pris på fiskekort:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 5-18, Jakt og fiskebuer frå før 1920:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 6-1, Grunndisponering:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 6-4, Inntekter frå grunndisponering:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 7-1, Skogforvaltarar:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 7-2, Skogbruksplan:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 7-3, Forvaltning etter bygdeallmenningslova:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 7-4, Allmenningsfond:
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 8-1, Utleige av husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord:
Fjellnettverket støttar mindretalsforslaget.
§ 9-1/9-2 Oppgåver for oppsynet i statsallemenning/Organisering og finansiering av oppsynet.
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget.
§ 12-1, Jordskifte og grensefastsetjing i statsallmenning
Fjellnettverket støttar fleirtalsforslaget