Forsiden

Høringssvar fra Lom kommune

Dato: 22.02.2019

Samrøystes vedtak i Lom kommunestyre 19.02.2019 - sak 9/2019

Lom kommune støttar dei overordna grepa i lovforslaget; at den nye fjellova skal erstatte både dagens fjellov og dagens statsallmenningslov, og at fjellstyret etter ny lov også skal ha den rolle som allmenningsstyra har i dag.

Lom kommune meiner den foreslåtte valordninga til fjellstyret er unødvendig rigid, og svekker kommunestyret sin rolle i oppnemning av fjellstyret. Kommunen støttar KS og USS sitt forslag om at det skal vere to styremedlemmer med bruksrett i styret og at kommunestyret si opp-nemning av medlemmer ikkje skal vere bunde til forslag frå årsmøtet for dei bruksrettshavande.

Lom kommune er samd i at hovudregelen skal vere eit fjellstyre pr. kommune, men støttar fleirtalsforslaget om å vidareføre ordninga om at det kan vere fleire fjellstyre i kommunar med fleire statsallmenningar dersom geografi eller andre omsyn gjer at dette er mest tenleg.

Lovframlegget betyr vidareføring av dagens ordningar for jakt og fiske i statsallmenningane, medrekna ordninga med sentralt fastsette prisrammer/ maksimalpris (etter fleirtalsforslaget).
Lom kommune støttar dette, jakt og fiske er fellesgoder som er viktige for distriktssamfunna.

Statsallmenningsgrunn med bruksrettar er eit fellesgode som er viktig for lokal busetting, for landbruksnæringa og for anna lokalt næringsliv. Lom kommune støttar derfor ei vidareføring av dagens hovudregel om at grunn i statsallmenningane ikkje kan avhendast, berre festast/ leigast bort – med dei unntak som gjeld etter dagens lov.

Lom kommune meiner at ei styrking av finansieringa for fjellstyret er nødvendig, og støttar derfor fleirtalsforslaget om at alle brutto inntekter frå grunndisponering skal fordelast 50/50 mellom den lokale fjellkassa og grunneigarfondet til Statskog.

Lom kommune støttar fleirtalsforslaget om at fjellstyret skal forvalte skogen i statsallmenningar med virkesrett, Statskog i allmenningar utan virkesrett. Skog med virkesrett bør forvaltast lokalt.

Dagens ordning med eit fjelloppsyn som også fungerer som naturoppsyn har lange tradisjonar. Eit fjelloppsyn som kombinerer privatrettsleg oppsyn og offentlegrettsleg naturoppsyn er ressurseffektivt, og statleg grunnfinansiering/ refusjon til oppsynsoppgåvene sikrar grunnlaget for fjellstyret sitt feltmannskap. Lom kommune støttar ei vidareføring av dagens ordning der fjelloppsyn både er privatrettsleg oppsyn for grunneigar og naturoppsyn etter naturoppsynslova.

Lom kommune deler USS og KS sitt syn om at utvalet sitt forslag medfører ei uheldig endring av fjellstyret sin rollefordeling mellom privat rettssubjekt og offentleg forvaltningsorgan.
På same måte som jakt- og fiskesaker bør saker som gjeld jordbrukstilknytte bruksrettar fortsatt behandlast etter reglane i forvaltningslova og offentleglova.

Vedlegg