Høringssvar fra Landbruksorganisasjonane i Øystre Slidre
Innspel til ny fjellov
Viktig for Øystre Slidre
Vi ynskjer at Fjellstyret skal administrere festetomtene. Vi meiner også at det ikkje skal opne for sal av festetomtene.
Skoggrensa krabber opp, og skogen kjem til å bli ei god inntektsauke. Denne inntektsauka ynskjer vi at blir styrt av det lokale Fjellstyret. Desse midlane må bli styrt tilbake til dei bruksberettiga i kommuna. Dette kan føre til behov av feks. skogforvaltar.
I dag har vi eit velfungerande oppsyn som vi ynskjer å behalde. Om SNO får dette oppdraget mistar vi lokal forankring.
Stølane må vera dynamiske. Gardsbruk må ikkje bli slakta. Om politikarane vedtek å dele opp eit bruk må det ikkje vera mogeleg å gjera om stølen til fritidsfeste. Det er betre at stølen blir lagt i det fri, enn sal.
Val av Fjellstyret. Bruksberettiga må bli representert meir enn før.
Bør prisen på jakt opp på same nivå som i private områder? Viktig at eventuell inntektsauke kjem dei bruksberettiga til gode.
Vi ser at det er aukande behov for beite. Beitebruken må kunne brukast på same måte som i dag og kunne tilpassast framtidas behov. Den nye fjellova må ikkje bli til hinder for beitebrukarane i Øystre Slidre framover.
Vi ynskjer eit tettare samspel mellom Øystre Slidre kommune og Fjellstyret m.bla. Motorferdsel , plan og byggningslova.
I hovudsak støttar vi fleirtalet i uttala.
Mvh Landbruksorganisasjonane i Øystre Slidre
Øystre Slidre Bondelag
Øystre Slidre Bonde- og Småbrukarlag
Slidre Sau og Geit