Høringssvar fra Telemark fylkeskommune

Dato: 09.05.2019

Høringssvar - NOU 2018:16 - Prioritering i helse - og omsorgstjeneste og tannhelseteneste

Forslag frå fylkesrådmannen:

Fylkesrådmannen avgir høyringssvar på den delen av NOU 2018: 16 som gjeld den offentlege tannhelsetenesta som er det området som fylkeskommunen har ansvaret for.

Bakgrunn for saka:

I april 2017 oppnemde regjeringa eit offentleg utval, det såkalla Blankholmutvalet, som skulle sjå på prioriteringane i den kommunale helse-og omsorgstenesta og for offentlege finansierte tannhelsetenester.

Saksopplysningar:

Utvalet leverte NOU 2018: 16 «Det viktigste først», 13. desember 2018 på ca. 150 sider. Utvalet har beskrive utfordringsbiletet og belyst behovet for å prioritera i den kommunale helse- og omsorgssektoren og tannhelsetenesta.

Med utgangspunkt i dagens prinsipp i spesialisthelsetenesta har dei drøfta og føreslege prinsipp for prioritering i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i tannhelsetenesta.

Vurdering frå fylkesrådmannen, høyringssvar:

Fylkesrådmannen har avgrensa sitt høyringssvar til å omhandla offentlege finansierte tannhelsetenester som fylkeskommunen har ansvaret for, eller som vert finansierte over folketrygda.

Vurdering av om prioriteringskriteriane er eit eigna verkemiddel for å sikra likeverdige tannhelsetenester

Fylkesrådmannen støttar utvalet sitt syn på at dei tre prioriteringskriteriane, nytte, ressurs og alvorlighet som ein i dag nyttar i spesialisthelsetenesta, bør vera gjennomgåande i heile helse- og omsorgssektoren inkludert tannhelsetenesta. Dette er naturleg sidan ein byggjer på det same verdigrunnlaget. Auka mestring både, fysisk, psykisk og sosialt er vesentlege tillegg til prioriteringskriteriane også når det gjeld kor viktig det er å ha god tannhelse.

Nytte

At eit tiltak har nytteverdi for pasientane, meiner fylkesrådmannen er viktig for å sikra likeverdige tannhelsetenester. Dersom kunnskapsbasert praksis til dømes tilseier at eit tiltak ikkje har nytte, meiner fylkesrådmannen at tiltaket heller ikkje skal ha prioritet. Nytteverdien av eit tiltak må dessutan målast opp mot dei ressursane det krev.

Ressurs

Det er viktig at ein vurderer ressursbruken opp mot den nytteverdien eit tiltak har overfor den enkelte pasienten eller pasientgruppa. Evaluering av pasientretta tiltak og behandlingsmetodar opp mot dei kostnadene dette medfører, er naudsynt dersom tannhelsetenesta skal nå dei pasientane som treng behandling mest, og som har dei største behova.

Alvorlighet

Fylkesrådmannen meiner at alvorlighet òg er eit viktig kriterium når ein skal vurdera kven som skal få tannbehandling framfor andre. Med alvorlighet meiner ein pasientar som ikkje har tyggeevne og der det går ut over næringsinntaket, pasientar som har store kroniske smerter, alvorlege infeksjonar, orale misdanningar eller ikkje kan fungera sosialt på grunn av dårleg tannstatus. Det er likevel viktig å peika på at alvorlighetskriteriet ikkje i alle høve vil vera like brukbart for tannhelsetenesta som legg sterk vekt på helsefremmande og førebyggjande arbeid som ikkje gjev umiddelbare resultat. Den gode tannhelsa i Noreg i dag er eit resultat av ei tydeleg prioritering av dette arbeidet gjennom mange år. Ein må spørja seg om kva som ville vore konsekvensane dersom ein ikkje hadde gjennomført dei mange førebyggjande tiltaka.

Folketrygda, tannhelselova og prioriteringskriteriane

Fylkesrådmannen meiner òg at det er rett å nytta prioriteringskriteringane når ein skal vurdera kva for tannsjukdomar og tilstandar som skal få stønad over folketrygda. Det er døme på at den stønadsordninga som gjeld i dag, mellom anna for ubetydelege bittfeil, ikkje er i tråd med de føreslegne prinsippene for prioritering. Det bør setjast i verk ein gjennomgang av alle dei tilstandane som i dag gjev rett til refusjon frå folketrygda med tanke på forbedring og forenkling der nytte og alvorlighet vert sett opp mot dei ressursane som i dag vert brukt.

Men det er også behov for å gå gjennom dei gruppene som i dag har rettar etter tannhelselova. Ein slik gjennomgang må skje samla for dei to områda slik at ein får ei rettferdig stønadsordning for dei som treng det mest.

Fylkesrådmannen påpeikar at pasientar i heimesjukepleien som vel å fortsetja hjå sin private tannlege og seier nei takk til det offentlege tilbodet, misser retten til å ta imot stønad frå folketrygda for enkelte behandlingar. I dag skjer dette automatisk sjølv om dei elles ville hatt rett til trygdestønad ut frå den odontologiske diagnosen. Dette bør vurderast på nytt slik at dei kjem inn under trygdeordninga og kan få deler av tannbehandlinga refundert.

Om kriteriane er eigna for offentleg finansierte tannhelsetenester på fagleg, administrativt og politisk nivå

Ei god prioritering tyder også at ein nyttar ressursane, eller arbeidskrafta, mest mulig effektivt. Ein må vurdera kva yrkesgruppe som på ein mest mogeleg kostnadseffektiv måte kan utføra dei enkelte oppgåvene i tannhelsetenesta, det såkalla LEON-prinsippet (lågaste effektive omsorgsnivå) Fylkesrådmannen understrekar at det er viktig at ein i tannhelsetenesta nyttar tannpleiarar til arbeidsoppgåver som dei kan utføra like effektivt og like bra som ein tannlækjar.

Det er òg viktig å prioritera kva for pasientar ein skal bruka tida på. Pasientar med god tannhelse treng på langt nær så mykje tid og så hyppige kontrollar som dei med dårleg tannhelse. Ved å auka innkallingsintervalla for dei med god tannhelse, frigjer ein tid og ressursar til dei som treng tannhelsetenester mest. Fylkesrådmannen stiller seg noko tvilande til om det er rett å prioritera friske born og ungdom så høgt i dag sidan omlag 80 % av dei undersøkte i denne gruppa ikkje har behandlingstrengjande karies. Er dette nyttig ? Fylkesrådmannen meiner at ein i endå større grad burde nytta ressursane på dei som treng det mest: born og unge og vaksne som har vore utsette for omsorgssvikt, overgrep, og vold samt sjuke eldre, rus og psykisk sjuke.

Om verkemidlane er eigna for å støtta opp om prioriteringane i den offentlege tannhelsetenesta. Fylkesrådmannen meiner tida er inne for å utarbeida ei ny tannhelselov der tenestetilbodet i den offentlege tannhelsetenesta er innretta i tråd med med prioriteringskriteriane. Dette burde gjelda både rettighetspasientane, men òg førebyggjande og helsefremmande tiltak. Den nye lova må og vera klar og tydeleg på kven som har rett på vederlagsfri tannbehandling slik at korkje fylkeskommunen eller kommunane er i tvil om kven som høyrer til i dei ymse målgruppene. Det er òg naudsynt å gå gjennom dei tilfellene som i dag gjev rett til stønad frå folketrygda, med utgangspunkt i prinsippa for prioritering. Ressursbruken må stå i eit rimeleg høve til alvorligheten og til den forventa nytten av tiltaka både når det gjeld tannbehandling etter tannhelselova og tannbehandling som utløyser stønad frå folketrygda.