Høringssvar fra Tannhelsetenesta i Hordaland og tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane
Høyringsuttale frå Tannhelsetenesta i Hordaland og Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane.
Kriteria som er brukt - NYTTE, RESSURSBRUK, ALVORLIGHET og MESTRING er allmenne og passer bra også i tannhelsetenesta. NOU "Det viktigste først" har ei overordna vinkling, men må gjerast meir detaljert for å kunna vera av praktisk nytte i dagleg drift.
Born og unge 0 - 23 år (tidlegare gr A og Gr D).
Vurdering av nytte må sjåast over tid. Det er difor viktig å bruke ressursar på born og unge fordi det vil ha ein varig verdi gjennom eit langt liv. Grad av funksjonstap og smerter vil gi tap av gode leverår fram i tid. Følgeskader av sjukdom på tenner er irreversible - og dette må tas med i vurderinga av både nytte-, alvor og ressurskriteriet.
Det er naturleg at born og unge omfattar alle i aldersgruppa 0 - 23 år, og at tannhelsetilbodet er gratis. Den fylkeskommunale tannhelsetensta må også få ansvar for det kjeveortopediske tilbodet.
Andre prioriterte grupper (inkludert tidligere gr B, gr C og gr E).
Mange av desse tilhøyrer ei risikogruppe, og treng difor tett oppfølging. Personar innlagt på institusjon er oftast alvorleg sjuke og meistrar ikkje eigenomsorg. Personar med vedtak om heimesjukepleie er ei svært varierande gruppe, alt frå alvorleg sjuke til relativt velfungerande menneske. Alder og økonomi varierer også mykje. Ut frå både nytte-, alvor og ressurskriteriet vil det vera naturleg at gruppa fortsatt får tilbod om tannhelseteneste. Det er likevel nokre som går inn og ut av grupper, og av den grunn i perioder har - og mister - tilbodet ("svingdørs-pasientar").
Det er mange døme på at behov for ei helseteneste som utløyser rettar til andre helsetenester ikkje er ei god løysing. Ut frå nytte-, alvor og ressurskriteriet vil det ikkje vera naturleg at ei samla gruppe får tilbod om tannhelseteneste. Det er eit viktig prinsipp for tannhelsetenesta å unngå såkala avleia rettar.
Ut frå ei fagleg vurdering bør tannhelsetenesta sjølv avgjera kven som har rett til vederlagsfri tannhelseteneste. Det må då leggast tannhelsefaglege vurderingar til grunn. For at dette skal bli eit godt system, og for å gjera tannhelsepersonellet si vurdering enklare og mer einsarta, må det det utarbeidsast klare spesifiserte kriteriar til bruk i ei slik vurdering. Døme på aktuelle kriteriar:
- infeksjon/smerter
- evne til eigenomsorg
- tyggefunksjon
- oral sjukdom
- sosial meistring
Tannhelseteneste finansiert via Folketrygda.
Vurderinga av både nytte-, alvor og ressurskriteriet vil vera betre om den einskilde pasient kan velga mellom eit gratis offentleg tannhelsetilbod eller eit privat tannhelsetilbod med mogeleg HELFO-refusjon og eigenandel. Regelverket bør åpna for at alle pasientar - også dei som har lovfesta rett til vederlagsfri tannbehandling - beheld dei same rettane til HELFO-refusjon om dei vel eit privat tannhelsetilbod.
Kriteria for offentleg finansiering må vera dei same og bygga på Helsedirektoratet sin vegleiar "God klinisk praksis".
Konklusjon:
Desse forslaga vurderast som fagleg best, mest rettferdig og meir forutsigbart for pasienten. Ordninga vil føra til ein viss kostnadsauke for den fylkeskommunale tannhelsetenesta fordi fleire pasientar vil få eit godt tilbod der, og slepp såleis å bli "svingdørs-pasientar". Kostnadsauken må dekkast av tilsvarande auke i rammetilskotet til den fylkeskommunale tannhelsetenesta.
Arne Åsan Clara Øberg
Fylkestannlege i Hordaland Direktør tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane