Høringssvar fra Norsk Tannpleierforening
Høyringssvar til utgreiing NOU 2018: 16 Det viktigste først Oslo, mai 2019
Norsk Tannpleierforening, NTpF, visar til høyring på NOU 2018: 16 Det viktigste først. Tannpleierforeininga avgrensar sitt høyringssvar til innspel på priorietringskriterier og prinsipp for prioriteringar som utvalet har foreslått for tannhelsetenesta. NTpF vil spesielt leggja vekt på i høyringssvaret, ivaretaking av det helsefremmande- og førebyggjande arbeidet i prioriteringskriteria.
Høyringsinstansen er bedt om å vurdera om prioriteringskriteria er egna som
- verkemiddel for å sikra likeverdige tannhelsetenester, om dei foreslåtte kriteria og prinsippa er
- egna for prioritering på fagleg, administrativt og politisk nivå og til sist om
- verkemidla er egna til å støtte opp om prioriteringane.
Utvalet har gjort eit nybrotsarbeid i utgreiinga ved å setja kriterium for prioriteringar i tannhelsetenesta, og i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Kriterium for prioritering kan gi tenesta ny metode for å bruka ressursane der dei gjer mest nytte, og til dei som treng tilbodet mest. Samt prinsipp for dei ulike val. Det er politiske føringar om viktigheita av å satsa på helsefremming og førebygging. Fylkeskommunen sitt formål er å «-fremme tannhelsen i befolkningen og ved sin tannhelsetjeneste sørge for nødvendig forebyggelse og behandling». Det må sikrast at kriteria og prinsippa for prioritering tar i vare desse føringane. NTpF meinar at dei foreslåtte kriteria gjer det i stor grad. NTpF ser likevel at utvalet kunne ha drøfta dette området nærmare under kpt 14, og at utgreiinga med fordel kunna nytta eksempel for å gjera tydlegare utvalet sine forslag til prinsipp for kriteria.
Tannpleierforeininga støtter at utvalet vel prioriteringskriterier i samsvar med kriterier i spesialisthelsetenesta. Meir likskap i rammer som styrer ulike avgjersler som blir tatt på ulike tenestenivå er viktig framover. I nytte- og alvorlegheitskriterium, er det lagt til eit nytt prinsipp om mestring. Prinsippet understrekar viktigheita av mestring av livssituasjonen når sjukdom oppstår. NTpF ser at mestring er eit viktig omgrep for å understreka verdien av pasienten sjølv som ressurs. Når det gjeld ressurskriterium, er det foreslått prinsipp om prioritet. Dette vil auke desto mindre ressurs tiltaket legg beslag på. Kriteriet støttar opp under tannhelsetenesta sin innsats i folkehelsearbeidet, og gjennom individuelle rettleiing av pasienten.
Er prioriteringskriteria egna som verkemiddel for å sikra likeverdige tannhelsetenester?
Norsk Tannpleierforening viser i vurderinga korleis kriteria kan nyttast i prioritering av helsefremmande og førebyggjande området, og gir her eksempel.
Forsking: Tannpleiarforeining støttar utvalet si vurdering om meir forsking på det helsefremmande- og førebyggjande området som det allereie vart etterspurt i St. m nr 35 2006-2007 om «Tilgjenglighet, kompetanse og sosial utjevning. Framtidas tannhelsetjenester.»
Videreutdanning i tannpleie og helsefremmende arbeid gir moglegheit til påbygging til master og PhD. Dette støttar opp under vedtatt politisk strategi,- Forsking- og innovasjonsstrategi på tannhelsefeltet (2017-2027). Kompetanseutvikling i tenesta er nødvendig for å oppnå gode prioriteringar.
Likeverdige tenester: Prioritering slik at samla ressursar i tannhelsetenesta blir nytta der dei gir best effekt, er utfordrande og viktig. Kriterier og prinsipp for prioritering vil styrkja målet om same tilbod til tannhelsetenester uavhengig av geografisk tilknyting. NTpF vurderar at likheit i tenestetilbod kan i for sterk grad ha prega tannhelsetenesta i staden for å vurdera dei føresetnadane den enkelt har. Grunnlaget for auka grad av individuell tilpassing av tilbodet, blir viktig. Likeverdige tenester uttrykkjer at dei som treng tenester mest, skal bli prioritert. Pasientar som treng mest hjelp, treng tenester som blir sett inn på tidleg stadie for å redusera behov for kurativ behandling. Eks her er pasientar som er svekka av alder eller har sjukdom som gjer behandling vanskeleg eller umogeleg, eller andre som ikkje evnar å ta i vare eiga tannhelse.
Mestring er omtala som «-sentral føresetnad for å kunne leve med en tilstand-« under kriteria nytte og alvor. Tannpleierforeininga ser at det kan vera riktig å leggja større vekt på mestring enn diagnose ved vurdering av behov hos pasienten. Viktigheita av mestring kan illustrerast ved det eksisterande, tilrettelagte tilbodet til tortur- og overgrepsutette og personer med odontofobi, i tannhelsetenesta. Resultat visar at pasientar som har fått hjelp på området munnhelse, også mestrar livet betre på andre områder. Sammfunnsinvesteringa overfor denne pasientgruppa, synes å gje resultat lang utover eigen munnhelsesituasjon. Forsking visar at i arbeidet med menneskjer, er det eit overordna mål å leggja til rette for prosessar som set folk i stand til å få kontroll over forhold som på verkar helsa direkte eller indirekte (Ryan&Deci 2017). Kommunikasjon og veiledning skapar motivasjon for mestring hos den enkelte. Mestring tar i vare forebyggingsperspektivet.
Ressurs- og nyttekriteriet: Andre eksempel er at forhold blir lagt til rette for at pasienten blir tatt i vare ved behov for hjelp frå omsorgspersonell og omsorgspersonar. Difor må den framtidige tannhelsetenesta organiserast slik at det blir lagt vekt på tverrprofesjonelt arbeid, teamarbeid, dialog og brukarmedverking. Nøkkelen her er samarbeid sett i system. Helsa vert utvikla der folket lever sine liv som i barnehage, skule, arbeidsliv. Tannhelsetenesta bør vera med som pådrivar til at samfunnet innrettast slik at val som fremmar helse blir det enklaste val. Prof i folkehelse Aubrey Sheiham (1936-2017), har i mange år vektlagt viktigheita av populasjonstenking i fremming av helsa. Hans forsking visar at befolkningsretta tiltak har stor verdi. Ressurskriteriet legg vekt på grad av ressursbruk. Desto mindre ressurs tiltaket legg beslag på desto høgare prioritet. Å unngå behov for behandling, er ressurssparande. Nyttekriteriet seier at tiltaket sin prioritet aukar med graden av nytten av tiltaket. NTpF ser at nyttekriteriet og kriteriet for ressurs tar i vare det helsefremmande perspektivet.
Brukarmedverking er med på å skapa legitimitet og forståing for avgjersler som blir tatt. Involvering gjer at saka blir belyst frå ulike perspektiv, og skapar motivasjon og gjer tiltaket meir treffsikkert. Brukarmedverking vil bidra til ei inkluderande teneste og er avgjerande ved individuell behandling og tverrfagleg samarbeid. Det er naturleg at brukarmedverking, er del av avgjersle som blir tatt både på fagleg, administrativt og politisk nivå og med i ulike styringsdokument.
Tannpleierforeininga meiner at kriteria kan ta i vare det helsefremmande og førebyggjande perspektiv, men prinsippa for bruk av kriteria må drøftast nærmare. Prioriteringar i tannhelsetenesta er nødvendig for å oppnå meir likeverd, og utvalet har gjort eit viktig arbeid på området.
Er dei foreslåtte kriteria og prinsippa egna for prioritering på fagleg, administrativt og politisk nivå?
Ei av dei overordna problemstillingane i tannhelsetenesta, er korleis operasjonalisera eksisterande lovverk om å ta i vare det førebyggjande- og helsefremmande perspektivet i forvaltninga av tenesta. Tannhelselova §1-3, har gitt tannhelsetenesta eit framtidsretta særtrekk med eit lovverk som prioriterte førebyggjande tiltak føre behandling. NTpF ser at denne prioriteringsrekkefølga no er blitt styrka i aktuell politikk. Det er først dei seinare år at prioriteringa er litt meir vektlagt i tannhelsetenesta. I etablering av prioriteringar i tannhelsetenesta, må endringa i lovverket, følgjast opp med styringsverktøy som sikra at endringane blir sett i verk i det enkelte fylke.
Det er vedtatt politikk som dannar grunnlaget for administrativ forvaltning av tenesta. Prinsippa for vurdering av den faglege utøvinga bør vere i tråd med den overordna politikken. Ved behandling, skal behandlinga vera i tråd med eksisterande, utarbeida veiledarar basert på den beste, faglege kunnskapen i dag kombinert med fagleg skjønn. I dag har vi veilederne God klinisk praksis i tannhelsetjenesten og Nasjonal faglig retningslinje for tannhelsetjenester til barn og unge 0-20 år, som dannar grunnlag for faglege vurderingar.
Er verkemidla egna til å støtte opp om prioriteringane?
Tannhelsetenesta må ha mandat som er juridisk forankra, for å utøva tenesta i tråd med kriteria. Vidare må det sikrast at anna lovverk og eksisterande veiledarar og forskrifter, er i tråd med nytt lovverk. Refusjonsordningar over folketrygda må slik Stortinget har bedt om, reviderast saman med Tannhelselova. Dei er viktige verkemiddel for prioritering.
Tannpleierforeininga støttar utvalet i oppretting av nasjonalt kompetansemiljø. Prioriteringar i yrkesutøvinga må sikrast fagleg støtte i den praktiske prioriteringsarbeidet, og kompetansemiljø som gir opplæring og rettleiing. Opplæring og rettleiing i bruk av kriteria er viktig for å sikra sams forståing både for yrkesutøvar, administrasjon og politikarar og viktig kunnskap som må inn i undervisinga ved tannhelseutdanningane.
I mandatet for utvalet står at forslag skal «-holdes innenfor uendrede økonomiske rammer-«. Dette er ei avgrensing som vil ramma fullføring av det viktige prioriteringsarbeidet. Det vil få økonomiske konsekvensar å endra regelverk, etablera kompetansemiljø og gjennomføra kriteria i forsøksfylke. Tannpleierforeininga ser at det er nyttig med forsøksfylke for å erfara forslag til metode for prioriteringskriteria i praksis både.
Når det gjeld helse- og omsorgstenesta i kommunen, er formålet i Helse- og omsorgstenestelova å forebygge, behandle og tilrettelegge for mestring av sykdom, skade, lidelse og nedsatt funksjonsevne med meir. I kommunen kan det synast som førebyggingstiltak er svakare forankra i styringsverktøya enn rett til behandling er. Det er viktig at pasienten sin rett til førebygging kan bli styrkja gjennom prioriteringskriteria.
NTpF sin vurdering er at prioriteringane vil styrkja innsats for å fremma helsa og førebyggja sjukdom. Difor må det på plass fleire tannpleiarar med kunnskap på fagområdet, i tannhelsetenesta. Å fremma helsa og førebyggja sjukdom må bli meir etterspurt.
Måleinstrument som måler effekten av tiltak som legg vekt på pasienten sine eignevurderte behov og vurdering av sin totale tilstand, vil vera viktig. I tannhelsetenesta blir helsa målt ved DMFT, ein index som måler sjukdom. NTpF er samd med utvalet som peikar på at helsegevinst, må utgreiast vidare. Det visar Norheimsutvalet sitt forslag om å leggja meir vekt på helsegevinst fram i tid, eit forslag som kunne ført til høgare prioritet av førebyggjande tiltak.
Norsk Tannpleierforening ser fram til vidare diskusjon omkring prinsippa for prioritering. Prioriteringa må sikra at tannhelsetenesta blir ei bærekraftig og framtidsretta teneste som i større grad ser behovet for og verdien av pasienten sin eigen innsats for å fremma helsa.
Venleg helsing
Norsk Tannpleierforening
Hilde Aga, leiar Benthe Hansen, fagansvarleg