Høringssvar fra Norsk Målungdom
Ny arkivlov
NOU-en Fra kalveskinn til datasjø — Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver (2019: 9) gjer regjeringa framlegg om ei ny arkivlov. Norsk Målungdom har ingen meiningar om innhaldet i ei ny lov, men meiner lova bør koma på nynorsk.
Lovene styrer og grip inn i kvardagen til einskildmenneska, og språket i lovene spreier seg ut i samfunnet. I Noreg har nynorsk og bokmål vore jamstilte skriftspråk sidan 1885. For nynorskbrukarane i mindretal er det særleg viktig at skriftspråket deira er synleg i dei tekstane som styrer korleis samfunnet er organisert. I stortingsmeldinga Mål og meining i 2008 sette Stortinget som mål at minst 25 prosent av den samla tekstmassen av lovene i Noreg skal vera på nynorsk.
Over ti år etter er det diverre langt att. Språkrådet sin rapport Nynorsk lov- og rettspråk frå 2016 syner at berre 16 % av dei norske lovene finst på nynorsk, og desse er ofte korte lover. Berre kring 10 % av den samla tekstmengda av lover er på nynorsk. I rapporten vert det òg trekt fram at særs få lover innan feltet ny teknologi er på nynorsk, og dessutan er ingen EØS-direktiv fått ei offisiell omsetjing på nynorsk.
Norsk Målungdom krev difor at Regjeringa og Stortinget gjer det som trengst for å ta att etterslepet, ved at me får fleire og lengre lover på nynorsk. Kulturdepartementet må ta sin del av dette ansvaret. I framtida må det vera ufråvikeleg at nye lover som erstattar nynorsklover, må koma på same språk. Den gjeldande arkivlova er på nynorsk, og difor bør den nynorske omsetjinga som Språkrådet har utarbeidd verta vedteken som den gjeldande utgåva. At den nye arvelova vart vedteken på bokmål, sjølv om den førre arvelova var på nynorsk, gjer dette endå viktigare. Vert fleire nynorsklover erstatta av bokmålslover, vil me koma lengre vekk frå målet om at 25 prosent av den samla tekstmengda av lovene skal vera på nynorsk.
Men at gjeldande nynorsklover vert erstatta av nye nynorsklover er ikkje nok. For å ta att etterslepet bør alle nye, sjølvstendige lover i 2019 koma på nynorsk. Me vonar òg at departementet vil vurdera å omsetja nokre lover som i dag er på bokmål, for å få opp prosenten nynorsk i lovverket.
På vegner av sentralstyret i Norsk Målungdom
Fredrik Hope
leiar i Norsk Målungdom