Høringssvar fra Noregs Mållag
HØYRINGSFRÅSEGN NOU 2019:9 NY LOV OM SAMFUNNSDOKUMENTASJON OG ARKIV
Regjeringa har sendt ut NOU 2019:9 Frå kalveskinn til datasjø og med den eit nytt framlegg til arkivlov. Dagens arkivlov frå 1999 er på nynorsk, og i NOU 2019:9 ligg den nye lovteksten føre både i nynorskversjon og bokmålsversjon.
Den gamle arkivlova er på nynorsk, og Noregs Mållag meiner det er språkpolitisk viktig at den nye lova er på nynorsk. Nynorsk lovspråk er ein viktig del av det nynorske språket og ein viktig del av det å halda oppe nynorske faguttrykk og det nynorske lovspråket. Staten har som mål at 25 prosent av alle lover skal vera på nynorsk, men det målet har ein ikkje nådd. Om den nye arkivlova går frå å vera på nynorsk til å bli på bokmål, vil det gjera situasjonen endå dårlegare.
No har regjeringa nett fremja eit framlegg til ny språklov som endå sterkare enn før gjev staten ansvar for å hegna om og fremja nynorsk. Å lata arkivlova framleis vera på nynorsk vil vera eit lite steg i rett retning.
Allereie er store delar av dette lovfeltet på nynorsk. Den nye arkivforskrifta som kom i 2017, er på nynorsk, offentleglova er på nynorsk, og dagens arkivlov er på nynorsk. Det tyder at dei viktigaste lovene som regulerer offentlegheit og innsyn for innbyggjarar og dokumentasjonsplikt for forvaltninga er på nynorsk. At fagområdet er på eit sams språk, styrkjer fagterminologien og fagfeltet blir meir heilskapleg. Noregs Mållag ser difor ikkje nokon vektige grunnar til at den nye arkivlova ikkje skal koma på nynorsk.