Høringssvar fra Bjørgvin Biskop

Høyring - ny organisering av Det praktisk-teologiske seminar

Dato: 01.06.2015

Svartype: Med merknad

HOVUDSAKA: DEN NORSKE KYRKJA SITT TILHØVE TIL TEOLOGIUTDANNINGA

Bjørgvin biskop vil understreke at denne saka reiser ei vidare problemstilling enn berre det kortsiktige spørsmålet om korleis Det praktisk-teologiske seminar (PTS) og Kirkelig Utdanningssenter i Nord (KUN) skal organiserast etter at eit tydelig skilje mellom stat og kyrkje er gjennomført. Den større samanhengen som dette høyrer inn under, men som utgreiinga ikkje tar opp i særleg omfang, handlar om Den norske kyrkja (DNK) sitt tilhøve til den viktigaste profesjonsutdanninga i kyrkja.

Utgreiinga tilrår at PTS vert innlemma i Teologisk Fakultet ved Universitetet i Oslo, og dermed avvikla som kyrkjeleg institusjon. KUN skal derimot bli lagt inn under Kyrkjerådet. Då vil det ikkje vere andre formelle band mellom DNK og teologistudiet enn dei som gjeld i høve til KUN. Dermed vert ei allereie eksisterande kritisk stode ytterlegare tilspissa. DNK kan i lengda dårleg leve med at det ikkje gjeld nokre konfesjonelle rammer for dei som arbeider med den praktisk-teologisk kyrkjelege utdanninga i DNK. Det er avgjerande viktig at studentane vert gjort kjent med evangelisk-luthersk forståing av kyrkja og prestetenesta, og at denne forståinga vert formidla av folk som sjølv tilhøyrar denne kyrkja, og helst også har gjort teneste i henne. I dag er det dette som gjeld ved dei teologiske lærestadene, men korleis det vil vere om nokre år, kan ingen vite.

Den utgreiinga som no er til høyring tar, som nemnt, berre i liten grad opp dette problemet. I den grad det skjer, vert det gjort heller overflatisk. Eit døme på dette finn vi på s. 17. Her skriv ein at ei løysing med eit kyrkjeleg praktisk-teologisk seminar som kunne samarbeide med alle dei aktuelle lærestadene, «ville … innebære en betydelig reduksjon i de teologiske lærestedenes mulighet til å gi en relevant presteutdanning med teori og praksis integrert som for andre kirkelige profesjonsstudier». Dette er etter mi vurdering ikkje ei naudsynt utvikling. Ein kunne t.d. tenkje seg at alle, eller ein del av, lærarane som underviste i praktisk teologi, var tilsett ved eit kyrkjeleg praktisk-teologisk seminar, men arbeidde ved dei ulike lærestadene etter den strukturen og dei planane som der var gjeldande. Slik kunne både integreringa og det konfesjonelle aspektet takast vare på. Også andre modeller kan her tenkjast for å ivareta det same.

Når ei ny kyrkjeordning er på plass, lyt DNK saman med dei aktuelle lærestadane starte arbeidet med denne utfordringa som ikkje berre handlar om presteutdanninga men om alle dei kyrkjelege profesjonsutdanningane.

 

HØYRINGSNOTATET SI TILRÅDING

Mens vi ventar på ei slik meir grunnleggande drøfting av heile den kyrkjelege utdanninga, er det i den noverande situasjon for PTS sitt vedkommande truleg ingen realistiske alternativ til ei overføring til Universitet i Oslo.

Det er derimot ikkje innlysande kvifor KUN ikkje kan overførast til Universitetet i Tromsø. Det verkar søkt at berre denne eine institusjonen skal halda fram som ein rein kyrkjeleg skipnad. Det vil vere uheldig om det skapast eit inntrykk av at KUN har status som kyrkja si offisielle og representative lærestad. Dette ville ikkje svare til dei faktiske tilhøva innan den praktiske teologien.

Denne innvendinga er likevel ikkje så avgjerande at eg vil gå mot den modellen som utgreiinga foreslår, så fremt då ei løysing med Universitetet i Tromsø ikkje er mogeleg.