Høringssvar fra NTL Veg

Høyringsuttale frå NTL Veg knytt til rapporten "Fra sams og samling" og eventuell nedlegging av sams vegadministrasjon

Dato: 20.06.2018

Svartype: Med merknad

NTL er eit LO forbund som organiserer om lag 50 000 tilsette i staten og verksemder med offentleg tilknyting. NTL Veg er ein av dei største fagforeiningane i Statens vegvesen og organiserer alle grupper tilsette.

 

Dei tilsette i Statens vegvesen fekk i eit allmøte 20.11.2017 trygging frå samferdsleministar Ketil Solvik-Olsen om at ingen skal mista jobben som følgje av regionreforma og nedlegging av sams vegadministrasjon.

I rapporten «Frå sams og samling» er det lagt fram tilrådingar om korleis ei overføring av tilsette frå Statens vegvesen til fylkeskommunane kan skje, dette har også kontaktutvalet for fylkeskommunane gitt si tilslutning til. Likevel ser me no at fleire fylkeskommunar i sine høyringsuttalar går mot dette. Fleire av fylkeskommunane verkar ikkje å sjå behovet for å tilsette det tal stillingar som i dag jobbar med fylkesveg i Statens vegvesen, noko som skapar utryggheit, uro og ei auke i turnover i Statens vegvesen. Dei tilsette som sluttar går ikkje over i anna offentleg verksemd, men over i private verksemder. Slik mistar både Statens vegvesen og fylkeskommunane viktig kompetanse.

 

  • NTL Veg støttar opp om tilrådingane frå Vegdirektøren jf. rapporten «Fra sams og samling» kapittel 6.
  • Det vil vera trong for ei overføringslov som sikrar ei god overføring av tilsette frå Statens vegvesen til fylkeskommunane,.
  • Signal om at ei overføringslov kjem, må snøgt på plass då det er auka uro og turnover i Statens vegvesen.
  • NTL forventar at dei som eventuelt vert overført frå Statens vegvesen til ein fylkeskommune får dei same rettane som dei som allereie er tilsett i fylkeskommunane.
  • Det vil vera trong for å lovfesta eit råmeverk som legg til rette for avbøtande tiltak ved eventuelt overtal i Statens vegvesen.

 

Splitta fagmiljø kan medføre redusert kvalitet i oppgåveløysinga

Den samla kompetansen i Statens vegvesen kjem av at dei tilsette på tvers av faggrupper og ansvarsområde snakkar saman, utnyttar kvarandre sin fagkompetanse og er tett på vegane som skal driftast, vedlikehaldast og byggast.

 

For tredje år på rad er Noreg det landet i verda med lågast dødsrisiko på vegane. Noreg er også det einaste landet som har ein felles vegadministrasjon for fylkes- og riksvegar og kan sjå veg, trafikk, transport og trafikant i eit heilskapleg perspektiv med fokus på O-visjonen.

 

Alle tilsette i Statens vegvesen veit kva 0-visjonen er, dei jobbar kvar dag med målsetjinga om at vegfarande skal koma seg trygt fram. Denne tenkinga er kjernen i organisasjonen og er utgangspunktet for alle arbeidsprosessar dei tilsette i Statens vegvesen utfører. For å lukkast med dette arbeidet jobbar dei tilsette heilskapleg, tverrfagleg og tverrsektorielt. Den regionale modellen der kvar av dei fem regionane har spesialkompetanse innan bru, beredskap, skred, flaum, drift, vegbygging, tunnel, arbeidsvarsling med meir understøttar og styrkar dette arbeidet.

Det vil vera langt mindre attraktivt for ein geolog å vera den einaste geologen i ein fylkeskommune. Då må geologen stå åleine med ansvaret for å vurdere om eit fjell er tilstrekkeleg sikra, og om trafikken kan settast på etter eit skred. Ei større regional fageining gir støtte i avgjerder og fagleg utvikling. Dette vert opplevd som meir attraktivt for alle fageiningar.

 

  • NTL Veg fryktar at nedgangen i tal trafikkdrepne vil stogga eller snu ved deling av vegadministrasjonen.
  • NTL Veg er bekymra for at kompetansemiljø vert splitta og at me vil få ein redusert kvalitet i oppgåveløysinga.
  • Kravet til lik handsaming av saker vert ei utfordring ved 11 sjølvstendige vegforvaltarar på fylkesveg.
  • Mindre fagmiljø kan også medføra tap av dyktige medarbeidarar.

 

Behov for fleire tilsette for å dekke behovet for kompetanse

I rapporten «Fra sams og samling» er det vist til at om lag 4000 personar med sin kompetanse medverkar i dei 1650 totale årsverka som leverer oppgåver innan sams vegadministrasjon. Drift, vedlikehald og bygging av både fylkesvegar og riksvegar krev ein breitt samansett kompetanse for å kunne levere gode, effektive og trygge vegar til dei vegvarande. Sjølv ved overføring av 1650 høgt kompetente tilsette, vil fylkeskommunane framleis stå utan kompetansen frå dei resterende ca 2350 høgst kompetente personane. Eit saksfelt i SVV har kanskje 3 årsverk i ein region, denne kompetansen må då framover fordelast mellom til dømes 3 fylke og eit regionvegkontor. Folk tek ferie, vert sjuke med meir. Dersom ein ikkje skal gjera seg for sårbare må kvar av dei fire einingane kanskje ha 2 årsverk på saksfeltet. Då er brått 3 årsverk auka til 8.

  • NTL Veg ser klårt at nedlegging av sams vegadministrasjon vil etterlata seg eit kompetansevakuum både i fylkeskommunane og i Statens vegvesen.NTL Veg tillèt seg å minne om at kjøp av konsulenttenester krev bestillarkompetanse. Fylkeskommunane må altså sikra seg ein viss fagkompetanse på alle vitale område før dei eventuelt kan kjøpa ytterlegare tenester i marknaden.
  • Mangel på kritisk kompetanse må enten dekkast inn ved å tilsette fleire eller ved auka bruk av konsulentar.

 

Dyrkjøpt erfaring

Tidlegare leiar i Stortinget sin samferdselskomité Oddvard Nilsen uttalte, etter dei omfattande problema med «Romeriksporten» på Gardermobanen, at han hadde vore vaken ei heil natt og undra seg over kvifor i all verda dei ikkje heller hadde spurt Statens vegvesen vera byggherre for tunnelen. Truleg sikta han til at Statens vegvesen byggjer fleire tunnelar kvart år og har erfarne ekspertar til både å utarbeide anbodsdokument, velje entreprenør og følgje opp arbeidet som vert utført.

 

 

Forvaltningsreforma i 2010

Under arbeidet med forvaltningsreforma i 2010 vart nedlegging av sams vegadministrasjon vurdert. Regjeringa konkluderte den gongen med at ei splitting av kompetansemiljø på fleire regionar ville medføra ein betydeleg større administrasjon med fleire tilsette, redusert moglegheit til å utnytta stordriftfordeler og at splitting av fagmiljøa ville svekke den nasjonale samla kompetansen i vegsektoren. Regjeringa meinte at det ville vera mogleg å overføra ansvaret for hovuddelen av sams dersom talet på regionar vart redusert til 10-12 regionar, men at det ville medføra betydelege administrative og økonomiske konsekvensar. I tillegg ville det medføra auka belastningar på mange arbeidstakarar som følgje av endring i arbeidstilhøve og lokaliseringar.

 

  • NTL Veg forstår at regionreforma tek sikte på å styrka samfunnsutviklarrolla for fylkeskommunane, men fryktar at nedlegging av sams vegadministrasjon vil medføra store økonomiske og samfunnsmessige kostnadar, både i omstilling og på lang sikt.

 

Vidare utgreiing

Utredning etter Utredningsinstruksen skal sikra god utnytting av skattebetalarane sine pengar. Statsrådane er plikta å gjere tilstrekkelege vurderingar av kostnadar ved endringar før dei vert vedtekne. NTL Veg opplever at Vegdirektøren sin rapport «Fra sams og samling» skildrar kompleksiteten og utfordringane ved nedlegging av sams vegadministrasjon på ein fagleg god og grundig måte.

 

  • NTL Veg finn at kapittel 8 i rapporten «Fra sams og samling» belyser punkta i utredningsinstruksen og gir ei klår tilråding.
  • Dersom Stortinget opplever rapporten «Fra sams og samling» som utilstrekkeleg i sin form eller innhald vil NTL Veg på det sterkaste råde mot ei forhasta nedlegging av sams vegadministrasjon før det er utgreidd nærare kva økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar dette vil få.

 

NTL Veg tilrår å gå vidare med 0+ alternativet

NTL Veg støttar Vegdirektøren i hans konklusjon om at det beste alternativet er 0+ alternativet. 0+ alternativet inneber ei vidareføring av sams vegadministrasjon med forbetringar for å styrka fylkeskommunane si rolle som forvaltar og eigar av fylkesvegane.

 

 

Inger Sigridnes                                 Henny-Kristin Asperanden Navarsete

Leiar NTL Veg                                                 Nestleiar NTL Veg