Høringssvar fra Diskrimineringsnemnda

Dato: 07.10.2020

Høyringsfråsegn – NOU 2020:5 likhet for loven

Me viser til høyring frå Justis- og beredskapsdepartementet, NOU 2020:5 likhet for loven – lov om støtte til rettshjelp.

Diskrimineringsnemnda er eit uavhengig, upartisk og domstolsliknande forvaltningsklageorgan som avgjer klagesaker om diskriminering, trakassering og gjengjelding. I tillegg til å ta stilling til om det har skjedd eit regelbrot, kan nemnda også tilkjenna oppreisning i arbeidsforhold og erstatning i enkle rettshøve. Nemnda kan pålegga retting, stans eller andre tiltak etterfølgt av tvangsmulkt for å få pålegget etterlevd. Nemnda kan hastehandsama klagesaker som ikkje kan venta på ordinær sakshandsaming.

Diskrimineringsnemnda vil koma med nokre synspunkt knytt til behovet for rettshjelp i likestillings- og diskrimineringssaker for å sikre likskap for lova.

Saker om likestilling og diskriminering er ikkje prioritert etter rettshjelpsordninga slik den er i dag. Det er heller ikkje foreslått å prioritera slike saker i den nye ordninga, men det er foreslått at ein kan få rettshjelp i likestillings- og diskrimineringssaker etter skjøn.

Rettshjelp i saker som er til handsaming i Diskrimineringsnemnda

Likestillings- og diskrimineringsregelverket skal beskytta den enkelte mot diskriminering og trakassering og skapa likskap for lova, både i arbeidslivet og i samfunnet elles. Dette er saker som er viktige for den enkelte både når det gjeld levestandard og livskvalitet. Regelverket er også viktig for Noreg med omsyn til å skapa eit samfunn som verdset og likestiller heile vårt fantastiske mangfald. Nemnda ser det som viktig å sikra at dei som er utsett for diskriminering, trakassering eller gjengjelding er sikra nødvendig hjelp for å kunne ivareta sine rettar etter likestillings- og diskrimineringsregelverket. Det gjeld både med omsyn til å få konstatert regelbrot, få nødvendige pålegg, erstatning eller oppreisning, og ved å få lagt fram nødvendige bevis og gjort andre steg undervegs som er nødvendige for å kunne sikra sine interesser. Rettshjelp til dei som klagar inn ei sak for nemnda vil vera ein viktig faktor for å skapa likskap for lova for den enkelte, for å oppnå det likeverdige mangfaldige Noreg som me ønskjer, og for å ivareta Noreg sine internasjonale pliktar på dette området.

Sjølv om likestillings- og diskrimineringsombodet gjer ein god jobb med å rettleia moglege klagarar og andre om likestillings- og diskrimineringsregelverket, så er det likevel ofte behov for meir hjelp enn kva ombodet kan gje i enkeltsaker for Diskrimineringsnemnda. Ombodet har i liten grad sjølv brakt saker inn for nemnda til handsaming. Sidan etableringa av Diskrimineringsnemnda 01.01.2018 har ombodet berre brakt inn to saker for nemnda.

Diskrimineringsnemnda skal vera eit lågterskeltilbod og nemnda skal sørgja for at sakene er tilstrekkeleg opplyst i samsvar med krava i forvaltningslova. Nemnda ser likevel at mange av sakene er komplekse og at styrkeforholdet mellom partane ofte kan vera skeivt, typisk mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar eller mellom eit offentleg organ og ein privatperson. Nemnda må også balansera si undersøkingsplikt mot kravet til å vera upartisk og nøytral. Særleg prosessuelle forhold og rettslege konsekvensar av regelbrot, som oppreisning og erstatning, kan vera kompliserte for klagarane å handtera på eiga hand, sjølv med den rettleiing og hjelp eit upartisk og nøytralt klageorgan som nemnda kan gje. Det tilseier etter nemnda si vurdering at det er behov for rettshjelp i likestillings- og diskrimineringssaker for å utjamna forholdet mellom partane og for å sikre ein god balanse mellom nemnda si undersøkingsplikt og kravet til at nemnda skal vera upartisk.

Vidare har nemnda klagesaker der partane ikkje forstår norsk, er analfabetar eller der klagar på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å skriva eller føra saka si sjølv. Desse har behov for meir hjelp i prosessen enn kva Diskrimineringsnemnda, som eit nøytralt og upartisk forvaltningsklageorgan, kan gje dei.

Diskrimineringsnemnda har også kompetanse til å ta stilling til saker om seksuell trakassering. Slike saker kan vera svært krevjande å føra sjølv, spesielt med tanke på kva bevis ein skal føra og korleis ein best kan leggja fram saka for å underbyggja påstanden om at ein er utsett for seksuelle trakassering. Det same vil vera tilfellet for saker om gjengjelding ved varsling, som det no er føreslått at nemnda også skal vere eit lågterskeltilbod for (med verknad frå 01.07.2021). For begge desse sakstypane er det krevjande for klagarane å vera sjølvprosederande.

Diskrimineringsnemnda har også kompetanse til å ta stilling til saker om seksuell trakassering. Dette er saker som kan vera særs krevjande for begge partar å føra sjølv når dei begge er privatpersonar. Dette gjeld spesielt med tanke på kva bevis ein skal føra og korleis ein best kan leggja fram saka.

Ei anna type sak som det nok særleg vil vera krevjande for klagarar å føre sjølv, er saker om gjengjelding ved varsling, som det no er føreslått at nemnda også skal vere eit lågterskeltilbod for (med verknad frå 01.07.2021).

Rettshjelp i saker som er ferdighandsama i Diskrimineringsnemnda

Så langt er ingen saker tatt vidare inn for dei ordinære domstolane etter at Diskrimineringsnemnda har fatta avgjerd i saka. I saker der klagar har vunne fram i nemnda, og motparten tar saka inn for domstolane, ser nemnda det som urimeleg om ein klagar vert avskoren frå å ivareta sine rettar for domstolane fordi ein ikkje har råd til advokatbistand. Nemnda foreslår at slike saker vert prioriterte i rettshjelpsordninga, framfor at det skal vera ei avgjerd basert på skjøn om ein skal få støtte i desse tilfella. Dette vil uansett gjelda eit fåtal saker, slik at dei økonomiske konsekvensane ved å prioritera slike saker vert små, medan gevinsten for den enkelte er stor. Tryggleiken i at ein vil kunne få rettshjelp i desse tilfella vil vera med på å bida til eit effektivt diskrimineringsvern for den enkelte.

Diskrimineringsnemnda si oppfordring

Diskrimineringsnemnda ber etter dette om at spørsmålet om å ta inn likestillings- og diskrimineringssaker blant dei prioriterte sakene i rettshjelpsordninga vert vurdert på nytt, både for saker som blir brakt inn for handsaming i nemnda og for nemndavgjerder som vert tatt vidare til domstolane. Dette er viktig for å sikra likskap for lova og reell likestilling for mangfaldet i Noreg, i tråd med våre nasjonale mål og internasjonale pliktar knytt til dette.