Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 30.11.2020

1. Vestland fylkeskommune er positiv til det grundige arbeidet som Rettshjelpsutvalget har utført, med bakgrunn i deira mandat til å foreta ei brei gjennomgang av ordninga for fri rettshjelp, med formål å utarbeide ei ny lov som ivaretek rettsikkerheita. Vestland fylkeskommune stiller seg bak Rettshjelpsutvalet si utredning «Likhet for loven, Lov om støtte til rettshjelp (rettshjelpsloven)» slik den kjem fram av NOU 2020:5.

2. Vestland fylkeskommune sluttar seg til forslaget til formålsparagraf.

3. Vestland fylkeskommune er samd i utvalet sitt forslag for å sikre auka grad av likheit, slik at fleire faller inn under ordninga. Fylkeskommunen er samd i å endre dei økonomiske vilkåra for ytinga, noko som medfører at fleire kan komme med i ordninga. Fleire svake grupper kan få rettshjelp som elles ikkje ville fått mogelegheit til å prøvd saka si rettsleg.

4. Vestland fylkeskommune støtter utvalet sitt forslag om å vidareføre dei prioriterte saksområda i forslag til ny rettshjelpslov, samstundes som det vert gitt kriterier i lova for å innvilge rettshjelp etter ei skjønnsmessig vurdering.

5. Vestland fylkeskommune seier seg samd i rettshjelpsutvalet sitt syn i saker som gjeld opplæringslova.

Vedlegg