Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra Aukra kommune

Dato: 01.04.2020

Høyringssvar til Rusreformutvalets innstilling NOU 2019:26 – innspel frå AUKRA KOMMUNE

Det vises til høyring sendt ut 19.12.2019 frå Helse- og omsorgsdepartementet om rusreformutvalets innstilling «NOU 2019:26 – Fra straff til hjelp» med høyringsfrist 15.05.2020. Innspelet er på vegne av Aukra kommune.

BAKGRUNNEN FOR RUSREFORMEN

Utdrag frå NOU 2019:26:

«Bakgrunnen for rusreformen er en erkjen­nelse av at rusproblematikk i all hovedsak er ei helseutfordring. Straffeforfølgning av bruk og besittelse av illegale rusmidler til eget bruk har bidratt til stigmatisering, marginalisering og sosial utstøting og kan ha stått i veien for å møte den enkelte bruker med hensiktsmessige og tilpassede tilbud og oppfølging. Rusreformen innebærer med dette et betydelig skifte i norsk ruspolitikk. Et skifte i tenkningen og holdningen til hva et rusproblem er – og ikke minst – hvordan vi som samfunn skal møte dette problemet (NOU 2019:26, s. 19)».

«Utvalget skal forberede gjennomføringen av regjeringens rusreform der ansvaret for sam­funnets reaksjon på bruk og besittelse av ille­gale rusmidler til eget bruk overføres fra justis­sektoren til helsetjenesten» (NOU 2019:26 s. 19).

Intensjonen med reforma er god, men har rusreformutvalet tatt høgde for dei økonomiske og administrative følger det vil få for kommunen i stor nok grad? Det er også uklart korleis barn under 18 år skal takast vare på med dei føreslegne bestemmingar. Bruken av eit viktig og effektivt verkemiddel i politiet forsvinn og vert erstatta av tilbod som ikkje eksisterer i små kommunar. Det er også bekymringsfulle haldningar til avkriminaliseringa og at barn snur bruk av narkotika til å vere noko som er «lovleg» (legalisering). Vil barna bli taparane i reforma?

FORSLAG TIL NYE BESTEMMELSAR

I NOU 2019:26 blir det føreslege ny bestemming i helse- og omsorgstjenestelova. Ny § 7- 4 om «rådgivende enhet for narkotikasaker» lyder:

«Kommunen skal ha en rådgivende enhet for narkotikasaker. Denne enheten skal ha ansvaret for å møte personer som er ilagt oppmøteplikt etter politiloven § 9 c.

"Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om den rådgivende enheten, herunder kompetansekrav, organisering og tjenestens innhold, inkludert formidling til og samhandling med andre tjenester.»

Denne viser til § 9 c i politilova som lyder:

«Politiet kan pålegge en person å møte hos rådgivende enhet for narkotikasaker når det er overveiende sannsynlig at personen har brukt, eller forsøkt å bruke, stoff som etter regler med hjemmel i legemiddelloven § 22 er å anse som narkotika, eller at personen har ervervet, eller forsøkt å erverve, eller innehar eller har innehatt et slikt stoff til egen bruk.

Vedtak om møteplikt for rådgivende enhet skal grunngis.

Departementet kan i forskrift gi nærmere regler om vedtak etter bestemmelsen her, meddelelse av vedtaket, oversendelse av vedtaket til rådgivende enhet i kommunen og politiets behandling av opplysninger i slike saker.»

ØKONOMISKE OG ADMINISTRATIVE FØLGER FOR KOMMUNEN

Rusreformutvalet legg i si innstilling opp til at kommunen sitt utvida ansvar, jf. føreslått § 7-4 skal bli dekt innanfor eksisterande rammer. I NOU framgår det:

«Utvalget legger til grunn at kommunenes utgifter relatert til rusarbeid i dag i hovedsak dekkes gjennom inntektssystemet til kommunesektoren, og at kommunene må løse sine oppgaver innenfor den økonomiske rammen de til enhver tid har. Utvalgets forslag legger i prinsippet ingen nye oppgaver til kommunene (med unntak for selve mottaksapparatet i rådgivningsenheten), men kan forstås som en tydeliggjøring av ansvaret for å avdekke tjenestebehov og yte tjenester, både i et behandlende, rehabiliterende og forebyggende perspektiv. Overfor andelen personer som ikke tidligere er kjent av tjenestene, men som har et tjenestebehov, skulle det i utgangspunktet kanskje vært iverksatt tiltak for å identifisere slike behov tidligere. Således kunne det forventes at kommunene løste oppgaven innenfor dagens økonomiske rammer (NOU 2019:26, s. 362).»

Rusreformutvalet angir at det ikkje vil bli meirkostnadar for kommunen, men treng ikkje den føreslegne lovpålagte eininga i kommunen eit system for å fungere? Er vi sikker på at små kommunar har eit forsvarleg tilbod og at alle får den hjelpa dei treng?

Slik det er føreslege skal Aukra kommune etablere ei rådgivande eining for narkotikasaker. Eininga skal kalle inn personar som er pålagt møteplikt etter bestemminga i politilova § 9 c. Reaksjonsmodellen og eininga skal gjelde for både vaksne og barn under 18 år (NOU 2019:26, s. 337). Eininga skal kalle inn dei som har fått vedtak om møteplikt. Viss ikkje personen opprettheld møteplikta skal eininga gjere dei nødvendige grep for å få kontakt med personen. Med dette inneber det også å reise heim til vedkommande. Eininga skal informere, kartlegge og ha oppfølging av personane, eventuelt henvise til anna instans som for eksempel rus- og psykisk helseteneste i kommunen (NOU 2019:26, s. 39). Utvalet legg opp til at den rådgivande eininga må ha «medisinsk-, psykolog-, og sosialfagleg kompetanse samt erfaringsbasert kompetanse». Det er også krevd barnevernfagleg kompetanse ved behov (NOU 2019:26, 332).

I mindre kommunar er det vanskeleg å tilsette bredt og det vil bli vanskeleg å forsvare den bredda som er nemnd sett i forhold til antal innbyggarar. Det er og nødvendig med opplæring i etableringsfasen av eininga. I enkelte tilfelle i reaksjonsmodellen vil det vere nødvendig med grep som er svært ressurskrevande for eininga.

Det er vanskeleg å få oversikt over dei administrative og økonomiske konsekvensane dette kan ha for kommunen, men slik reaksjonsmodellen er skildra, er det frå vår ståstad reelt å tenke at det bli meirkostnadar for kommunen med dei føreslegne bestemmingane.

SAMFUNNSPERSPEKTIVET – UNGDOMMANE VÅRE

Det økonomiske perspektivet er ei side av saken, men det er også andre bekymringar ved reforma. Då spesielt i forhold til barn under 18 år.

At politiet si oppgåve blir å pålegge møteplikt for ungdom som einaste konsekvens, vil medføre at ungdommar som er rusavhengig eller som er i ferd med å utvikle rusavhengigheit, ikkje får dei faste rammene til å bli rusfri. Rusmisbrukarar og spesielt ungdom har ofte ein lang veg å gå når det gjeld å oppsøke hjelp. Enkelte har ikkje erkjent sitt problem, mens andre ikkje er klar for å endre sine rusvanar. Eit eksempel skissert under og som rusreform-utvalet er godt kjent med viser skilnaden før og etter reforma.

Eksempel:

  • Ny rusreform: Politiet kan ikkje gje straff til personar som blir teken for innehaving av narkotika inntil ei viss mengde etter at lovendringa trer i kraft. Kommunen må gjere nødvendige grep for ungdommar som er i ferd med å utvikle rusavhengigheit utan involvering frå politiet.
  • Dagens praksis: I dag kan politiet straffeforfølge ungdommar som blir teken for innehaving av narkotika. Ein god praksis og alternativ til straff i politiet er «ungdomskontrakt» som er ein skriftleg avtale mellom ungdommen, føresette, politi og kommunalt hjelpeapparat. Reaksjonen vil vere påtaleunnlating med vilkår. Det betyr at straffbare forhold som det er inngått avtale om, ikkje vil komme på ei ordinær politiattest ved fullført kontrakt. Vilkåra i kontrakten vil blant anna vere urinprøver og samtalar med behandlar i kommunen.

Det forebyggande arbeidet i Molde politidistrikt har vore betydeleg. Politiet sine førebyggarar nyttar dette verktøyet for å hjelpe barnet til ei betre framtid. I kontakt med andre etatar, føresette, elever på skoler, det kriminelle miljøet m.m., blir politiet kjent med barn som rusar seg og ikkje har det bra. Førebyggande politi synleggjer eit rusproblem som ofte har vore fornekta av barnet sjølv. Politiet sin moglegheit for å avdekke og hjelpe barn med rusutfordringar vil i praksis forsvinne om innstillinga blir vedtatt.

KORLEIS OPPFATTAR BARN OG UNGE AVKRIMINLAISERINGSDEBATTEN?

Medan rusreforma handlar om avkriminalisering opplever politiet i Molde og andre samarbeidspartar at det har festa seg eit bilete av at narkotika snart blir "lovleg" (legalisert). Språkbruk, debatt og omgrepsforvirring er med på å skape dette bildet. Sårbare barn leiter etter argument for å ruse seg. Inntrykket av at narkotika "skal bli lovleg" vil bli forsterka gjennom innstillinga og kan føre til at fleire barn rusar seg.

OPPSUMMERT

Det er for Aukra kommune uklart kva følger dei føreslegne endringane vil ha for kommunen og for dei personar det gjeld. Intensjonen med reforma er rett til helsehjelp, men vil barn få helsehjelp viss det einaste kravet er plikt til oppmøte? Er det naivt å tenke at dei vil oppretthalde møteplikta? Er vi sikker på at vi når dei like godt som i dag? Utvalet må i større grad gjere greie for korleis ein følger opp barn under 18 år utan politiet si involvering i arbeidet. Det er også interessant å vite kva utvalet har tenkt for dei barna som tar rusmiddel for å dempe psykiske smerter. Det er vanskeleg å sjå at avkriminalisering vil hjelpe barn som ikkje forstår konsekvensane av rusbruk og «sjølvmedisinering». Rusreform-utvalet viser til ulike prosjekt, program, tilbod og tiltak for ungdom med rusproblem i dei store kommunane i landet (NOU 2019:26, s. 220), men kva med dei mindre kommunane som ikkje har dette omfanget av tilbod? Skal kommunen opprette slike program i tillegg? Elles ber vi om at utvalet i større grad omtalar dei administrative og økonomiske konsekvensar innstillinga vil få for kommunane. Endring av oppgåver må fullfinansierast av staten.

Med vennleg helsing
Rita Rydheim
SLT-koordinator i Aukra kommune

Til toppen