Høringssvar fra Bremanger kommune

Dato: 15.05.2020

Helse og omsorgsdepartementet

Vår ref:

Dykkar ref.

Dato:

20/4926- / RY

14.05.2020

HØYRINGSSVAR NOU 2019/26

Fra straff til hjelp

Bremanger kommune vil med dette gje høyringssvar på NOU 2019-26: Fra straff til hjelp.

Dokumentet tek føre seg mange viktige aspekt, og vi stiller oss i utgangspunktet positive til at straff skal erstattast med behandling. Vi ser likevel utfordringar ved å overføre dette ansvar i så stor grad til kommunal oppfølging.

Vi veit at eit kommunalt tilbod som ikkje er pålagt lett kan verte takka nei til. Kommunen ser utfordringar med reaksjonsmodellen overfor dei brukarane som ikkje ønskjer å møte til rettleiing. Dei mest utsette vil vere dei som har ein risikofylt rusmiddelbruk og står i fare for å utvikle alvorlege rusmiddelproblem. Dette særleg med tanke på ungdomar som ikkje opplever rusbruket som problematisk. Vi er redde for at desse ikkje vil late seg motivere til, og takke ja til hjelpetilbodet.

Vidare stiller vi oss skeptiske til avkriminaliering av bruk og besittelse av narkotika til eige bruk. Den mest sårbare gruppa vil vere ungdom i utprøvingsfasen. Grensene for narkotikabruk som vert føreslege i NOU 2019-26 ser vi som altfor høge. Å starte i det "små» veit vi dessverre fører til auka forbruk og fare for rusavhengighet.

Vi ser med uro på kva konsekvensar ei avkriminalisering av narkotikabruk kan gje for den einskilde og samfunnet som heilskap. I Bremanger kommune har vi eit godt samarbeid med politiet. Vi ynskjer at kommune og politi heller vidareutviklar eit systematisk og kvalitativt godt samarbeid framfor at narkotikabruk vert avkriminalisert og oppfølging skal skje ved frivillig kommunalt hjelpetilbod. Vi ynskjer ikkje at grupper skal bli stigmatiserte, og der finnast nok andre metodar enn dagens straff. Vi ser likevel at ein form for sanksjon og deltaking frå politiet i slike saker er viktig for ikkje å rekruttere til rusavhengighet.

Under dette kjem også samarbeid mellom politi og barnevern. I dag vert saker som vedkjem narkotikabruk, der det er barn involverte, meldt frå politi til barnevern. Ved ei avkriminalisering vil denne kontakta mellom politi og barnevern opphøyre, og viktig intervensjon frå barnevern i bekymringsfulle saker kan utebli.

Til slutt vil vi påpeike at dersom kommunen skal kunne yte hjelpa slik det framgår av NOU 2019-26 må vi auke kompetanse og ressursar. Dei ordinære tenestene vil trenge både fleire personar som arbeider med dette og kompetanse for å ha kapasitet til og kunnskap om god og samordna oppfølging og behandling innan dette området. I NOU 2019-26 er det ikkje klarlagt om kommunane skal få tilført dette for å utføre arbeidet, noko vi meiner er naudsynt dersom vi skal lukkast med oppfølginga.

Helsing

Randi Ytrehus

Kommunalsjef helse

Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur

Mottakarar:

Helse og omsorgsdepartementet