Høringssvar fra Indre Sogn og Nordfjord jordskifterettar

Indre Sogn og Nordfjord jordskifterettar si fråsegn

Dato: 25.08.2016

Svartype: Med merknad

DET KONGELIGE JUSTIS- OG BEREDSKAPSDEPARTEMENT

Postboks 8005 Dep

0030 OSLO

 

 

Fråsegn til høyring frå Justis- og beredskapsdepartementet om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde.

 Gjennom Domstolsadministrasjonen si undersøking hausten 2015, om moglege samanslåingar av tingrettar, kom det fram at det var interesse for ei samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett.

 Det vart deretter etablert felles leiing for dei to tingrettane frå og med 1. juli 2015, der sorenskrivaren i Fjordane også overtok som domstolleiar for Sogn tingrett. Det vert meldt om at erfaringane med dette har vore gode.

 Justis- og beredskapsdepartementet føreslår å endre strukturen for dei alminnelege domstolane i Sogn og Fjordane, slik at Fjordane tingrett og Sogn tingrett vert slått saman til ein domstol med hovudsete i Førde. Departementet føreslår samstundes å oppretthalde dagens kontorstadar/rettsstadar.

 Namnet på den nye domstolen vert føreslege å vere Sogn og Fjordane tingrett.

Departementet kjem med framlegg om at kontorstadene og rettsstadene skal bli oppretthaldne òg etter ei samanslåing.

«På grunn av lang reisetid for brukerne i fylket har departementet vurdert det som mest hensiktsmessig at kontorstedene i henholdvis Førde og Sogndal opprettholdes. Det legges videre til grunn at rettslokalet i Nordfjordeid også foreslås opprettholdt som i dag. Det betyr at reisetiden for brukerne av domstolen ikke øker som følge av sammenslåingen».

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt fråsegn.

 Fylkesutvalet «støttar planane om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett med hovudkontor i Førde. Fylkesutvalet legg til grunn at ei samanslåing totalt sett vil innebere ei fagleg styrking av dei to noverande domstolane og at det også er naudsynt for at domstolen skal bli stor nok til å kome med i domstolane sitt digitaliseringsprogram».

 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser at modellen kan gje ein domstol som meir fleksibelt kan setje inn ressursar og kompetanse der det er størst trong. Fylkesmannen kan ikkje sjå at modellen inneber nemneverdige endringar i tilbodet for brukarar av domstolane.

Fylkesmannen legg vekt på at Sogn og Fjordane tingrett får dra full nytte av alle tilgjengelege

digitale verktøy. Fylkesmannen går elles ut frå at det vert lagt inn som ein klar premiss i det endelege vedtaket at Nordfjordeid vert oppretthalden som rettsstad og Sogndal som rettsstad og kontorstad med tilsette dommarar og sakshandsamarar.

 Nordfjord tingrett har rettslokale på Nordfjordeid, og tingretten deler ei konsulentstilling med Nordfjord jordskifterett.

 Av høyringsnotatet går det fram at departementet legg eksisterande organisasjonsstruktur til grunn for samanslåinga av tingrettane, slik at kontorstadane i Førde og Sogndal og tilbodet på Nordfjordeid skal oppretthaldast. Det vert opplyst at samanslåinga såleis ikkje vil påverke reisetida for verken aktørane i retten eller det rettssøkande publikum, men at det ved samanslåinga ligg til rette for digitalisering og eit godt fagleg miljø, som igjen skal sikre publikum eit godt og likeverdig domstolstilbod.

 Indre Sogn og Nordfjord jordskifterett sine vurderingar

Sogn tingrett er i dag samlokalisert i Sogndal med Indre Sogn jordskifterett, medan Fjordane tingrett har rettsstad på Nordfjordfjordeid der tingretten deler ei konsulentstilling med Nordfjord jordskifterett.

Uavhengig den positive argumentasjonen som er lagt til grunn for framlegget om oppretting av Sogn og Fjordane tingrett, konstaterer jordskifterettane at også dette er ei strukturendring som på sikt vil sentralisera domstolane i fylket, og svekka tilbodet til det rettssøkjande publikum.

 Som dei alminnelege domstolane opplever Jordskifterettane å vera under sterkt økonomisk press. Det er innført generell stillingsstopp og DA innfører såkalla prøveordningar med felles leiing av fleire domstolar. DA har i så måte til vurdering eit initiativ for å oppretta felles leiing mellom Nordfjord jordskifterett og Indre Sogn jordskifterett.

 Dersom føresetnadane om at tingretten sine tilbod skal oppretthaldast i Sogndal og utviklast vidare på Eid, skal bli ein realitet, vil dette vera heilt avhengig av at tingretten sitt samarbeid med jordskifterettane begge stader får gode vilkår for vidare utvikling.

 Jordskifterettane finn det rett å minna om at tidlegare samlokalisering av tingrettane og jordskifterettane var grunngjeve med at domstolane slik skulle styrka og utfylla kvarandre. I den situasjonen som no oppstår er difor vår vurdering at sikring og styrking av Indre Sogn jordskifterett og Nordfjord jordskifterett vil vera avgjerande for forankring av tingretten sine framtidige tilbod i Sogndal og på Nordfjordeid. I strid med DA sine forsøksordningar om felles leiing vil denne situasjonen ytterlegare forsterka behovet for løpande rekruttering og lokal leiing av begge domstolane.

 Sogndal 25.08.2016

 

 

 

Eivind Helleland                                                                         Hans Ruud

jordskifterettsleiar                                                          jordskifterettsleiar  

Nordfjord                                                                                Indre Sogn