Høringssvar fra Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett

Samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane tingrett - høyringsuttale

Dato: 29.08.2016

Svartype: Med merknad

Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett støttar framlegget om samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett. Vi støttar òg føresetnadene om vidareføring av to kontorstader (Førde, Sogndal) og ytterlegare ein rettsstad (Nordfjordeid). Desse føresetnadene tydeleggjer den samanslegne tingretten som distriktsdomstol i eit stort og relativt tynt folkesett geografisk område. Samanslåing gjer det mogleg å utnytte personalressursane og den enkelte medarbeidar sin kompetanse på tvers av dagens inndelingsgrenser. Alternativet til den føreslegne samanslåinga, vil med stor sannsynlegheit vere at Sogn tingrett etter neste strukturreform vil bli nedlagt, utan vidareføring av Sogndal som kontorstad.

Domstoladministrasjonen (DA) har som mål om å samlokalisere tingrettar og jordskifterettar der tilhøva ligg til rette for det. Vidare har tingrettane og jordskifterettane frå 2016 kome på same budsjettkapittelet i statsbudsjettet. Ein konsekvens av desse forholda kan bli at DA i større grad vil sjå dei to domstolane i samanheng. Ei samanslåing av tingrettane kan difor få direkte og indirekte verknader også for jordskifterettane i Sogn og Fjordane.

I fylket er det i dag tre sjølvstendige jordskifterettar (Førde med ni, Sogndal med fem og Nordfjordeid med fem tilsette). Saman med tingrettane betyr dette at det samla er ca. 40 årsverk knytt til domstolane i fylket, dvs. ein vesentleg kompetansearbeidsplass. Dette er arbeidsplassar det er særs viktig å behalde i fylket.

Både i Sogndal og på Nordfjordeid vart det for nokre år sidan etablert ei form for samlokalisering mellom tingrett og jordskifterett. I Førde har tingretten og jordskifteretten ein begynnande dialog om samlokalisering.

I tillegg til fysisk samlokalisering, er det i Førde aktuelt å arbeide for eit tettare samarbeid der ei målsetting vil vere å hente ut gevinstar på personal- og driftssida. Særleg aktuelle samarbeidsområde er administrative funksjonar og IKT. Også fagleg og sosialt vil samlokalisering vere positivt.

Samanslåing av tingrettane sett i samanheng med samlokalisering og samarbeid mellom tingrett og jordskifterett, aktualiserer etter vårt syn spørsmålet om organiseringa av jordskifterettane i Sogn og Fjordane. For oss er det ei målsetting å oppretthalde Sogn og Fjordane som ei geografisk domstoleining i framtida. Å sjå domstolressursane i samanheng og utvikle samhandlinga mellom domstolane, kan i den samanhengen vere eit godt og riktig organisatorisk/strukturelt grep, spesielt med tanke på å oppretthalde fleire kontorstader i fylket både for tingrett og jordskifterett.