Høringssvar fra Sogn og Fjordane fylkeskommune
Høyring - Utkast til forskrift om kapasitetsøkning for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2017/2018
Sogn og Fjordane fylkeskommune syner til «utkast til forskrift om kapasitetsøkning for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2017/2018», sendt på høyring av Nærings- og fiskeridepartementet 2. november med frist for høringssvar 8. desember 2017.
Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner avgjerda om å sette område 4 i raudt er gjort basert på det vi meiner er eit særleg svakt kunnskapsgrunnlag, med for få overvakingsdata over ein for kort periode (2 år). Det må prioriterast å hente inn meir og breiare kunnskap i vårt område.
Sogn og Fjordane fylkeskommune ser positivt på at ordninga vil kunne generere ei relativt stor inntekt til kommunar og fylkeskommunar, men meiner kostnaden på kr 120 000 pr. tonn vekst kan vere noko høg. Vi ber departementet vurdere å gjennomføre auksjonen først, for å sjå kva pris marknaden set pr. tonn konsesjonsbiomasse, og deretter fastsette pris på det faste salet til eksisterande konsesjonar.
Bakgrunn
Nytt system for kapasitetsjusteringar i norsk lakse- og aureoppdrett trådde i kraft 15. oktober 2017. Innanfor kvart av produksjonsområda vurderast næringa si miljøpåverknad i form av korleis lakselus påverkar vill laksefisk. Er miljøpåverknaden akseptabel (grønt) vil næringen kunne få tilbod om vekst. Er miljøpåverknaden moderat (gult) fryses kapasiteten, og er miljøpåverknaden uakseptabel (raudt) kan kapasiteten senkas.
Usikkerheit
Ei ekspertgruppe har levert ein rapport der dei har gått gjennom all tilgjengelig kunnskap på området, og vurdert åra 2016 og 2017, men ikkje gjort ei samla vurdering for dei to åra.
Basert på denne rapporten har ei styringsgruppe gitt departementet eit fagleg råd. Styringsgruppa har vore samansett av 3 representantar ein frå kvart av institutta; Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking.
Sogn og Fjordane fylke ligger i område 4 (Nordhordland til Stadt). Dette området vart satt i raudt og styringsgruppa hadde gitt følgjande råd:
Sannsynlig dødelighet > 30% med middels usikkerhet: Usikkerheten er vurdert til middels fordi det finnes bare overvåkingsdata fra deler av området, som viser høy risiko, samtidig som deler av området har dårligere dekning.
For 2016 vurderte ekspertgruppa risikoen til 10-30 %, mens det i 2017 vart sett til < 30%.
Styringsgruppa har gjort ei samla vurdering for perioden 2016-2017, basert på lik vekting av desse åra. Der vurderingane er forskjellig for eit område i dei to åra og usikkerheten er middels eller stor, har styringsgruppa valt ei konservativ tilnærming, som inneberer at det er det året med høgast risiko som har blitt gitt størst vekt.
Rådet er basert på overvakingsdata frå trål og bur i ytre Sognefjorden og ved Sørbøvågen, eit område yters i Nordfjord. Rådet meiner infestasjonen på ruse og garnfanget sjøaure i ytre deler av Sognefjorden samt i Nordfjord fører til høg risiko for lakselus indusert dødelegheit på utvandrande laksesmolt.
Sogn og Fjordane fylkeskommune er ikkje nøgd med at få overvakingsdata over ein periode på berre to år skal vere grunnlag for ei avgjerd for vekst eller ikkje i vårt område.
Økonomi
Etter den nye ordninga vert det no gjeve tilbod om vekst på 6 % for dei produksjonsområda som har fått «grønt lys» ut frå indikator lakselus. Dette gjeld for 8 av dei 13 produksjonsområda.
I forslaget som no er sendt på høyring gjeld 2 % vekst i de 8 grøne områda. Resterande vekst (4%) i dei same områda vil bli gjennomført som ein auksjon med nye løyver på eit seinare tidspunkt.
Vederlaget for 2 % vekst er sett til 120 000 kr. pr. tonn vekst på eksisterande løyver. Eit vanlig løyve på 780 tonn MTB gjev ein kapasitetsauke på 16 tonn og eit vederlag på 1 920 000 kr om tilbodet vert nytta.
2 % vekst i grøne områder gjev ein samla vekst på 7 937 tonn MTB.
2 % vekst i dei 8 produksjonsområda som har fått «grønt lys» gjev samla 7 937 tonn vekst. I kroner utgjer dette samla ca. 952 mill. kr.
Fylkeskommunane og kommunane skal ha 80 % av vederlaget. Fylkeskommunane skal vidare ha 12,5 % av dette. Fylkeskommunanes del blir ut frå dette ca. 95 mill. Område 4 utgjer store delar av Sogn og Fjordane og ut frå fordelingsnøkkel MTB utgjer det ca. 12,85 %.
Vederlag som kjem Sogn og Fjordane fylkeskommune til gode verte ca. 9 millionar dersom alle nyttar tilbodet om 2 % vekst. Resterande vekst innanfor totalt 6 %, skal tildelast gjennom auksjon på eit seinare tidspunkt.
Om auksjonen resulterer i bod på 120 000 kr pr. tonn vert det ei samla inntekt på ca. 1,9 milliardar, og Sogn og Fjordane sin del av dette vil i så fall bli omlag 17 millionar.
Om auksjonen resulterer i bod på 80 000 kr pr. tonn blir det ei samla inntekt på ca. 1,27 mrd. gjennom auksjon, og Sogn og Fjordane sin del av dette vil i så fall bli omlag 11 mill.
Denne ordninga vi kunne generere ei relativt stor inntekt til kommunar og fylkeskommunar, føresett at heile 6% veksten vert selt. Signal frå næringa er at kostnaden på 120 000 pr. tonn vekst er noko høg. Fylkeskommunen ser difor føre seg at det kan vere betre med auksjon først for å sjå kva pris marknaden set pr. tonn konsesjonsbiomasse og deretter fastsette pris på det faste salget til eksisterande konsesjonar etter dette.
Med helsing
Endre Høgalmen
Ass fylkesdirektør for næring Elisabeth Aune
seniorrådgjevar
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift