Høringssvar fra Stranda idrettsråd
Høyringsuttale - konsekvensar ved mogleg lisensordning for pengespelHøyringsuttale - konsekvensar ved mogleg lisensordning for pengespel
Stranda 30.11.2015.
Styret i Stranda idrettsråd går samla inn for å behalde dagens spelemonopol-ordning, og ikkje opne for fri flyt av private aktørar. Overskotet frå spelemonopol-ordning frå Norsk tipping er den viktigaste statlege tilskotsordninga til friluftsliv, idrett og kultur. Dei aller fleste idrettsanlegg og bygg rundt om i landet har ved hjelp av denne tilskuddsordninga kunne realiserast. Dersom private aktørar kjem til vil, fryktar vi at mykje av overskotet/ spelemiddlane i staden for vil gå til utbytte til eigarane av desse private selskapa.
Det er i dag allereie lang venting på utbetaling av spelemiddlar til anlegg / bygg som er godkjende. Vert potten som skal fordelast mindre, vert ventetida endå lengre og ferre nye anlegg og bygg kan settjast i gong.
Ein annan god grunn for å behalde dagens spelemonopol-ordning, er at Grasrotandel-ordninga er ei vesentleg inntekskjelde for mange lag / organisasjonar. Sidan oppstarten 1.mars i 2009 har det vorte utbetalt over 2 milliardar kroner frå Norsk Tipping til lag / organisasjonar i heile landet. Ei slik ordning får ein neppe gjennom private eller utanlanske aktørar.
Stranda idrettsråd fryktar at ein vil få langt fleire speleavhengige personar om ein opnar opp for alle aktørar som ønsker det. Speleavhengigheit er svært uheldig for den det råkar og familiane rundt.Men også for samfunnet kan det koste store summar til behandling og til hjelp for å få desse på rett spor igjen. Vi meinar at vi med den ordninga / kontrollen ein har gjennom Norsk Tipping kan førebygge problematisk speleåtferd og førebygge økonomiske misleghald hos den enkelte spelaren.
På bakgrunn i overnemte punkt, tilrår Stranda idrettsråd og oppretthalde dagens ordning med spelmonopol gjennom Norsk Tipping.
Stranda idretsråd v/
Knut Dag Langeland
---------leiar-------------