Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune
Høyringsuttale - konsekvensar ved mogleg lisensordning for pengespel
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal meiner at det er viktig å halde på hovudtrekka i ordninga med spelmonopol i norsk lovgjeving.
Ved vurdering av spørsmålet om Norge bør halde fram med ei spelmonopol-ordning eller gå over til eit lisenssystem i ei eller anna utforming, er det fleire viktige parameter som bør vurderast. Eit av desse er problematisk spelar-åtferd. Undersøkingar kan tyde på at den norske monopol-modellen fungerer gunstig.
Eit anna viktig parameter er spørsmålet om «inntekter til gode føremål». Det økonomiske overskotet frå spelmonopolet utgjer eit viktig inntektsgrunnlag for norske frivillige organisasjonar og bidreg dessutan til å finansiere offentlege og private tiltak innanfor kultur, idrett og friluftsliv.
Fylkesutvalet viser elles til fylkesrådmannens kommentarar i vedlagt sakframlegg, med vedlegg.