Forsiden

Høringssvar fra Tax Justice Network Norge

Dato: 23.03.2020

Høyring: Endringar i kvitvaskingsregelverket (lov og forskrift) – EUs femte kvitvaskingsdirektiv

Tax Justice Network – Noreg (TJNN) takkar for høve til å kome med innspel i høyringa om endringar i kvitvaskingsregelverket.

I høyringsnotatet kjem Finanstilsynet med ei rekkje endrings- og presiseringsforslag som TJNN meiner vil styrke det norske arbeidet mot kvitvasking. Vi ser det som særleg positivt at Finanstilsynet er proaktive i reguleringa av handel i kryptovaluta, og foreslår å gjennomføre ny regulering før fristen som ligg i EU-direktivet. I dag er det først når kryptovaluta skal vekslast om til offisiell valuta at vekslingstenesta fell under kvitvaskingslova, og det er svært viktig at også veksling mellom ulike typar kryptovaluta blir innlemma, slik at det ikkje får vokse fram store, uregulerte marknader.

Eit av forslaga til Finanstilsynet vil derimot ta kvitvaskingslova i ei negativ retning. Dette er forslaget om å innføre eit unntak for identifisering av reell eigar når det gjeld advokatars klientkonto. Eit unntak for advokatar for openheitstiltak som gjeld andre rapporteringspliktige som forvaltar klientkonti vil skape svært uheldige insentiv.

Advokatars klientkonti

Bankar og kredittføretak som tilbyr klientkonto skal under dagens kvitvaskingslov (§4-8) sjå kunden sin underliggande klient som kontoens reelle rettighetshaver, og bankane skal då som rapporteringspliktige identifisere denne personen. Reglane har kome på plass fordi ein erfarte at klientkonti vart misbrukt til kvitvasking og økonomisk kriminalitet. Det har til no ikkje vore unntak for desse reglane i den nye kvitvaskingslova.

Klientkonti forvalta av advokatar er særskild godt eigna til kvitvasking og økonomisk kriminalitet. Utfordringar knytt til denne tenesta er også noko Financial Action Task Force har peika på, t.d. i rapporten Money Laundering and Terrorist Financing Vulnerabilities of Legal Professionals[1], og er også tatt opp som eit sårbart området i Justis- og Beredskapsdepartementet si risikovurdering i 2018. Medan teieplikta til advokatar er ei berebjelke i rettssamfunnet, er det ikkje rimeleg å strekke denne teieplikta til også å omfatte identiteten til klienten som advokaten oppbevarer midlar på vegne av.

Forslaget om å innføre eit unntak for advokatar kjem heller ikkje som svar på noko Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet om å utvikle utfyllande reguleringar for, som er grunnlaget for mange av dei andre forslaga. Unntaksforslaget kjem på Finanstilsynet sitt eige initiativ, og er ikkje godt grunngjeve. Det er ikkje vist til eit konkret problem eller utfordring knytt til at advokatar under dagens kvitvaskingslov må rapportere identiteten til reell rettighetshaver til finansinstitusjonane som fører kontoen. Forslaget er grunngjeve berre med ein påstand om at identiteten til reell rettighetshaver av klientmidlane er noko som bør falle inn under teieplikta.

Tax Justice Network – Norge støttar opp under vurderingar som både Norsk Øko-Forum, og Norsk Journalistlag, Norsk Presseforbund og Norsk Redaktørforening gjer i sine høyringssvar, og ber Finansdepartementet la være å innføre eit slikt unntak for advokatar.

Kjenn-din-kunde arbeidet til ulike rapporteringspliktige er ein av dei viktigaste pilarane i arbeidet mot kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet. Å innføre eit slikt smotthol vil undergrave dette arbeidet. Noreg vil også med det komande Register for Reelle Rettighetshavere ta eit stort og viktig steg i retning av meir openheit omkring reelle eigarar. Slike openheitstiltak vil ikkje vere effektive om det blir innført unntak for eit så høgrisiko-område som klientkonto.

Sigrid Klæboe Jacobsen, dagleg leiar

Ingrid Hjertaker, politisk rådgjevar

[1] FATF (2013) «Money Laundering and Terrorist Financing Vulnerabilities in Legal Professionals”, FATF Report, June 2013. Tilgjengeleg på https://www.fatf-gafi.org/documents/documents/mltf-vulnerabilities-legal-professionals.html.