Høringssvar fra Oddvar Moen
Fjern innstrammingstiltak som hindrar rask og god integrering.
Svartype:
Med merknad
Det er utviklinga i krigen, særleg etter at Russland tok til å støtte Assad med bombing, som avgjer kor mange som må flykte. Mennske som har mista alt og flykta gjennom kuleregnet, let seg ikkje stanse av strenge mottaksreglar. Derfor er det viktig å satse på rask og god sakbehandling og deretter god integreing av dei som har krav på vern.
Derfor må ein fjerne reglar og tiltak som hindrar integrering. Nokre døme:
- Krav om fem års butid for å få varig opphald.
- Krav om fire års arbeid el. utdanning før ein får familiegjenforeining.
Alle slike tiltak vil passivisere desse menneska og gjere integreringa vanskelegare og dyrare. Utestenging er den beste oppskrifta på å produsere kriminalitet og ekstremisme.
Tiltak som vil gi suksess:
- Auk løyvingane så det monnar til å betre forholda i flyktningeleirane. Egeland sa for ei tid sidan at Noreg løyver 20 øre dagen til kvar flyktning. Regjeringa snakkar om at det er lønnsamt å hjelpe i nærområda, men følger ikkje opp.
- Auk løyvingane til kommunae som skal busette flyktningar. Kommunar som tek imot mindreårige, må få dekt 100 %. God integrering lønner seg på sikt.