Høringssvar fra Anne Elisabet Ose Velle

Høyringssvar i høve framlegg om innstrammingspunkt i utlendingslova.

Dato: 09.02.2016

Svartype: Med merknad

Høyringssvar i høve framlegg om innstrammingspunkt i utlendingslova.

Innleiingvis må eg berre seie at eg er sjokkert over måten innvandrings- og integreringsministeren snakkar om asylsøkjarane på, og haldningane som kjem tydeleg fram. Eg ser ingen integreringsvilje der! Det er uforståeleg at ho vart vald til denne jobben!

Det er mykje å ha oversikt over i alle punkta som er fremja og det er lite tid att, men eg vil kome med min kommentar til dei punkta eg kjem på no og har ei klar meining om.

  • Alle asylsøkjarar må få søknaden sin realitetsbehandla ved ankomst til Noreg, dersom dei ikkje allereie har lovleg opphaldstillatelse i eit anna trygt land. Vi må framleis rette oss etter dei internasjonale avtalane vi har underskrive!

  • Alle menneske har rett på beskyttelse frå krig og forfylging! Folk bør heller ikkje returnerast til «trygge» område i heimlandet.

  • Midlertidig opphald vil føre til at folk får stoppa liva sine og fører ikkje til god integrering, men til at nokre berre lever på sida av samfunnet! Inga god løysing for nokon.

  • Det bør ikkje verte noko ny vurdering ved fylte 18 år for einslege mindreårige asylsøkjarar! Dei kan ikkje leve under ein slik trussel etter det dei alt har gjennomgått. Svært få av dei søkjer om familiegjenforening, «ankerbarnteorien» er dermed ikkje sannsynleggjort.

  • Mindreårige «bruder» som vert skilde frå dei «ektemennene» dei kjem hit med må få varig opphald i Noreg!

  • Reglane for familiegjenforening må behaldast slik som dei er no, utan noko innstramming!Det vil berre føre til enno fleire einslege, unge menn her, og det vil føre til djup håpløyse og deretter lett til sinne. Familiene vert også sterkt skadelidande, og det vil føre til at enno fleire born vert tekne med på ei farleg flukt, for å sleppe å verte skilde frå kvarandre i åresvis.

  • Lengeverande born, og familiene deira, må få permanent opphald i Noreg!!!

  • Prøve i norsk som grunnlag for opphald er ei håplaus løysing! Ein del kjem hit som analfabetar og kjem til å trenge svært lang tid før dei kan klare ein slik test. Nokre kan ikkje vårt analfabet, andre har læringsvanskar. Skal fire i ei familie få vere, men ikkje den femte?

  • Det bør vere rett og plikt til gjennomføring av introduksjonsprogrammet! Og då også leggast svært godt til rette for gjennomføring for barselskvinner, for at dei ikkje fell ut pga graviditet og småborn! Nokre av dei vil trenge eit lenger løp enn andre.

  • Fri rettshjelp kan ikkje takast vekk! 

  • Alle born må få norskopplæring snarast råd! Vaksne også!

Sidan eg er mangeårig lærar i særskild norsk for fleirspråklege born er dette eit felt eg brenn for!

Eg forstår godt at Noreg ikkje kan ta i mot alle som kjem, men vi må oppføre oss anstendig!!!

Og: Ikkje noko menneske som kjem til eit nytt samfunn kan integrere seg sjølv, ein må fyrst verte inkludert av dei som er der frå før.