Høringssvar fra Møre Bispedømeråd
Møre Bispedømeråd går imot fleire av forslaga til endringar i utlendingslova
Møre bispedømeråd ser med uro på fleire av dei innstrammingane regjeringa foreslår i høyringa «Endringer i utlendingslovgivningen (Innstramminger II)».
Mindreårige og midlertidig opphold
Særlig er vi uroa i forhold til innstrammingar i forhold til å ivareta grunnleggande rettar for mindreårige asylsøkarar.
Sjølv om høyringa presiserer at «det foreslås ingen endringer i utlendingeforskriftens regler om varig ordning for lengeværende barn og begrunnelse i vedtak som berører barn av 8. desember 2014» stiller vi oss undrande til at fleire av dei endringane som vert foreslått tilsynelatande står i kontrast til «lengeværende barn-forskriften» av 8.12.2014.
Då lengeværende barn-forskriften kom, stod det å lese i rundskrivet frå departementet (G 06/2014) at formålet med forsrifta var å sikre at «barnets beste skal veie tyngre enn i dag når det vurderes mot innvandringsregulerende hensyn».
I innleiinga i rundskrivet vert det presisert at barnets tilknytning til Norge og kor lenge det har budd her, skal tilleggast avgjerande vekt i vurderinga, også når barnet har opphoildt seg i Norge etter at asylsøknad er endelig avslått.
«Bestemmelsen er særlig relevant i saker hvor barnet har oppholdt seg i Norge i forbindelse med en søknad om beskyttelse (asyl), herunder opphold etter at søknaden er endelig avslått, men den kan også være aktuell der barnet har hatt opphold på annet grunnlag.» (Rundskriv G 06/2014 kap. 1.1.)
I sjølve forskrifta står det då også eksplisitt at «Lengden av barnets opphold i Norge, sammenholdt med barnets alder, skal være et grunnleggende hensyn.» (§8.5 første ledd). I tillegg er det lista opp ei rekke omsyn som til saman skal sikre at «barnets beste» vert ivareteke.
På bakgrunn av dei presiseringane og vektleggingane som er gjordt i «lengeværende barn-forskriften» er det urovekkande at departementet no vil innføre ei ny norm der barn som «etter en barnesensitiv vurdering» (kap. 6.4.2) berre får midlertidig opphold fram til dei fyller 18, og at det då vert gjordt «en fornyet og ordinær vurdering av beskyttelsesbehovet.» Det som uroar oss mest er presiseringane i nytt forslag til §28c om at den midlertidige tillatelsen «kan ikke fornyes etter fylte 18 år og danner ikke grunnlag for oppholdstillatelse for familiemedlemmer etter lovens kapittel 6 eller for permanent oppholdstillatelse.»
Det kan verke som departementet her er i ferd med å svekke «lengeværende barn-forskriften», berre eit år etter at forskriften vart gjordt gjeldande.
Vi har forståing for at det i ein situasjon med rekordmange flyktningar i Europa, kan vere behov for å gi fleire midlertidig opphold, rett og slett for å kunne ta hand om alle dei nye asylsøknadane. Men midlertidig opphold bør ikkje vere normen for barn. Departementet påpeikar at dei ikkje ynskjer å bygge opp under ein praksis der mindreårige vert sendt i veg åleine som «ankerbarn», for at resten av familien skal komme etter.
Vi meiner at uansett årsaken til at barn søker asyl i Norge, må omsynet til barnet sjølv vege tyngst, og ikkje dei såkalla «innvandringsregulerende hensyn». Omsynet til barna er også presisert ettertrykkelig i den omtalte forskrifta om lengeverande barn av 8.12.2014.
Det er viktig både for den eiskilde asylsøkar og for integreringa i det norske samfunnet, at mindreårige asylsøkarar raskt kan komme i gang med sitt nye liv – i eit nytt land. Vi merkar oss at framlegget til ny §28c understrekar at midlertidig oppholdstillatelse skal gi «grunnlag for utdanning og arbeid» (Kap 6.4.2).
Dette er viktig – men dersom den mindreårige heile tida skal leve under trusselen om at når 18-årsdagen kjem så kan det bety slutt på utdanning/arbeid, vil dette ha ein demotiverande verknad på mange av desse barna. Det vil kunne gå hardt utover den psykiske helsa, og vil også kunne fungere som ein bremsekloss for integreringa. Barn og ungdom treng å sjå framover, å ha noko å strekke seg etter, og då er det ikkje rett å sette livet «på vent» fram til fylte 18 år. Dersom ein av kapasitetsomsyn må ta i bruk midlertidig opphold for flyktningar, bør dette likevel ikkje gjelde barn.
Forskrifta om lengeverande barn var eit framsteg for grunnleggande menneskerettar for barn som søker vern i Norge. Forskrifta er berre eit år gamal, og bør ikkje utholast av at §28 c i Utlendingslova vert endra, slik departementet foreslår.
Departementet foreslår dessutan at ein bør vurdere å ta ifrå enslige mindreårige asylsøkarar retten til fri rettshjelp, sidan det også vert oppnemd verger til å ivareta deira interesser. Vi meiner desse to funksjonane må sjåast som to ulike funksjonar. Både av omsyn til rettstryggleiken – og for at vergene skal ha preg av å ha ei slags foreldrerolle, meiner vi det er klokt at desse asylsøkarane framleis får fri rettshjelp.
Familiegjenforening
Høyringa foreslår ei tydelig skjerping av krava for familiegjenforening, der ein mellom anna set fram krav om fire års arbeid eller utdanning før gjenforening kan finne stad. På generelt grunnlag meiner vi det er uheldig at kravet vert skjerpa. Ofte er det unge fedre som flyktar først og legg ut på strabasiøse og farefulle reiser til eit trygt land. Av omsyn til øvrig familie og særleg barna, er det uheldig å stille strengare krav til familiegjenforening. I ytterste konsekvens kan dette medføre at heile familier legg ut på livsfarlige reiser i staden for at far eller storebror dreg i førevegen.
Gjeninnføring av skille mellom flyktningar og personar som har krav på vern mot retur til heimlandet.
Vi er sterkt uenig med departementet når det gjeld å gjeninnføre eit skille mellom dei som er flyktningar etter flyktningekonvensjonen og dei som «berre» har krav på vern mot retur til heimlandet av omsyn til det menneskerettslige returforbudet. Det vil sei dei som «står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff» (§28 a).
Argumentasjonen for på nytt å lage eit slikt skille er for å kunne vurdere returforbudet på nytt – og dermed ha mulighet til å returnere personar som ikkje lenger har rett til opphold etter desse vurderingane. Denne argumentasjonen viser heilt klart at ein ynskjer å gi eit svakare vern til denne gruppa enn det som gjeld i dag.
Vi meiner dette vil vere eit klart tilbakesteg, og vi går derfor imot forslaget. Lovendringa som kom i 2008, og gjordt gjeldande frå 1. januar 2010, kom etter ein lang og grundig prosess der ein la vekt på at menneske som flykta for sitt eige liv måtte få høve til å begynne på nytt og dermed få permanent opphald på linje med «konvensjonsflyktningar». Lovendringa medførte ikkje nokon umiddelbar auke i talet på flyktningar til Norge. Auken kom mykje seinare – og det er derfor grunn til å tru at den auken vi har sett først og fremst har samanheng med dei umenneskelige levekåra i store deler av Syria.
Retur til tredjeland og retur til andre deler av heimlandet
Det er tydelig at departementet med sine framlegg om endringar i paragrafane om retur ynskjer å bremse den auken i flyktningar til Norge, som vi har sett hausten 2015. Vi er redd for at rettstryggleiken vert svekka dersom §32 andre ledd vert endra i samsvar med departementet sitt framlegg. Det er ikkje tillitvekkande at ein polititenestemann etter eige skjøn fritt skal avgjere å nekte realitesbehandling av ein asylsøknad når søkaren kjem til Norge direkte frå eit nordisk naboland.
Vi er også uroa over at det skal bli enklare å returnere asylsøkarar til andre deler av heimlandet enn der dei kjem ifrå. I land utan offentlige trygder og sosialvesen kan det medføre store lidingar, og livsfare, for familier som ikkje har nettverk til å hjelpe seg.
Internasjonale avtaler gir Norge rett til å returnere asylantar til tredjeland, men i staden for å stå på vår rett, bør vi vere villige til å dele belastninga med andre. Det er umoralsk å sende flyktningar tilbake til Hellas, som både har ein stram økonomi og som dessutan allereie har teke imot langt fleire flyktningar enn oss. Det same kan seiast om mange andre land, som har teke eit langt større ansvar for flyktningekrisa enn det vi har gjordt.
Den økumeniske kyrkjelige hjelpeorganisasjonen Church World Service (CWS) og den kyrkjelige kommisjonen for flyktningar i Europa, (CCME) – med meir enn 60 kyrkjesamfunn og organisasjonar i ryggen, uttalte fylgjande i ein felles apell 26.10.2015:
«CWS and CCME urge governments to expand legal and safe avenues for people to seek safety, to expedite procedures so that people have access to protection as quickly as possible, and to enhance family tracing and reunification capacities. By welcoming refugees, both Europe and the United States can play a strategic role in alleviating pressure on host countries in the region and providing opportunities for a new life for vulnerable populations. In order for relocation and resettlement to truly become a durable solution, access must be timely and ample resources must be provided to help refugees integrate and thrive as they rebuild their lives»
(Joint Appeal Church World Service and Churches’ Commission for Migrants in Europe, 26th October 2015)
Møre Bispedømmeråd stiller seg bak denne uttalen, og meiner Norge, som eit trygt og ressurssterkt land på alle vis, skuldar å ta vår del av ansvaret for flyktningekrisa i Europa. Vi er heilt på linje med CWS og CCME når dei utfordrar landa i Europa til å fatte modige vedtak, som også kan tåle framtida sitt kritiske lys:
«Decisions made today, in the wake of this humanitarian and displacement emergency, will go down in history as either celebrated leadership or dismal apathy toward our fellow human beings.»
(Joint Appeal Church World Service and Churches’ Commission for Migrants in Europe, 26th October 2015)