Høringssvar fra Bjørgvin biskop
Høring - endringer i utlendingslovgivningen
Bjørgvin biskop er som uroa over fleire av dei innstrammingane regjeringa foreslår.
Mindreårige og midlertidig opphold
Eg er undrande til at fleire av dei endringane som vert foreslått tilsynelatande står i kontrast til «lengeværende barn-forskriften» av 8.12.2014.
Då lengeværende barn-forskriften kom, stod det å lese i rundskrivet frå departementet (G 06/2014) at formålet med forsrifta var å sikre at «barnets beste skal veie tyngre enn i dag når det vurderes mot innvandringsregulerende hensyn».
I innleiinga i rundskrivet vert det presisert at barnets tilknytning til Norge og kor lenge det har budd her, skal tilleggast avgjerande vekt i vurderinga, også når barnet har oppholdt seg i Norge etter at asylsøknad er endelig avslått.
«Bestemmelsen er særlig relevant i saker hvor barnet har oppholdt seg i Norge i forbindelse med en søknad om beskyttelse (asyl), herunder opphold etter at søknaden er endelig avslått, men den kan også være aktuell der barnet har hatt opphold på annet grunnlag.» (Rundskriv G 06/2014 kap. 1.1.)
I sjølve forskrifta står det då også eksplisitt at «Lengden av barnets opphold i Norge, sammenholdt med barnets alder, skal være et grunnleggende hensyn.» (§8.5 første ledd). I tillegg er det lista opp ei rekke omsyn som til saman skal sikre at «barnets beste» vert ivareteke.
På bakgrunn av dei presiseringane og vektleggingane som er gjordt i «lengeværende barn-forskriften» er det urovekkande at departementet no vil innføre ei ny norm der barn som «etter en barnesensitiv vurdering» (kap. 6.4.2) berre får midlertidig opphold fram til dei fyller 18, og at det då vert gjordt «en fornyet og ordinær vurdering av beskyttelsesbehovet.» Det som uroar mest er presiseringane i nytt forslag til §28c om at den midlertidige tillatelsen «kan ikke fornyes etter fylte 18 år og danner ikke grunnlag for oppholdstillatelse for familiemedlemmer etter lovens kapittel 6 eller for permanent oppholdstillatelse.»
Det kan verke som departementet her er i ferd med å svekke «lengeværende barn-forskriften», berre eit år etter at forskriften vart gjordt gjeldande.
I ein situasjon med rekordmange flyktningar i Europa, kan det vere behov for å gi fleire midlertidig opphold. Men midlertidig opphold bør ikkje vere normen for barn.
Departementet påpeikar at dei ikkje ynskjer å bygge opp under ein praksis der mindreårige vert sendt i veg åleine som «ankerbarn», for at resten av familien skal komme etter. Eg meiner at uansett årsaken til at barn søker asyl i Norge, må omsynet til barnet sjølv vege tyngst, og ikkje dei såkalla «innvandringsregulerende hensyn». Omsynet til barna er også presisert ettertrykkelig i den omtalte forskrifta om lengeverande barn av 8.12.2014.
Det er viktig både for den eiskilde asylsøkar og for integreringa i det norske samfunnet, at mindreårige asylsøkarar raskt kan komme i gang med sitt nye liv – i eit nytt land. Eg merkar meg at framlegget til ny §28c understrekar at midlertidig oppholdstillatelse skal gi «grunnlag for utdanning og arbeid» (Kap 6.4.2). Men dersom den mindreårige heile tida skal leve under trusselen om at når 18-årsdagen kjem så kan det bety slutt på utdanning/arbeid, så vil dette ha ein demotiverande verknad på mange av desse barna. Det vil kunne gå hardt utover den psykiske helsa, og vil også kunne fungere som ein bremsekloss for integreringa.
Forskrifta om lengeverande barn var eit framsteg for grunnleggande menneskerettar for barn som søker vern i Norge. Forskrifta er berre eit år gamal, og bør ikkje utholast av at §28 c i Utlendingslova vert endra, slik departementet foreslår.
Departementet foreslår dessutan at ein bør vurdere å ta ifrå enslige mindreårige asylsøkarar retten til fri rettshjelp, sidan det også vert oppnemd verger til å ivareta deira interesser. Eg meiner desse to funksjonane må sjåast som to ulike funksjonar. Både av omsyn til rettstryggleiken – og for at vergene skal ha preg av å ha ei slags foreldrerolle, er det klokt at desse asylsøkarane framleis får fri rettshjelp.
Familiegjenforening
Høyringa foreslår ei tydelig skjerping av krava for familiegjenforening, der ein mellom anna set fram krav om fire års arbeid eller utdanning før gjenforening kan finne stad. På generelt grunnlag er det uheldig at kravet vert skjerpa. Dette vil kunne slå uheldig ut for mange som av helsemessige grunner ikkje kan arbeide eller ta utdanning. Dessuten er saknet av eigen familie generelt ei stor psykisk påkjenning.
Ofte er det unge fedre som flyktar først og legg ut på strabasiøse og farefulle reiser til eit trygt land. Av omsyn til øvrig familie og særleg barna, er det negativt å stille strengare krav til familiegjenforening. I ytterste konsekvens kan dette medføre at heile familier legg ut på livsfarlige reiser i staden for at far eller storebror dreg i førevegen.
Retur til tredjeland og retur til andre deler av heimlandet
Det er tydeleg at departementet med sine framlegg om endringar i paragrafane om retur ynskjer å bremse den auken i flyktningar til Norge, som vi har sett hausten 2015. Eg er redd for at rettstryggleiken vert svekka dersom §32 andre ledd vert endra i samsvar med departementet sitt framlegg. Det er ikkje tillitvekkande dersom ein polititenestemann etter eige skjøn fritt skal avgjere å nekte realitesbehandling av ein asylsøknad når søkaren kjem til Norge direkte frå eit nordisk naboland.
Vi er også uroa over at det skal bli enklare å returnere asylsøkarar til andre deler av heimlandet enn der dei kjem ifrå. I land utan offentlige trygder og sosialvesen kan det medføre store lidingar og endatil livsfare for familier som ikkje har nettverk til å hjelpe seg.
Internasjonale avtaler gir Noreg rett til å returnere asylantar til tredjeland, men i staden for å stå på vår rett, bør vi vere villige til å dele belastninga med andre. Det er problematisk å sende flyktningar t.d. tilbake til Hellas, som både har ein stram økonomi og som dessutan allereie har teke imot langt fleire flyktningar enn oss. Det same kan seiast om mange andre land, som har teke eit langt større ansvar for flyktningekrisa enn det vi har gjordt. Noreg er eit trygt og ressurssterkt land på alle vis, og vi skuldar å ta vår del av ansvaret for flyktningekrisa i Europa.
Med helsing
Halvor Nordhaug, biskop