Høringssvar fra Alver kommune

Dato: 26.11.2019

003/19: Høyring - Endringar i forskrift om ei verdig eldreomsorg – sambuargaranti.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Alver kommune gir uttale i samsvar med vurderingane gitt i saksutgreiinga.

Utval for helse og omsorg 19.11.2019:

Behandling:

Rådgjevar helse og omsorg, Pia Charlotte Aarsand Syversen, orienterte om saka. Utvalet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak.

HO- 003/19 Vedtak:

Alver kommune gir uttale i samsvar med vurderingane gitt i saksutgreiinga.


Rådmannen sitt framlegg til vedtak

Alver kommune gir uttale i samsvar med vurderingane gitt i saksutgreiinga.

Bakgrunn

Høyringsforlsaget tek utgangspunkt i følgjande punkt under Granavoldplattformen om at regjerninga vil: «Sikre at par som ønsker det, skal kunne bo sammen på sykehjem eller i omsorgsbolig».

Departementet foreslår at ein sambuargaranti blir inkludert i forskrift 12. november 2010 nr. 1426 om ein verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien) som har som føremål å sikre at eldreomsorga blir tilrettelagd på ein slik måte at den bidreg til ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom. På den måten blir det løfta fram at ønskje om å bu saman med sin partner skal vere eit omsyn kommunen skal leggja vekt på ved utforming av sjukeheimsbebuaren sitt tenestetilbod, samstundes som ein gir rom for å finne gode løysingar og tilpassingar på lokalt nivå.

Det står i høyringsutkastet at ein sambuargaranti kan bidra til å vere ein døropnar for innovativ pårørandeomsorg i kommunane, der pårørande gradvis blir invitert inn i sjukeheimane og kan fortsette sin innsats for sine nære dersom dei sjølv ønskjer det.

Eit eventuelt ønskje om å bu saman med partnaren sin vert løfta fram som eit omsyn som kommunen skal leggja vekt på ved utforming av sjukeheimsbebuaren sitt tenestetilbod. Det skal vere eit tilbod til dei som ønskjer det. Dersom kommunen etter ei konkret vurdering kjem til at det vil vere til hinder for eit forsvarleg tenestetilbod til sjukeheimsbebuaren, øvrige bebuarar på institusjon eller andre personar med behov for institusjonsplass, vil forsvarlegheitskravet vere avgjerande for kommunen sin vurdering av om sambuargaranti kan bli oppfylt i den einskilde saka.

Det følgjer av helse- og omsorgstenestelova at kommunen er ansvarleg for å tilby forsvarlege og naudsynte tenester til personar som oppheld seg i kommunen. Kommunen må vurdere og beslutte kva slags hjelp ein skal tilby ut i frå dei tilboda og ressursane kommunen har. Når det gjeld omfang, nivå og innhald i tenestene, må dette dimensjonerast og bli utforma ut i frå ei konkret helse- og omsorgsfagleg vurdering av den hjelpetrengandes behov. Kommunen må altså foreta ei individuell vurdering av den einskildes behov, og på den bakgrunn tilpassast eit forsvarleg tenestetilbod til den einskilde.

Vurdering

Alver kommune ser dette som positivt for pasientane som ønskjer dette tilbodet.

I pkt 5 om adminsitrative og økonomiske konsekvenser står det at forslaget om endring i forskrift ikkje vil ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvenser. Samstundes er det kommentert at for kommuner som i dag ikkje har ei slik ordning med sambuargaranti, kan forslaget medføre auka tenesteproduksjon.

Vi har følgjande spørsmål til korleis kommunane formelt skal organisere tilbodet til den pårørande:

- Korleis skal kommunane sikre dekning av utgifter for den pårørande sitt opphald i sjukeheim? Plikten den pårørande har til å betale for opphaldet i sjukeheim er ikkje regulert i lov eller forskrift. Skal den vere avtalebasert eller skal det fattast eit vedtak?

- Kan kommunen sjølv velje å bruke enten vedtak eller avtale som grunnlag for den pårørande sitt opphald i sjukeheim, og som grunnlag for betaling for opphaldet?

- Dersom ein avtale med den pårørande vil ligge til grunn for opphaldet; må kommunane sjølv utarbeide avtalar for dekking av sjølvkost og for å kunne sikre seg disposisjonen av sjukeheimsplassen?

- Når den pårørande har store hjelpebehov som kunne vore ivarett i heimen, og så skal følgje med inn i sjukeheim, vil det medføre ein ekstra kostnad for kommunen dersom sjukeheimen sitt personale skal gi pleie til den pårørande. Denne kostnaden må reknast med ved berekning av sjølvkost.

- Kommunen meinar at det må kunne bli stilt krav om at den pårørande bur på det same rommet slik at ein sikrar at det ikkje vil påvirke tilbodet kommunen har om sjukeheimsplassar til dei som treng desse plassane.

- Dersom vedtak ligg til grunn for opphaldet:

o Korleis bør vi utforme vedtak om opphald, dersom pårørande ikkje oppfyller vilkåra til korttids- eller langtidsopphald?

o Er den nye retten til opphald slik at kommunen kan stille krav om at tilbodet gjeld for langvarige opphald og ikkje for kortvarige opphald?

o Dersom den pårørande har eit vedtak om langvarig opphald, kan vi stille krav om at dette opphaldet vil falle bort dersom ektefelle dør og den pårørande ikkje oppfyller krav til opphald i sjukeheim?

Alver kommune ber om at forskriften gir svar på korleis kommunane kan løyse spørsmåla/utfordringane som er skildra over.