Høringssvar fra Levekårsutvalet i Flora kommune
1. Par som ynskjer det skal kunne bu ilag i omsorgsbustad, og kommunane bør i framtida kunne tilby dette. Ein del av nye omsorgsbustader bør vere tilrettelagt for par.
2. Med omsyn til institusjonsopphald, vil det vere svært krevjande for kommunen å gje tilbod til partner om opphald. Det er mykje som taler imot at partner også bør få institusjonsopphald. Sjølv om det kan vere at det er få som ynskjer dette, vil det likevel kunne skape fleire institusjonspasienter. På institusjon vert ein passivisert i kvardagen, alt vert tilrettelagt. Det er derfor store muligheter for at ein vert institusjonalisert og ikkje vil kunne flytte tilbake i eigen bustad. Mest truleg vil ein ikkje klare å behalde bustaden sin under eit opphald på institusjon. Dette bør ikkje rettighetsfestast, men vere frivillig for kommunne å organisere slik ein finn det best.