Høringssvar fra Kvinnherad kommune

Dato: 25.10.2019

Endring i forskrift om ei verdig eldreomsorg – sambuargaranti

Kvinnherad Eldreråd vil gje slik tilbakemelding som høyringssvar på framlegget om sambuargaranti:

Vi støttar departementet sine vurderingar og framlegg til endring i forskrift 12, november 2010 nr.1426 om ei verdig eldreomsorg (verdigheitsgarantien) og at det i §3 vert sett inn ny bokstav i forskrifta

i) som skal lyda: At par som ynskjer det skal kunna bu saman.

Grunngjeving:

For mange menneske vil en livspartnar vera eit helt sentralt haldepunkt for den einskilde sin identitet og sjølvfølelse. Både gjennom rolla ein har ovanfor partnaren og i deira felles rolle som par. Ein partnar si forståing og vere til stades kan være viktig for den einskilde sin tryggleiksfølelse og eigenverdi.

Det er eit mål å sikra overgangen mellom tenestetilbodet i eigen heim og i sjukeheim og å sikra betre kontinuitet, eit meir saumlaust forløp og ein smidigare overgang mellom heim og sjukeheim.

Som eit ledd i denne prosessen meiner vi ein sambuargaranti kan bidra til å byggja bru både mellom overgangen for pasienten og den pårørande ved flytting frå heim til sjukeheim, og til å byggje bru og opne for innovative løysingar mellom pårørandeomsorga og det offentlige.

Sambuargaranti skal vere ei ordning for par som ynskjer det, og det er derfor viktig å understreka at ein sambuargaranti skal være ein frivillig ordning for partane.

Det er viktig at kommunen gjev god informasjon og rettleiing for å sikre at ein sambuargaranti ikkje skaper press eller forventningar om at partneren skal følge sjukeheimsbebuaren inn på institusjonen.

Partnaren sine omsorgstenestebehov må sjåast lausreve frå den som oppfyller vilkåra for sjukeheimsplass.

Når sjukeheimsbebuar dør må kommunen gjera ei sjølvstendig vurdering av partnaren sine behov for helse- og omsorgstenester. Denne vurderinga vil danna grunnlaget for eventuell vidare tenestetildeling frå kommunen til partnaren.

Rosendal, 18.10.2019

For Kvinnherad Eldreråd

Sverre Vevelstad