Høringssvar fra Surnadal kommune

Dato: 28.02.2020

Surnadal kommunestyre vedtok i sak 15/20 følgjande:

Surnadal kommune meiner at norske, inkludert samiske, innbyggarar si innflyting i samfunnet i det vesentlegaste er godt ivareteke gjennom eksisterande lovverk. Samanlikna med dei fleste andre land er norske, inkludert samiske, borgarar sine interesser og rettighetar godt ivareteke gjennom vårt samfunnssystem. Vi saknar derfor ein god argumentasjon for kvifor konsultasjonsretten skal inkluderast i samelova.

Det å gi dei samiske interessene ein særskild konsultasjonsrett strir mot likprinsippet i norsk forvaltning. Vi har allereie ein god forvaltningslov i Norge. Hele lovforslaget er dessutan unødvendig, da det som krevst av folkeretten allereie er dekket gjennom gjeldande «Prosedyrar for konsultasjonar mellom statlege myndigheiter og Sametinget» 11.mai 2005(kgl.res.) underteikna av dåverande statsråd kommunal- og regionalminister Erna Solberg og sametingspresident Sven-Roald Nystø. Retten til høyring eksisterer i dag.

Konsultasjonane skal skje på eitkvart trinn i heile saksbehandlinga i tillegg til det som følger av Forvaltningslova og annan særlovgiving. Surnadal kommune meiner at dette kan føre til lang og kostbar saksbehandling, forseinkingar og trenering av saker. Det er også alvorleg og urovekkande at konsultasjonane kan vere hemmelege og utan referat.

Veilederen som følgjer lovforslaget er berre eit utkast som Surnadal kommune ikkje veit korleis vil verke. Det vil seinare komme ei forskrift som vi enno ikkje kjenner til. Videre vil det komme endringar i mange lover. Denne usikkerheita gjer at kommunen ikkje kan vere med å støtte lovforslaget.

Svært alvorleg er det og at ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar foreslåast inkorporert i norsk rett gjennom endringar i samelova. Det vil føre til at lovreglane i samelova ved motstrid vil gå framføre anna norsk lovgiving.

Surnadal kommune vil med dette ikkje slutte seg til forslaget om endringar i samelova og ber om at lovforslaget leggast vekk.

Vedlegg