Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra Ugletveit Sylvrevgard

Dato: 05.01.2019

Pelsdyr har vore mitt liv, mi utdanning og ikkje minst den største interessa mi gjennom eit 49 år langt liv. Før meg var det livet til far min og før det igjen, til bestefar min. Frå eg var ganske liten har eg levd tett på pelsdyra våre og lært meg å utøva yrket mitt. Eg avsto frå anna utdanning og fokuserte kun på å verta ein framifrå pelsdyrbonde. Eg utdanna meg som både dommar og inseminør gjennom hektiske år, og eg lika det livet pelsdyrmiljøet kunne tilby meg. Men tidene endra seg, utstillingane forsvann og med dei ein viktig møteplass for pelsdyrbøndene. Her vart små og store utfordringar diskuterte og det var eit miljø prega av mange generasjonar og stor kunnskap på kryss og tvers av landet. Avlsdyra vart kontrollerte opp mot andre farmar, kjøp og salg av avlsdyr og det var enklare å driva avlsarbeid når ein stendig møttest og samanlikna dyra. Det var også mykje glede knytt til desse periodane, trivselen var høg. Så vart denne arenaen borte og det viste seg at dette berre var toppen på isfjellet. Då starta det iherdig arbeidet frå alle moglege kontrollinstansar og næringa vart redusert til fabrikkar. Fabrikkane produserte og papirmølla var overveldande. Det var også mengda kontrollrutinar for ei enkelt næring eg opplevde som negativt. Sau og storfe, gris og høns kunne ikkje i nærleiken skilta med liknande heksejakt. Alt vart eit pes og i staden for trivsel for dyra og glede hjå oppdrettarane vart dagane i pelsdyrgarden erstatta av eviglange timar i kvalitetspermen og ikkje ute i farmen saman med dyra. Rutinane vart kun rutinar og ikkje implementerte tiltak som betra dyrevelferden.

Dyra mine har alltid hatt det godt. Dyra i vår familie har alltid kome fyrst, før menneska som var knytt til den same familien. Julaftan, nyttårsaftan, påskeferiar og sommarferiar har vorte brukt i farmen. Lange, lange timar med tilsyn av kvart eit lite dyr i farmen, både avlsdyr og kvelpar. Lenge før rutinane kom, var dyrevelferden i høgsetet hjå oss. Ikkje ein kunne skilta med finare dyr og stødigare stamme. Dyra skein og treivst, og det gjorde også folket på garden. Men ikkje lenger. No har kvardagen vorte eit ork, næringa er øydelagt innanfrå og tilliten til politikarar er under botnnivå. Korleis kan ein satsa vidare på ei næring som er daud? Kven kan vidare satsa og investera i ei næring som over natta kan verta fråteken oss igjen? Korleis kan ein jobba med ein opinion i ryggen som gjennom mange år har vore mot oss som pelsdyrbønder til tross for at næringa har vore ei lovleg næring i fleire tiår? Personleg har eg tapt livet mitt, økonomien min og står i fare for å missa farsgarden min dersom eg sjølv skal måtta riva og sanere området farmen min står på slik lova seier når ein ikkje eig grunnen sjølv. Eg misser den einaste inntekta mi og må søkja meg inn på eit arbeidsmarked som ikkje akkurat står og ventar på ein på 49 år utan utdanning.

Eg ynskjer ei avvikling snarast råd der kvar oppdrettar sjølv får bestemma når han eller ho ynskjer å avvikla drifta. Det kan gjerne vera ei overgangstid for avvikling, men tvungen drift langt fram i tid er uetisk. Grunnen til avvikling i følge rapportane er dyrevelferd, og då kan ein stikk i strid med dette verta pålagt å driva med dette fram i tid. Då må vel målet vera å få avvikla næringa raskast mogleg slik at dyrevelferden kan oppretthaldast. Det er også galskap å bruka erstatningsmodellen frå Menon. Berre for vår vesle farm ligg saneringskostnadane på over 2 millionar kroner. Då er ikkje verdi av bygningar og lausøyre medteke. Eg har sjølv investert bortimot 3 millionar kroner sidan 2003 i farmen min grunna lovverket som politikarane har vedteke . Endringane i farmen vart kostbare, men nødvendige for vidare sertifisering og skinnsalg. All inntekt har vorte brukt på oppjusteringar i høve til lovverket. I tillegg hadde eg salg av farmen på hånd før jul i fjor, men så kom regjeringa med hestehandel slik at me miste salget. Så kjem saneringskostnadane på toppen. Ein treng ikkje vera professor i matematikk for å sjå at investeringar på 3 millionar i tillegg til salg for 2 millionar kroner gjev eit underskot på 5 millionar kroner. Så kjem saneringskostnadane. Tapa vert dermed svært store for meg som enkeltperson.

Oppsummert vil eg seie at næringa må avviklast snarast råd er og med valfri avviklingsplan for kvar enkelt oppdrettar inanfor ein gitt frist for endeleg avvikling. Ein må heller ikkje kun ta hensyn til siste året når det gjeld drift. For å få ei rettferdig kompensering, må ein gå attende i tid for å få eit riktig bilete av kven som dreiv og kor stor produksjonen var når næringa var i normaltilstand. I tillegg må kvar enkelt oppdrettar få rivingskostnader refundert og den summen må refunderast etter anbod frå aktørar på markedet, gjerne aktørar som sanerer heile område (fleire farmar under eitt). I tillegg må ein få verdivurderingar av bygningsmassen på farmen slik at ein får dekka investeringane sine. Dette kan gjerast av kyndige landbrukstakstmenn som er uavhengige. Ein bør også få omskuleringsmidlar slik at me som er oppdrettarar med kun pelsdyr som utdanning kan få høve til å forsørga familiane våre sjølv om næringa vår er teken vekk. Ein må ikkje gløyma at det er menneske oppi alt dette, ikkje berre dyra sitt ve og vel må telja her, dei som driv med rev må også ha eit vern oppi det heile. Det er heilt gløymt i denne prosessen. Ei næring er død, og den er død allereide uavhengig av kva vedtak Stortinget kjem til å gjera. Det er ikkje meir å byggje på, gleda ved næringa er borte hjå svært mange som gjennom fleire generasjonar har drive som stolte pelsdyrbønder. No er det slutt. Før eit vedtak skal gjerast: vær sikker på at kompensasjonsplanane ikkje driv allereide pressa pelsdyrbønder opp i eit umogleg hjørne og ikkje ser ein utveg. Ingen av pelsdyrbøndene har ynskt denne prosessen som no er igangsett, dei er vorte sette i ein posisjon som ikkje er sjølvforskyldt, men påført av andre i ein merkeleg handel mellom to parti for å oppnå eit politisk mål.

Til toppen