Høringssvar fra Språkrådet

Dato: 07.07.2022

Svartype: Med merknad

Språkrådet viser til høyringsbrevet frå Kulturdepartementet (datert 7. april 2022) med framlegg til forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium.

Høyringssvaret frå Språkrådet gjeld § 12 i framlegget. I tillegg har vi nokre overordna merknader som gjeld norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka.

  • Språkrådet stør framlegget om nynorsktilskot i § 12 andre leddet nummer 2.
  • Språkrådet meiner departementet bør sikre at norsk teiknspråk som språkleg og kulturelt likeverdig språk får tilgang til mediestønad.
  • Språkrådet meiner departementet bør ta omsyn til dei nasjonale minoritetsspråka når ordningane for mediestønad skal utformast.

Bakgrunn for framlegga frå Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kulturdepartementet.

Språklova tok til å gjelde frå 1. januar 2022. I Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova) blir måla for språkpolitikken fastsette. Hovudmålet er å sikre norsk som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. Offentlege organ skal også bidra til å bruke, styrkje og utvikle samiske språk og verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Paragraf 6 og 7 i lova stadfestar at desse språka er likeverdige med norsk «som språklege og kulturelle uttrykk».

Mediefeltet er eit av dei viktigaste domena for norsk språk, og nynorsk er betre representert der enn på mange andre område i samfunnet. På mediefeltet er det også eit etablert språkmangfald: Det finst tilbod på samiske språk, norsk teiknspråk, kvensk og nyare minoritetsspråk.

I proposisjonen til språklova seier Kulturdepartementet at det å sikre eit ytringsfellesskap på norsk språk er viktig for å oppfylle «infrastrukturkravet» i grunnlova § 100 sjette leddet: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»

Alle sektorar har ansvar for å gjennomføre språkpolitikken, og ordningar for mediestønad er viktige for eit levande norsk mediespråk og det språklege mangfaldet i Noreg.

Merknader frå Språkrådet

Merknad til § 12 andre leddet nummer 2: Nasjonale nummertomedier og nasjonale nisjemedier som redigeres på nynorsk får et ekstra nynorsktilskudd

Språkrådet stør framlegget.

Etter språklova § 1 har offentlege organ eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst bruka skriftspråket. Skal bokmål og nynorsk vere likestilte, må det leggjast til rette for at eit ope og opplyst offentleg ordskifte kan gå føre seg på begge desse skriftspråka. Det å særleg leggje til rette for bruk av nynorsk er i tråd med intensjonen i lova.

Merknad om norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka

Ordningane for mediestønad skal etter mediestøtteloven § 1 «legge til rette for et mangfold» av medium. I Prop. 138 L (2019–2020) Lov om økonomisk støtte til mediene (mediestøtteloven) presiserer departementet at ordet «mangfold» også inkluderer språkleg mangfald.

I utgangspunktet er dermed norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes relevante for den framlagde forskrifta, sidan ansvaret for å verne og fremje desse språka gjeld alle sektorar.

I proposisjonen til språklova seier departementet at kva dette ansvaret inneber for kvart offentlege organ, heng saman med samfunnsoppdraget til organet og dei særskilte behova og tilhøva til kvart enkelt språk. Ansvaret skal primært følgjast opp som ein del av arbeidet med andre oppgåver.

Språkrådet meiner at når mediestønadsordningar skal utformast, må det takast omsyn til dei særlege behova til norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka, slik at stønadsordningane kan bidra til å verne og fremje desse språka.

Språkrådet vil særleg gjere departementet merksam på at kravet i framlegget til forskrift § 1 om at media skal vere «tekstbaserte», utelukkar teiknspråklege medium frå tilskotsordninga, ettersom norsk teiknspråk ikkje finst i skriven form.

Norsk teiknspråk er eit av dei større minoritetsspråka i Noreg, med mellom 16 000 og 25 000 språkbrukarar. I proposisjonen til språklova legg departementet legg vekt på at det å «fremje» for norsk teiknspråk sin del inneber at det skal leggjast meir vekt på omsynet til språket i «pågåande prosessar».

Språkrådet vil peike på at den reint skriftspråklege innretninga på framlegget til forskrift skapar eit hol i systema for mediestønad. Når forskrifta er avgrensa til det skriftspråklege, vil norsk teiknspråk ikkje få den same tilgangen til stønadsordningane for journalistisk medieverksemd som dei andre språka det offentlege har ansvar for. Språkrådet oppmodar departementet om å sikre norsk teiknspråk i nyhendemedia, og ber om at stønadsordningar for norsk teiknspråk blir greidde ut, gjerne i samband med det pågåande NOU-arbeidet om norsk teiknspråk.

Språkrådet stiller gjerne på eit møte med departementet for å diskutere nærmare korleis stønadsordningar betre kan bidra til å fremje norsk teiknspråk som eit sjølvstendig mediespråk.