Høringssvar fra Skjåk kommune

Uttale til Konseptutredning Sivilforsvaret frå Skjåk kommune

Dato: 01.06.2017

Svartype: Med merknad

Skjåk kommune understrekar betydning av tilgjengelege ressursar frå Sivilforsvaret som er forankra i vårt nærområde. Kompetansen i Sivilforsvaret, mannskap og utstyr er svært viktig for tryggleik og evne til å handtere kritiske beredskapssituasjonar i vårt nærområde. Dette er i høgste grad erfaringsbasert og er m.a. knytt til brann og redning, flaum og skred av ulike slag. Med forventa utvikling i klimaendringar og nedbørsmønster vil tilgjenge til Sivilforsvaret og deira ressursar bli enda meir verdifullt i vårt distrikt. Vi vil særleg peike på plassering av FIG Lom, som dekker kommunane Lom, Vågå og Skjåk. Nærleik til publikum, lokalkunnskap og kort innsatstid vil væra viktig for ei god og framtidsretta teneste. Vi understrekar vårt ynskje om å vidareutvikle FIG Lom både med personell, kompetanse og utstyr. Som ein kommune i ein sentral reiselivsdestinasjon med nasjonal og internasjonal attraksjonskraft med stor trafikk i fjellet og nærområdet, og med stor trafikkbelastning gjennom kommunen med kritiske punkt m.a. i tunnelane på Strynefjellet på RV 15 vil FIG Lom vera ein viktig samarbeidspart.

Med bakgrunn i dette støttar Skjåk kommune 2-alternativet (Tilpasset framtidens samfunnsbehov) slik det er lagt fram i konseptutredninga. Dette samsvarer best med dei utfordringane vi sjølve definerar saman med styrkinga av FIG Lom.

Til toppen