Høringssvar fra Hjelmeland kommune

HØYRING KONSEPTUTREDNING FOR SIVILFORSVARET - UTTALE FRÅ HJELMELAND KOMMUNE

Dato: 09.06.2017

Svartype: Med merknad

Hjelmeland kommune viser til utsendt konseptutgreiing på høyring, og vil gi følgjande uttale og merknader til saka:

Generelt

Hjelmeland kommune støttar på generelt grunnlag tanke og målsetjing for Sivilforsvarets stilling i det sivile samfunn, om at Sivilforsvaret framleis skal bidra til å sikre vitale interesser for sivilbefolkninga, når dette er påkrevd i gitte situasjonar. Både i høve til uønska hendingar som kan oppstå i fredstid, samt moglege framtidige hendingar i krigs- og krisetider, er det viktig at Sivilforsvaret skal kunne vera viktig forsterkingsressurs for primæretatar og kommunar i handtering av slike hendingar. Det er då særs viktig at Sivilforsvaret har den kompetanse, mannskap, opplæring, ressursar og utstyr som skal til for å oppfylle slike målsetjingar. Framtidig organisering og ressurstilgang til Sivilforsvaret må då vera slik at ein kan få hjelp til styrking av eigne ressursar til handtering av hendingar innafor rimelege respons – og utrykkingstider, uavhengig av kommunars geografi og fysiske lokalisering. Framtidig organisering og lokalisering av Sivilforsvarets verksemd, må difor framleis bygge på ein desentral struktur, som kan gjera det mogleg med rask responstid og hjelp når det trengs.

 Behov for bistand og hjelp frå Sivilforsvaret

Hjelmeland kommune vil under uønska større hendingar, kunna ha behov for ekstern hjelp til trygging og stabilsering av viktige samfunnsfunksjonar, ved hjelp og bistand frå m.a. Sivilforsvaret sine ressursar, til m.a.:

  • Hjelp til flytting og evakuering av større grupper av folk på kort tid, t.d. under/etter større naturkatastrofer som flaum, storm, skred m.m.
  • Hjelp til forsyningsteneste og mellombels innkvartering av evakuerte, delar av befolkninga, lokalsamfunn m.m.
  • Større leiteaksjonar etter personar
  • Hjelp til opprethalding av primære samfunnsfunksjonar under ektreme situasjonar som utbrot av alvorlege folke-/dyresjukdomar/pandemiar, der heile/større delar av samfunnet må isolerast, og det krevst store ressursar til oppretthalding av viktig infrastruktur som forsyning, samferdslerelatert hjelp m.m.
  • Bistand til hendingar som større brannar, ev. forureining m.m.

Framtidig organisering og målsetjingar for Sivilforsvarets verksemd – Konseptutredningens konklusjon for val av alternativ for framtidig måloppnåing for Sivilforsvaret

Hjelmeland kommune viser til det som er nemnt framanfor om kommunens generelle tankar om mål som må gjelde for Sivilforsvarets verksemd for trygging av det sivile samfunn. Vidare vises til kva behov ein kommune som Hjelmeland kommune kan få når det oppstår uønska hendingar som krev bistand frå eksterne instanser for å forsterke den lokale evne til å takle slike hendingar, med ressursar som personell, kompetanse og utstyr frå Sivilforsvaret. Slik sett har Hjelmeland kommune allereie Sivilforsvaret som ein viktig ressurs som ekstern bistandsytar i vår beredskapsplanlegging/planar. 

Hjelmeland kommune meiner at målsetjinga om Sivilforsvaret som ein slik viktig ressurs for det sivile samfunn, betyr i klartekst at Sivilforsvaret må styrkast i den vidare drift og organisering, for å kunne møte så vel nåverande som framtidige utfordringar og behov 

Hjelmeland kommune vil understreka at det for ein kommune som Hjelmeland, framleis vil vera særs viktig at hjelp som Sivilforsvaret kan yte, må kunne vera tilgjengelege i løpet av ganske kort tid. Det betyr at Hjelmeland kommune er skeptisk til, og går mot forslag om reduksjon av tal distrikt frå 20 til 10, som vil vera ein konsekvens ved val av alternativ 2 , som tilrådd i rapporten. Hjelmeland kommune er og skeptisk til nedbemanning av mannskapsstyrkane frå 8000 til 6700, med mannskap stasjonert fast nokre få stader i landet; Etter det ein forstår til 4 faste kansernerte stader for mannskap i landet. 

Sjølv om tanken med betre og lengre utdanning for mannskapa i utgangspunktet er god, kan kommunen vanskeleg støtte eit opplegg som betyr færre distrikt, færre mannskap og sentralisert opplegg for attverande mannskapsstyrkar. Dette vil etter Hjelmeland kommunes meining bety ei svekking av Svilforsvarets totale betydning som viktig bistandsytar i trygging av liv og helse for sivilbefolkninga, i store delar av landet. 

Oppsummert

Hjelmeland kommune vil gå mot val av alternativ 2 for framtidig organisering av Sivilforsvaret, slik det er tilrådd i rapporten. Kommunen opplever dette alternativet som det mest sentraliserande, og framstår for Hjelmeland kommune som eit dårleg val i høve målsetjing om rask og effektiv hjelp frå Sivilforsvaret sine ressurasr ved behov for trygging av det sivile samfunn, same kvar behov oppstår i landet, sentralt eller desentralt.

Hjelmeland kommune vil vidare etter dette støtte val av alternativ 1 i konseptutgreiinga, likevel slik at det også under dette alternativet vert iverksett styrking av kompetanse og grunnutdanning m.m., etter element frå alternativ 2. Dette for å kunne imøtekomme framtidige utfordringar og behov for Sivilforsvaret, også etter det skisserte alternativ 1.

Med helsing 

Bjørn Laugaland

ordførar

 

Til toppen