Forsiden

Høringssvar fra Fylkesmannen i Rogaland

Dato: 14.09.2020

Fråsegn til høyring - forslag til lov om mellombels unntak frå kommunelova og lov om interkommunale selskap

Fylkesmannen i Rogaland viser til brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet av 07.09.2020, der ein ber om merknader til forslag til lov om midlertidig unntak fra kommuneloven og lov om interkommunale selskaper. Lovforslaget er todelt, og gjeld i stor grad høvet til å halde fjernmøte (deltakarane sit ikkje i same lokale, men kan sjå, høyre og kommunisere med kvarandre via tekniske hjelpemiddel). Bakgrunnen for lovforslaget er hovudsakeleg koronasituasjonen.

Kommunelova (koml.) § 11-7 første ledd opnar opp for at kommunestyre og fylkesting kan vedta at det er høve til å halde møte som fjernmøte. Det følger av føresegnas tredje ledd, jf. § 11-5 andre ledd, at det ikkje er høve til å halde visse typar møte som fjernmøte. Midlertidig forskrift om gjennomføring av fjernmøter i folkevalgte organer i kommunen og fylkeskommunen for å begrense spredning av Covid-19 blei oppheva 01.08.2020. § 5 i forskrifta ga kommunen og fylkeskommunen høve til å halde også slike lukka møte etter koml. § 11-5 andre og tredje ledd som fjernmøte. Denne føresegna blir gjeninnført i § 1 i ny lov, Utvidet adgang til å gjennomføre lukket møte som fjernmøte.

Midlertidig lov om unntak fra kommuneloven, IKS-loven og partiloven blir oppheva 16.09.2020. Det går fram av § 4 første ledd i lova at IKS-selskap kan halde møte i representantskap, styre og avviklingsstyret som fjernmøte. Vidare går det fram av § 4 anna ledd at medlemmer av organ i IKS-selskap kan nytta elektronisk signatur for å signere protokollar frå møta. Denne føresegna blir vidareført i § 2 i ny lov, Adgang til fjernmøter og elektronisk signatur i interkommunale selskaper.

Fylkesmannen i Rogaland sine merknader

Fylkesmannen i Rogaland støttar lovforslaget. Lovforslaget legg til rette for at kommunane, fylkeskommunane og IKS-selskap i størst mogleg grad kan halde fram med verksemda som normalt. Dette er viktig i den nye usikre kvardagen som følger av koronasituasjonen, der smittesituasjonen og påfølgande tiltak kan endrast dagleg. Vi har nokre kommentarar til forslaget:

Til § 1:

Fylkesmannen deler departementet sin føresetnad om at dei folkevalde er bevisst ansvaret dei har for å passa på at uvedkommande ikkje blir kjende med opplysningar med teieplikt. Dette kan gjerne tydeleggjerast i ei eventuell rettleiing til lova eller i lovførearbeida. På sama måte deler vi departementet sine forventningar knytt til kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar for å sikre trygge løysingar som gjer at uvedkommande ikkje får høve til å logge seg på møte dei ikkje har rett til å delta i.

Til § 2:

Departementet har mellom anna fått innspel om at den usikre smittesituasjonen tilseier at det bør vere utvida høve til fjernmøte, men òg at det tar lang tid å innhente fysiske signaturar på grunn av redusert postombering. Redusert postombering er ei permanent løysing som i utgangspunktet ikkje bør grunngje ei mellombels lov. Det auka behovet for å innhente fysiske signaturar per post verkar likevel å vere knytt tett opp mot behovet for fjernmøte.

Harald Thune ass. fylkesmann

Monica Nessa avdelingsdirektør