Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra KANDU - norsk dataungdom

Dato: 29.08.2019

KANDU er ei frivillig foreining for 7000 datainteressert ungdom som bur over heile landet. Vi starta aktiviteten i 1992, og arrangerer blant anna det største datatreffet i Noreg, The Gathering, i Vikingskipet kvar påske. Kvar veke blir det arrangert datatreff, som samlar ungdom med datainteresse for å spele, lære og utforske teknologi i eit sosialt og trygt miljø. Mange av datatreffa er unge sitt første møte med teknologimiljø.

Vi viser til NOU 2019:11 «Enklere merverdiavgift med én sats» frå regjeringa, og takkar for anledninga å kunne kome med svar til denne.

KANDU er positiv til forenkling av meirverdiavgiftsystemet men forslaget frå utvalet er ikkje forenkling men vil komplisere drifta til datatreff og sannsynlegvis føre til nedlegging av frivillig ungdomskultur.

Byråkrati-auke demper interessa

Datakulturarrangement i Noreg er nesten utelukkande driven av frivillige, og ikkje av kommersielle selskap med fast ansette. Dei frivillige gjør alt frå planlegging gjennom heile året til regnskapsføringa av bilag. Det kan ikkje på nokon måte forventast at frivillige kan eller skal forholde seg til moms-systemet, moms-regnskap og moms-registrering.

Trekkes utvalgets resonnement, med éin felles sats uten unntaksreglar, til sin naturlige konklusjon,, vil det føre til at alle organisasjonar, også frivillige foreininger, må moms-registrerast.

Når ein legg til at de fleste frivillige er under 20 år, og ein del òg under 16 år, er det tydeleg at innføring av krav om moms-registrering samt føring av meirverdiavgift-rekneskap vil gjere at mange frivillige organisasjonar og frivillige arrangement ikkje vil kunne halde fram med drifta si. Dei aller fleste foreninger med aktivitet innan det digitale kulturfeltet har i dag omsetning som er så lav at de er unntatt fra moms-registrering etter dagens regelverk.

Det er allereie no vanskeleg å finne frivillige som vil ta “dei kjipe oppgåvane” som kasserar og liknande, og sannsynlegvis tilnærma umogleg om det leggjast på endå meir komplisert rekneskap med krav om rapportering til skatteetaten gjennom heile året.

Senkast beløpsgrensa for når ein frivillig organisasjon må registrere seg i moms-registeret vil det få dramatiske konsekvensar. Om utvalet faktisk ville forenkle hadde dei foreslått å auke innslagspunktet for når ein organisasjon vert pliktig til å moms-registrere seg, til dømes til 500.000 kroner. Vi viser her til høyringssvaret frå Virke som viser at dette vil ha ei avgrensa provenyeffekt.


Nye momsreglar kuttar inntektane i frivilligheita

Moms er ei avgift som betalast av forbrukarane. Forslaget frå utvalet vil i stor grad føre til auka prisar for dei som kjøpar billettar til kulturarrangement. Datakultur har sidan 2009 vore eksplisitt untatt frå moms, saman med liknande arrangement som rollespel, brettspel og liknande.

Det store fleirtalet av deltakarar på datakultur-arrangement er ungdomar under 20 år, og personar med låg inntekt. Deltakarane betalar billettar og andre kostnadar for deltaking sjølv, og det er ikkje realistisk at organisasjonane kan overføre ei momsauke på 23% direkte over på deltakarane uten at salet av billettar vert redusert. Ei slik kostnadsauke vil sannsynlegvis føre til eit så stort tap i omsetning at mange arrangement må leggje ned.

Fjerning av frådrag er kostnadsauke

Ein stor del av kostnadane til kulturarrangement er i dag fritatt for meirverdiavgift, har null eller låg moms-sats, som til dømes leige av lokaler og tenester knytt til ljus og ljud til sceniske formål. Dersom fritaka blir fjerna, vil dette direkte bety auka kostnadar for arrangørar.

Når i tillegg kostnadar som i dag har låg sats, som mat til frivillig personale, går opp til full sats vil kostnadsauka vere vanskeleg å bere.

Norsk datakultur

Norsk datakultur, medrekna datatreff og spelarrangement, er saman med annan ungdomskultur særeigen i at det nesten utelukkande er frivillig og ikkje-kommersiell driven. Data og dataspel er ein av dei mest populære fritidsaktivitetane blant unge i dag, uansett kjøn. Samstundes er det relativt få organiserte aktivitetar for dei som har ein datainteresse.

Organiserte fritidsinteresser har store samfunnsmessige fordelar og styrkar ungdomar si demokratideltaking, skapar varierte og rusfrie fritidstilbod og aktivitet over heile landet - frå by til bygd. Verda av dette er stadfesta fleire gongar av det offentlege, til dømes i Dataspillmeldinga og Ot.prop 1 (2009-2010) kor meirverdiavgift vart fjerna for frivillig og ikkje-kommersiell datakultur samt slekta områder som rollespel, brettspel og liknande.

Datatreff er unike arrangement kor ungdom arrangerer for annan ungdom, gjerne på plassar kor det ikkje er eit vidspredt aktivitetstilbod. I tillegg til å skape lågterskel aktivitetstilbod, er det å arrangere i seg sjølv ein viktig aktivitet for mange som elles ikkje ville vore fått erfaring med planlegging, rekneskap, gjennomføring av større arrangement og demokratiske prosessar. Dette er døme av kompetanse dei tek med seg vidare inn i arbeidslivet.

At vi her i landet nesten utelukkande har organisert slik aktivitet i medlemsbaserte organisasjonar utan nokon som får pengar for det, er ein særeigen styrke som vi burde ta vare på.

Manglar i ordningane i dag

Det er en bred politisk samde på Stortinget om at frivilligheita ikkje skal betale moms, og det blir kvart år løyva pengar til momskompensasjonsordninga for frivilligheita. Denne ordninga gjev i dag refusjon for delar av kostnadane som er moms-belagt for frivilligheita. Ordninga er underfinansiert, noko som resulterer i at frivillige foreiningar ikkje får full refusjon av moms-pliktige kostnadar.

Med den framlagte løysninga til ekspertutvalet vil moms-presset for frivillige foreiningar auke, også på utgiftssida. Vi legg til grunn at ved ei større omlegging av momssystemet vil momskompensasjonsordninga sin forenkla modell justerast slik at den er i samsvar med den til einkvan tid gjeldande moms-regelverk og at momskompensasjonsordninga blir fullfinansiert og blir løyva som rammeoverføring. Først då vil Stortinget sin intensjon om at frivilligheita ikkje skal betale moms bli realisert.

Hovudpunkt

  • Unntaka for frivilligheita må bli vidareført slik som ordninga er i dag

  • Innslagspunktet for når ein frivillig organisasjon må bli registrert i momsregisteret aukast til 500.000 kroner i året

  • Momskompensasjonsordninga for frivilligheita må regelstyrast og bli fullfinansiert.

Bjørn Petter V. Kysnes, styreleiar

Karl Fredrik Haugland, nestleiar og politisk ansvarleg

Andreas-Johann Østerdal Ulvestad, styremedlem og kasserar

Vedlegg

Til toppen