Høringssvar fra HAFS Regionråd

Dato: 14.01.2020

Fråsegn frå HAFS Regionråd til «NOU 2019: Skattlegging av havbruk»

Vi viser til høyringsbrev datert 04.11.2019 og har følgjande merknader til utvalet sine framlegg:

  • Inntektene frå skattlegging av oppdrettsnæringa bør primært komme vertskommunane til gode. Det er i desse kommunane næringa konkurrerer med andre interesser om fellesarealet på sjøen, og det er i desse kommunane det kan leggast til rette for ny vekst i næringa. Overføring til andre kommunar gjennom skatteutjamningssystemet vil ikkje kompensere for særskilte ulemper eller stimulere samarbeidet om tilrettelegging for innovativ og berekraftig vekst.
  • Oppdrettsnæringa er i stor grad lokalisert i distriktskommunar med store areal og høvesvis låg folketettleik. Næringa er heilt avhengig av at ein maktar å utvikle god infrastruktur og gode offentlege tenestetilbod også i slike kommunar. Difor bør hovudtyngda av skatteinntektene gå nettopp til desse kommunane. Ei fordeling etter folketal i ein skatteutjamningsmodell vil i realiteten sentralisere tenester og kapital bort frå distriktskommunane langs kysten.

· Gjennom ordninga med auksjonering av nye konsesjonar sikrar ein at næringa sine skatteutgifter (prisen på konsesjonane) reflekterer den internasjonale lakseprisen. Med ei mindre produksjonsavgift i tillegg, kan ein sikre føreseielege inntekter som alle vertskommunane kan nytte til infrastruktur, tenestetilbod og samarbeid med næringa om innovativ og berekraftig vekst. Vidareføring av eigedomsskatten vil ha same geografiske målretta effekt.

· For å sikre eit best mogeleg samarbeid mellom vertskommunane og havbruksselskapa om innovasjon og berekraft for vår viktigaste vekstnæring i åra som kjem, ynskjer HAFS Regionråd at «Havbruksskatteutvalet» sitt mindretalsframlegg vert lagt til grunn for framtidig skattlegging av havbruksnæringa.

Med helsing

Hallvard Oppedal

Leiar i HAFS Regionråd

Vedlegg