Høringssvar fra Amalie Havåg
Ei vindkraftutbygging vil endre fjella for alltid med store veganlegg og vindturbinar. Det er vorte kjend at nærleik til slike industriområder vil påverke folkehelsa, fugle-og dyreliv, øydelegge natur og splitte befolkninga sosialt.
Det fremmer verken bulyst, forretningsverksemd eller reiselivet i kommunen og regionen.
I tillegg vil dette påverke boligprisar i nærleiken av vindturbinane. Fastbuande i nærleik til slike vindturbinar vil bli påvirka negativt i alt for stor grad.
Det er ikkje verdt det, å øydelegge store og for mange veldig viktige naturområde for den grøne energien, når det er så mange andre tiltak som kan prøvast fyrst. Eit par eksempel på dette er å oppgradere eldre og allereide eksisterande vasskraftverk og tiltak for å redusere straumforbruk, t.d meir fokus på ENØK.
Viser også til høyringssvar frå Hareid kommune. Det vart oppretta underskriftskampanje av underteikna, og 366 av minimum 102 underskrifter blei sanka inn i løpet av knappe to døgn. Dette viser at motstanden er stor i kommuna, og i regionen generelt når ein ser alle underskriftskampanjene som har vore også i nabokommunene.
Med dette vil eg få sagt at det er heilt totalt uaktuelt med vindturbinar i mitt nærområde.